Lenke til Stortingets hovedside  

Innst.S.nr.83 (2004-2005)
Innstilling frå kommunalkomiteen om tilbakeføring av selskapsskatt til kommunane og omlegging av inntektsutjamninga


oversikt første" forrige

3. Tilråding frå komiteen

       Komiteen har elles ingen merknader, viser til meldinga og rår Stortinget til å gjere slikt

vedtak:

I

       Stortinget avviser forslaget frå Regjeringa om tilbakeføring av selskapsskatten og omlegging av inntektsutjamninga.

II

       Stortinget ber Regjeringa syte for at Inntektssystemutvalet gjer ei vurdering av om ein del av selskapsskatten bør førast tilbake til kommunane, vurdere inntektsutjamninga i forhold til verknadene av selskapsskatten og bruk av verkemiddel som i større grad enn skatt kan motivere til samarbeid mellom kommunar om næringspolitikk.

III

       St.meld. nr. 5 (2004-2005) - om tilbakeføring av selskapsskatt til kommunane og omlegging av inntektsutjamninga - blir å leggje ved protokollen.

Oslo, i kommunalkomiteen, den 7. desember 2004

Magnhild Meltveit Kleppa
leiar
Reidar Sandal
ordførar




oversikt første" forrige


Sist oppdatert 8. nov 2005 av Stortingets administrasjon