|
Departementet foreslår å auke løyvinga på kap. 1300 post 70 Tilskot til internasjonale organisasjonar, med 2,2 mill. kroner mot tilsvarande reduksjon av kap. 1301 post 21 Utgreiingar om miljø, trafikktryggleik mv.
Det blir vist til oppretting av eit europeisk jernbanebyrå (ERA), jf. St.prp. nr. 6 (2005-2006). I proposisjonen er det lagt opp til at det årlege tilskotet frå Noreg til drifta av ERA blir dekt på Samferdselsdepartementets budsjett (kap. 1300 post 70). For 2005 er tilskotet frå Noreg på om lag 2,2 mill. kroner.
Departementet foreslår å redusere løyvinga på kap. 1301 post 21 Utgreiingar om miljø, trafikktryggleik mv., med 2,2 mill. kroner, jf. kap. 1300 post 70.
For prosjektet E18 Momarken - Sekkelsten gjer departementet greie for styrings- og kostnadsramme etter ekstern kvalitetssikring. Departementet legg etter dette til grunn ei styringsramme på 450 mill. kroner og ei kostnadsramme på 490 mill. kroner (omrekna til 2005-prisnivå). Dette er noko lågare enn det førebelse overslaget i St.prp. nr. 1 (2005-2006).
Det er stor uvisse når det gjeld oljeprisen. Denne uvissa vil kunne ha ein pris i form av eit risikotillegg. Samferdselsdepartementet orienterer i proposisjonen om at staten kan ta ein viss risiko for oljeprisutviklinga ved forhandlingane med ferjeselskapa om nye driftsavtalar.
Løyvinga på posten utgjer i 2005 24 mill. kroner. Departementet foreslår at kap. 1330 post 74 Kompensasjon for el-avgift for elektrifisert skinnegåande transport, får tilføydd stikkordet « kan overførast », slik at ein kan halde tilbake ein del av løyvinga for 2005 for sluttoppgjer i 2006, jf. forslag til romertalsvedtak.
Departementet foreslår å auke løyvinga på kap. 1350 post 22 Omstruktureringskostnader, med 30 mill. kroner. Fleire personar enn rekna med har valt sluttpakke, etableringsstøtte og/eller studiestøtte med eingongsutbetaling i 2005.
Det blir foreslått å korrigere feilføring i Jernbaneverkets rekneskap for 2004, jf. forslag til romertalsvedtak.
Løyvinga på kap. 4380 post 1 Diverse avgifter og gebyr, blir foreslått auka med 1,322 mill. kroner, jf. at i samband med lønnsoppgjeret for 2005 er Post- og teletilsynet tildelt 1,322 mill. kroner i lønskompensasjon på kap. 1380 post 1 Driftsutgifter. Etaten er sjølvfinansierande.