|
Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, leiaren Olav Akselsen, Bendiks H Arnesen, Grethe Fossli og Aud Gaundal, frå Høgre, Silja Ekeland Bjørkly, Ivar Kristiansen og Michael Momyr, frå Framstegspartiet, Øystein Hedstrøm og Lodve Solholm, frå Sosialistisk Venstreparti, Åsa Elvik og Inge Ryan, frå Kristeleg Folkeparti, May-Helen Molvær Grimstad og Einar Steensnæs, og frå Senterpartiet, Odd Roger Enoksen, viser til handsaminga av breibandsmeldinga, jf Innst.S.nr.133 (2003-2004), der BaneTele vart omtala. Fleirtalet ba Regjeringa koma tilbake med ei eiga sak om selskapet si rolle i breibandsmarknaden, framtidige organisering og eigarskap. Komiteen merkar seg at Regjeringa jobbar vidare med desse spørsmåla.
I denne saka tek komiteen kun stilling til det framlagte forslaget om å tilføra selskapet meir kapital. Komiteen viser ellers til vedlagte brev fra Nærings- og handelsdepartementet datert 24. januar 2005.
Komiteen merkar seg at selskapet si drift utviklar seg positivt. Komiteen ser òg positivt på at forholdet til Jernbaneverket går i retning av ei løysing. Komiteen merkar seg styret si grunngjeving for og tilråding til kapitalutviding.
Komiteen vil støtta opp om den positive utviklinga i selskapet, og gir si tilslutning til Regjeringa sitt forslag.