Lenke til Stortingets hovedside  

Innst.S.nr.243 (2004-2005)
Innstilling fra utenrikskomiteen om samtykke til inngåing av ein samarbeidsavtale mellom Noreg og Eurojust for å styrkje kampen mot alvorlege former for internasjonal kriminalitet


oversikt første forrige neste

Sammendrag

       EU-samarbeidet om kamp mot kriminalitet, som er ein del av samarbeidet på justis- og innanriksområdet, er blitt vesentleg styrkt dei seinare åra. Maastrichttraktaten, som trådde i kraft 1. november 1993, innførte føresegner om politi- og strafferettssamarbeid. Samarbeidet bygde på allmenne folkerettslege prinsipp, dvs. på konvensjonar. Denne delen av justissamarbeidet vart vidareført som folkerettsleg samarbeid under Amsterdamtraktaten, som trådde i kraft 1. mai 1999. Desse spørsmåla er nærare omtala i St.meld. nr. 27 (2001-2002).

       I den nye EU-forfatningstraktaten vil det meste av samarbeidet på politi- og strafferettsområdet bli overnasjonalt ved at det vert lagt til fellesskapsinstitusjonane, på linje med anna samarbeid i Det europeiske fellesskapet.

       Noreg er delvis med i politi- og strafferettssamarbeidet i EU gjennom assosieringsavtalen for Schengen-regelverket. Dette regelverket regulerer visse sider av politisamarbeidet, i tillegg til at det har enkelte reglar om gjensidig hjelp i straffesaker, ved utlevering og ved soningsoverføring.

       Føresegnene i det opphavlege Schengen-regelverket blir etter kvart erstatta av nye instrument. I den grad denne utviklinga er ei vidareutvikling av Schengen-regelverket, deltek Noreg i utforminga av desse føresegnene. Det er ein føresetnad at Noreg godtek og gjennomfører desse reglane i nasjonal rett.

       Størstedelen av politi- og strafferettssamarbeidet i EU fell likevel utanfor Schengen-regelverket. Noreg har allereie inngått ein avtale med Den europeiske politieininga (Europol) som etablerer eit samarbeid på ei rekkje kriminalitetsområde, jf. St.prp. nr. 98 (2000-2001). Noreg har også underteikna ein avtale med EU om bruk av enkelte artiklar i konvensjonen om gjensidig rettsleg assistanse i straffesaker av 29. mai 2000, med tilleggsprotokoll av 16. oktober 2001.

       Eurojust vart oppretta av EU-rådet den 28. februar 2002 som samarbeidsorgan for dei nasjonale påtalemaktene i EU-landa med sikte på å styrkje kampen mot alvorlege former for internasjonal kriminalitet. Organisasjonen held til i Haag. Eurojust er samansett av representantar for påtalemakta i dei einskilde medlemslanda, som til saman utgjer kollegiet, og ein mindre administrativ fellesstab. Kollegiemedlemmene arbeider på heiltid i Eurojust.

       Eurojust skal fremje og forbetre koordineringa mellom medlemsstatane når det gjeld etterforsking og rettsforfølging, mellom anna ved å leggje til rette for gjensidig bistand i straffesaker og utleveringssaker. I tillegg skal Eurojust yte anna støtte med sikte på å effektivisere etterforsking og rettsforfølging. Kamp mot terrorisme er eit prioritert felt. Det same gjeld samarbeidet med Europol, som norske styresmakter legg stor vekt på.

       Avtalen som er framforhandla, skal styrkje samarbeidet mellom Noreg og Eurojust når det gjeld alvorlege former for internasjonal kriminalitet, særleg organisert kriminalitet. Samarbeidet omfattar heile kompetanseområdet til Eurojust.

       Deltaking i dette styrkte samarbeidet på europeisk nivå vil etter Regjeringa si oppfatning gjere den norske påtalemakta meir effektiv i kampen mot alvorleg internasjonal kriminalitet og terrorisme.

       Gjensidig informasjonsutveksling er ein sentral del av dette samarbeidet mellom påtalemaktene. Noreg og Eurojust vil kunne utveksle relevant informasjon i det omfang som er nødvendig for å oppfylle siktemåla med avtalen.

       Avtalen krev at ein norsk representant vert utplassert ved Eurojust.

       Avtalen antas å vere av ein slik viktigheit at Stortinget sitt samtykke er nødvendig i medhald av Grunnlova § 26 annet ledd.



oversikt første neste


Sist oppdatert 8. nov 2005 av Stortingets administrasjon