|
Rådet for Den europeiske unionen vedtok 13. desember 2004 forordning (EF) nr. 2252/2004 om standarder for sikkerhetselementer og biometriske identifikatorer i pass og reisedokumenter som medlemsstatene utsteder. Rådsforordninga stiller krav til auka tryggleik ved utferding av pass og reisedokument i form av biometriske data som andletsbilete og fingeravtrykk som skal lagrast elektronisk i dokumentet.
Innføring av biometrisk personinformasjon i pass og reisedokument i Schengen-området skal hindre forfalsking og bruk av uriktig pass ved grensekontroll. Desse tiltaka vil vere eit viktig tilskot når det gjeld å hindre terrorisme og annan alvorleg grenseoverskridande kriminalitet. Samtidig reiser bruken av biometrisk personinformasjon viktige spørsmål knytte til personvern. Rådsforordninga gjev difor reglar som avgrensar bruken av slike data.
USA har vedteke at det frå 26. oktober 2005 skal krevjast andletsbiometri i pass som vilkår for framleis visumfri innreise til USA for reisande med pass utferda etter denne datoen. Reisande med pass utferda før denne datoen vil framleis kunne reise visumfritt så lenge passet er gyldig, dersom passet er maskinlesbart. Bruk av biometri inneber at fysiske karakteristika som er unike for vedkomande person, vert lagra elektronisk i passet. Med tilpassa lesarutstyr på grensekontrollstaden skal biometriske data i passet kunne samanliknast med den aktuelle personen for å stadfeste at vedkomande er rett innehavar.
Etter rådsforordninga skal høvesvis andletsbilete (foto) og fingeravtrykk lagrast elektronisk i passet etter ein standard som gjer at denne informasjonen kan lesast og samanliknast med innehavaren av dokumentet på grensekontrollstaden. Slik bruk av elektronisk personinformasjon må forankrast i lov, jf mellom anna personopplysningslova. Spørsmåla knytte til personvernet med omsyn til bruk av biometri er av til dels ny og prinsipiell karakter og er ikkje tilfredsstillande omfatta av gjeldande lovgjeving. Forslag til lovendringar er tekne inn i Ot.prp.nr.86 (2004-2005) om endringer av passloven.
Både utferding av pass og kontrollen av passa vil ha som føresetnad at den biometriske informasjonen må lagrast i eksterne databasar. Her vil det vere naudsynt med lovreglar om plikt til sletting av slik informasjon når han ikkje trengst lenger.
Rådsforordninga omfattar òg offisielle pass (diplomatpass osv.). Ei ny lovregulering må utformast med sikte på også å gje bruken av biometri i desse passa den naudsynte lovforankringa.
Innanfor den vedtekne budsjettramma for 2005 har Justisdepartementet alt sett av 24 mill. kroner til dekning av aktuelle kostnader med sikte på oppstart av produksjon av pass med biometri frå 1. oktober 2005. For 2006 er det vurdert at meirkostnaden knytt til investeringar og auka produksjonskostnader vert 48 mill. kroner.
For å vareta norske interesser knytte til framleis visumfri innreise til USA er Regjeringa alt i gang med å førebu utferding av pass med biometri. I første omgang gjeld det andletsbilete (foto) lagra elektronisk i passet frå 1. oktober 2005. I tillegg vil rådsforordninga krevje at Noreg innfører biometri i form av elektronisk lagra fingeravtrykk i pass med ein frist seinast ved årsskiftet 2007/2008.
Justisdepartementet tilrår at Noreg godtek innhaldet i rådsforordning (EF) nr. 2252/2004 om standarder for sikkerhetselementer og biometriske identifikatorer i pass og reisedokumenter som medlemsstatene utsteder. Utanriksdepartementet sluttar seg til dette.