|
Olje- og energidepartementet viser i kapittel 3 i St.prp. nr. 17 (2004-2005) om Statleg garanti knytta til deponi for lågradioaktivt avfall, til at det ved produksjon av olje og gass blir danna avleiringar i røyr og anna produksjonsutstyr, og som kan innehalde konsentrasjonar av naturleg førekommande lågradioaktive stoff (LRA). I påvente av eit permanent deponeringsalternativ, blir i dag meir enn 200 tonn LRA mellombels lagra på oljebasar langs norskekysten etter tillating frå Statens strålevern. Statoil eig det meste av dette avfallet og har det fordelt på basar i Florø og på Sotra. Statens strålevern har gitt mellombels løyve til å lagre LRA på denne måten.
Nor Engineering AS har sia 1998 arbeidd med å etablere eit deponi for LRA i Sokndal i Rogaland. Dei naudsynte kommunale vedtaka er fatta, og det er gjennomført ei konsekvensutgreiing etter plan- og byggingslova. Statens strålevern gav i februar 2004 løyve for drift av deponi i Sokndal til Nor Engineering Miljø AS - med krav til statleg garanti for drifta. Føremålet med statleg garanti er å sikre forsvarleg lagring av deponert avfall, og eventuelt mottak og lagring av ytterlegare avfall på lang sikt. Det er gitt driftstillating for eit anlegg med kapasitet på inntil 3.350 tonn ferdig stabilisert LRA, dvs. om lag 1.675 tonn LRA.
Det er også planar om å etablere eit deponi for LRA i Gulen kommune i Sogn og Fjordane, men det må først gjerast ei konsekvensutgreiing som truleg vil ta 1-2 år.
Regjeringa ønskjer å få på plass ei løysing for permanent lagring av LRA frå oljeindustrien. Det er ikkje klart om eit deponi i Gulen vil få dei naudsynte løyva og dermed vil kunne bli eit reelt alternativ til Sokndal. Regjeringa foreslår i proposisjonen at staten følgjer opp kravet frå Strålevernet om statleg garanti for deponiet i Sokndal. Utforminga av forpliktinga vil ein måtte ta opp til ny vurdering dersom eventuelle endringar i lovverket skulle tilseie det, eller ved trong for endring av beløpsgrensa.
Statens utgifter ved utløysing av ein garanti for deponiet i Sokndal er rekna å liggje innanfor ei ramme på 5 mill. kroner. Det er då ikkje tatt høgde for kostnader til overvaking seinare år dersom deponiet blir stengt. Dersom forpliktinga til staten krev løyving utover ramma på 5 mill. kroner, vil dette bli forelagt Stortinget på vanleg måte.