Innst.S.nr.279 (2004-2005)
Innstilling frå sosialkomiteen om trygdeoppgjeret 2005
Samandrag
Det blir i proposisjonen fremja
forslag om å regulere grunnbeløpet i folketrygda og å auke dei løyvingane på
statsbudsjettet for 2005 som blir påverka av reguleringa.
Det blir gjort greie for drøftingane
mellom staten, Norsk Pensjonistforbund, Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon
og Landsorganisasjonen i Noreg som blei haldne 24. og 25. mai 2005.
Regjeringa og dei tre organisasjonane vart samde om å auke grunnbeløpet med
1.921 kroner frå 1. mai 2005.
Det blir uttala at staten i
drøftingane har teke utgangspunkt i retningslinjene for regulering av
pensjonistane sine inntekter som Stortinget vedtok 28. mai 2003, jf.
Innst.S.nr.223
(2002-2003).
Organisasjonane fremja eit krav om
oppregulering av grunnbeløpet med 2.142 kroner frå 1. mai 2005 som innebar
ei årslønsvekst for pensjonistane på 3,5 prosent. Statens tilbod på ein
auke på 1.920 kroner innebar ei årslønsvekst for pensjonistane på 3,3
prosent.
Staten, Norsk Pensjonistforbund,
Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon og Landsorganisasjonen i Noreg vart
samde om å auke folketrygdas grunnbeløp med 1.921 kroner til 60.699 kroner
frå 1. mai 2005. Det gir ein vekst i grunnbeløpet på gjennomsnittleg 3,3
prosent frå 2004 til 2005.
Etter framlegget aukar pensjonane til
einslege minstepensjonistar med 3.444 kroner per år til kr 108.852 per år.
For ektepar der begge er minstepensjonistar, aukar pensjonen med 9.264
kroner per år til 199.512 kroner per. år. Utrekninga tek omsyn til at
grunnpensjonen for ektepar og sambuande pensjonistar frå 1. mai 2005 auka
frå 0,825 G til 0,85 G for kvar pensjonist.
Meirutgiftene ved framlegget vert på
om lag 3.340 mill. kroner. I tillegg kjem auka utgifter til
statspensjonane, jf.
St.prp. nr. 73 (2004-2005).
Tabellen nedanfor syner utviklinga i
minstepensjonane og pensjonane for unge uføre frå 1. januar 1990 etter
forslaget til pensjonsregulering.
Utvikling av minstepensjonane og pensjonane for unge uføre i perioden 1.
januar 1990-30. april 2006. Kroner
| |
Einslege | Ektepar |
Unge uføre fødde før 1941 |
| |
Per år | Per mnd |
Per år | Per mnd |
Per år | Per mnd |
| 1.01.90-30.04.90 |
51.839 | 4.320 |
83.972 | 6.998 |
56.748 | 4.729 |
| 1.05.90-30.11.90 |
54.220 | 4.518 |
87.960 | 7.330 |
58.980 | 4.915 |
| 1.12.90-30.04.91 |
54.378 | 4.532 |
88.217 | 7.351 |
65.2901 | 5.4411 |
| 1.05.91-30.04.92 |
56.978 | 4.748 |
92.158 | 7.680 |
75.6882 | 6.3072 |
| 1.05.92-30.04.93 |
58.583 | 4.882 |
94.752 | 7.896 |
85.7753 | 7.1483 |
| 1.05.93-31.12.93 |
59.868 | 4.989 |
96.816 | 8.068 |
87.6484 | 7.3044 |
| 1.01.94-30.04.94 |
59.868 | 4.989 |
101.0885 | 8.4245 |
87.6484 |
7.3044 |
| 1.05.94-31.12.94 |
61.116 | 5.093 |
103.200 | 8.600 |
89.4844 | 7.4574 |
| 1.01.95-30.04.956 |
61.512 |
5.126 | 103.992 |
8.666 | 89.4844 |
7.4574 |
| 1.05.95-30.04.96 |
63.372 | 5.281 |
107.136 | 8.928 |
