Lenke til Stortingets hovedside  

Innst.S.nr.217 (2004-2005)
Innstilling frå familie-, kultur- og administrasjonskomiteen om erstatningsordningar for barn i barneheimar og spesialskular for barn med åtferdsvanskar


oversikt første forrige neste

3. Tilråding frå komiteen

       Komiteen viser til sine merknader og til meldinga og rår Stortinget til å gjere slike

vedtak:

I

       Stortinget tilkjenner erstatning etter ei utvida og tilpassa rettferdsvederlagsordning for dei tidlegare barneheims- og spesialskuleelevane for eit beløp på inntil 300.000 kroner.

II

       Stortinget tilkjennegir erstatning etter ei utvida og tilpassa rettferdsvederlagsordning for dei barna som blei plassert av det offentlege i fosterheim for eit beløp på inntil 300.000 kroner.

III

       St.meld. nr. 24 (2004-2005) - om erstatningsordningar for barn i barneheimar og spesialskular for barn med åtferdsvanskar - vedlegges protokollen.

Oslo, i familie-, kultur- og administrasjonskomiteen, den 31. mai 2005

Sonja Irene Sjøli
leiar
Eli Sollied Øveraas
ordførar




oversikt første neste


Sist oppdatert 8. nov 2005 av Stortingets administrasjon