|
I samsvar med § 75 bokstav i) i Grunnlova, legg departementet med dette fram for Stortinget ei liste over dei pensjonane som gjeld mellombels, og som ikkje blei reviderte av det førre Stortinget.
Heile summen av pensjonar som blei utbetalt i 2004, var på 15.167 000 kroner. Det er løyvd 16.800 000 kroner på kap. 1541 post 1 Pensjonar frå statskassa, på statsbudsjettet for 2005.
For enkjer/enkjemenn gjeld pensjonen så lenge dei er ugifte.
Departementet nemner særskilt pensjonsrettar i Statens Pensjonskasse i karanteneperiode, « retningslinjer for karantene og saksforbud for embets- og tjenestemenn ved overgang til ny stilling », med verknad frå 15. februar 2005.
Departementet tek sikte på å endre lov om Statens Pensjonskasse slik at ein for framtida vil kunne godskrive karantenetida med heimel i lov. Då skal tidlegare arbeidsgjevar dekkje pensjonskostnadene i karantenetida tilsvarande vanleg medlemskap i Statens Pensjonskasse.