|
Den 4. august 2005 blei det i Oslo underskrive ein avtale med tilhøyrande protokoll med formål å hindre dobbel skattlegging og å førebyggje unndraging av skattar av inntekter og formue mellom Noreg og Grønland (heretter kalla « avtalen »). Samtykke til underskriving blei gitt i kgl. res. av 17. juni 2005.
Avtalen vil tre i kraft på den dagen da begge landa har gitt kvarandre melding om at nødvendige skritt er tekne for at avtalen kan tre i kraft. Avtalen vil få verknad for skattar av inntekt som vedkjem det kalenderåret som følgjer etter det året avtalen trer i kraft, og for skattar av formue som blir ilikna det andre året etter det året då avtalen trer i kraft.
Grønland er ikkje med i den nordiske skatteavtalen, men har bilaterale skatteavtaler med Danmark, Færøyane og Island. Grønland er med i den nordiske avtalen om bistand i skattesaker.
Avtalen byggjer i store trekk på mønsteret for tosidige avtaler som er utarbeidd av OECD. Avtalen inneheld likevel nokre avvik frå dette mønsteret. Mellom anna har avtalen reglar om verksemd og arbeid utanfor kysten, tilsvarande slike som finst i dei fleste skatteavtalene som Noreg har inngått dei seinare åra.
Avtalen er inngått på norsk og grønlandsk. Begge tekstane er gyldige på like fot. Den norske teksten følgjer som vedlegg.
Det vises til kapittel 3 i proposisjonen for ein nærmare omtale av avtalen.