|
I denne proposisjonen legg Forsvarsdepartementet fram to saker:
| - | forslag om regulering av dimisjonsgodtgjersla for utskrivne vernepliktige mannskap frå 1. juli 2005, og |
| - | endring i gradsnivå for militære embete. |
Forslaget til regulering er basert på mellomoppgjeret mellom staten og LO-Stat, Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund-Stat og Utdanningsgruppenes Hovedorganisasjon. Det tilrådde lønsoppgjeret for statstilsette i lønsramme 1 alternativ 1 gav som resultat eit kronetillegg på 4.000 på A-tabellen med verknad frå 1. mai 2005.
Departementet meiner det er naturleg og rimeleg at det i år blir gitt regulering som for lågaste begynnarløn for vaksen, ufaglært arbeidskraft i staten, det vil seie ei regulering på 2,04 % med verknad frå 1. juli 2005. Både Stortinget og dei vernepliktige er opptatt av å styrke dimisjonsgodtgjersla. Departementet tilrår derfor å nytte heile summen til auke i dimisjonsgodtgjersla. Dei vernepliktige med 12 månaders teneste vil med denne endringa motta 1.500 kroner meir i dimisjonsgodtgjersle.
Forslaget inneber følgjande regulering i dimisjonsgodtgjersla frå 1. juli 2005:
| - | Dimisjonsgodtgjersle for 12 månaders teneste frå kr 15.000 til kr 16 500. |
Meirutgiftene som følgje av forslaget er utrekna til 6.750 mill. kroner for 2005.
Regulativendringar for militære vernepliktige mannskap utløyser tilsvarande verknad for dei sivile vernepliktige. Dette følgjer av militærnekterlova § 18. Meirkostnadane for siviltenesteforvaltninga for andre halvår 2005 er utrekna til 1.473 mill. kroner.
Med handsaminga av Innst.S.nr.198 (1995-1996) til St.prp. nr. 38 (1995-1996) blei den nedre grensa for militære embete fastsett til gradsnivå oberst/kommandør.
I proposisjonen gav departementet uttrykk for at det ville vurdere ei ytterlegare oppjustering av nedre grense for militære embete. I innstillinga har komiteen merka seg vurderinga til departementet og sagt seg samd i målet om betre jamstilling mellom militære og sivile leiarstillingar i Forsvaret og statleg verksemd elles, i høve til kva som blir definert som embete.
Etter den nedre grensa for militære embete som gjeld i dag, er det totalt omlag 240 embete frå gradsnivået oberst/kommandør til general/admiral. Av disse er om lag 164 oberst/kommandør, omlag 52 er brigader/flaggkommandør og om lag 25 har grad som general/admiral.
For å få betre jamstilling mellom militære og sivile leiarstillingar i Forsvaret og resten av statsforvaltninga, og å nå målet om reduksjon i talet på militære embete, er departementet kome til at det nå vil vere riktig å endre det fastsette gradsnivået for militære embete. Departementet vil derfor gjere framlegg om at gradsnivået for militære embete blir fastsett ikkje lågare enn brigader/flaggkommandør. Militære leiarstillingar i departementet vil på same vis som sivile leiarstillingar i departementet vere embetsstillingar.
Departementet finn det ikkje lenger naturleg at embetsgradsnivået for militære stillingar blir fastsett av Stortinget. På den måten vil departementet få den naudsynlege fleksibiliteten for justering av embetsnivået for militære stillingar sett i lys av samfunnsutviklinga elles.