92.184 | 7.682 |
| 1.05.96-30.04.97 |
66.240 | 5.520 |
111.984 | 9.332 |
96.360 | 8.030 |
| 1.05.97-30.04.987 |
69.360 |
5.780 | 117.456 |
9.788 | 105.672 |
8.8018 |
| 1.05.98-30.04.999 |
81.360 |
6.780 | 140.040 |
11.670 | 112.752 |
9.396 |
| 1.05.99-30.04.00 |
84.204 | 7.017 |
144.912 | 12.076 |
116.676 | 9.723 |
| 1.05.00-30.04.01 |
88.032 | 7.336 |
151.512 | 12.626 |
121.992 | 10.166 |
| 1.05.01-30.04.02 |
92.100 | 7.675 |
158.520 | 13.210 |
127.632 | 10.636 |
| 1.05.02-30.04.03 |
97.140 | 8.095 |
167.208 | 13.934 |
134.616 | 11.218 |
| 1.05.03-30.04.04 |
101.964 | 8.497 |
181.20010 | 15.100 |
141.300 |
11.775 |
| 1.05.04-30.04.05 |
105.408 | 8.784 |
190.24811 | 15.854 |
146.064 |
12.172 |
| 1.05.05-30.04.06 |
108.852 | 9.071 |
199.51212 | 16.626 |
150.840 |
12.570 |
| 3 | Frå
1. januar 1993 (Pga. hevinga av aldersgrensa). |
| 4 | Fødde
før 1943 (1.1.26-31.12.42). |
| 5 | Heving
av sats for særtillegget for ektepar frå 1. januar 1994. Ny sats 2x60,5 prosent
av grunnbeløpet, dvs. dobbelt av ordinær sats og ny minstesats. |
| 6 | Heving
av særtilleggssatsen frå 1. januar 1995. Ordinær sats utgjorde 61,55 prosent
av grunnbeløpet. |
| 7 | Heving
av særtilleggssatsen frå 1. mai 1997. Ordinær sats utgjer 63,2 prosent av grunnbeløpet
(minstesats 57,5 prosent). |
| 8 | Auking
av garantert poengtall frå 3 til 3,3. |
| 9 | Heving
av særtilleggssatsen frå 1. mai 1998. Ordinær sats utgjer 79,33 prosent av grunnbeløpet,
medan minstesats utgjer 74 prosent av grunnbeløpet. |
| 10 | Grunnpensjonen
for ektepar auka frå 0,75 G til 0,8 G frå 1. mai 2003. |
| 11 | Grunnpensjonen
for ektepar auka til 0,825 G frå 1. mai 2004. |
| 12 | Grunnpensjonen
for ektepar auka til 0,85 G frå 1. mai 2005. |
Kjelde: Rikstrygdeverket
Grunnbeløpet og pensjonen for einslege
minstepensjonistar auka med 3,89 prosent frå 2003 til 2004. For ektepar og
sambuande pensjonistar med minstepensjon var auken 6,1 prosent. Lønsveksten
for lønstakarar i alt var 3,6 prosent frå 2003 til 2004.
Det blir i proposisjonen gjort greie
for dei særlege skattereglane for pensjonistar som i 2005 i hovudsak er ei
vidareføring av skattereglane frå 1992.
Reguleringa har òg konsekvensar for
krigspensjoneringa, og for 2005 blir det rekna med meirutgifter på 6 mill.
kroner for krigspensjoneringa for militærpersonar og på 13 mill. kroner for
krigspensjoneringa for heimestyrkepersonell og sivilpersonar.
Krigspensjonane blir samordna med pensjonar frå folketrygda. Det blir gjort
framlegg om at løyvinga under kap. 660 Krigspensjonering aukar med 19 mill.
kroner for 2005.
På bakgrunn av at avtalefesta pensjon
og pensjonstrygda for sjømenn skal regulerast i høve til ytingane frå
folketrygda, blir det gjort framlegg om at statstilskottet til avtalefesta
pensjon (kap. 666 post 70) aukar med 17 mill. kroner, og at løyvinga til
pensjonstrygda for sjømenn (kap. 664 post 70) aukar med 14 mill. kroner.
Sist oppdatert 8. nov 2005 av Stortingets administrasjon