|
Olje- og energidepartementet foreslår i proposisjonen endringar på statsbudsjettet for 2005. Departementet gjer òg greie for bruk av fullmakter under Staten sitt direkte økonomiske engasjement i petroleumsverksemda (SDØE).
Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast
I samband med bygginga av gassrøyrleidninga frå Åsgard til Kårstø, blei det i perioden 1996-2001 gjort ein del tilleggsinvesteringar på Kårstøanlegga. Fordelinga av kostnader mellom SDØE og Statoil er framleis ikkje endeleg klårlagt.
Det blir foreslått å auke løyvinga med
2,5 mill. kroner. Vidare blir det gjort framlegg om å auka fullmakta til å
pådra forpliktingar ut over løyving med 7,5 mill. kroner.
Post 22 Beredskapslagre for drivstoff, kan overførast
Som følgje av skjerping av spesifikasjonane i forhold til EUs Auto Oil-program har det vore naudsynt å oppgradere bensinlagra som medfører auka utgifter i 2005 på om lag 1,6 mill. kroner.
Vidare har Noreg gjennomført sal av om lag 40.000 Sm3 petroleumsprodukt frå våre oljeberedskapslager i 2005. Samla utgjør dette om lag 1 mill. kroner, og det er venta at salet vil gi inntekter i 2005 på om lag 120 mill. kroner.
Det blir foreslått å auke løyvinga på posten med 2,6 mill. kroner.
Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast
Det blir foreslått å auke løyvinga knytt til OD si oppdrags- og samarbeidsverksemd med 16,5 mill. kroner.
Post 1 Driftsutgifter
Det blir foreslått å redusere løyvinga på kap. 1820 post 1 med 10 mill. kroner.
Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast
Løyvinga knytt til arbeidet med implementering av innføring av energimerkeordninga blir foreslått flytta frå kap. 1820 post 1 Driftsutgifter til kap. 1825 post 21 Spesielle driftsutgifter som eit eige tiltak. Nytt forslag til løyving på posten blir etter dette 22 mill. kroner.
Forslag til nye løyvingar er basert på ein oppdatert prognose for 2005 frå Petoro AS, basert på rekneskapsføring per 31. august 2005 og overslag for resten av året. Det heftar uvisse knytt til utviklinga i oljeprisen.
Det er lagt til grunn ein gjennomsnittleg oljepris på kr 345 per fat for 2005. I Revidert budsjett for 2005 blei det lagt til grunn ein gjennomsnittleg oljepris på kr 300 per fat.
Det blir foreslått ei løyving på 0,7 mill. kroner under kap. 2440 ny post 25 Pro et contra-oppgjer. Løyvinga har samanheng med korrigeringar i pro et contra-oppgjeret knytt til salet av 6,5 %. SDØE-eigardelar i 2002.
Overslaget for kap. 2440 post 30 Investeringar er redusert med 2.300 mill. kroner.
Kostnadsendringane på Snøhvit fører til at SDØE sin del av investeringane i prosjektet aukar med om lag 120 mill. kroner i 2005.
Det blir foreslått ei løyving på 233,1 mill. kroner under kap. 5440 post 1 Pro et contra-oppgjer
Endringane fører til at kap. 5440 post 24 Driftsresultat aukar med 11.400 mill. kroner. Overslaget for kap. 5440 post 50 Overføring frå Staten sitt petroleumsforsikringsfond er budsjettert til 900 mill. kroner.
Endringane medfører samla sett at netto kontantstraumen frå SDØE blir auka med 12.500,4 mill. kroner i høve til gjeldande løyving.
Post 70 Tilskot, overslagsløyving
Det gjenstår framleis fjerningstilskotssaker frå tida før fjerningstilskotlova blei heva, og det blir foreslått ei løyving på 28 mill. kroner for 2005.
Post 2 Ymse inntekter
Salet av om lag 40.000 Sm3 petroleumsprodukt frå staten sine beredskapslager vil venteleg gi ei inntekt på om lag 120 mill. kroner i 2005.
Post 2 Oppdrags- og samarbeidsverksemd
Det blir foreslått å auke løyvinga med 16,5 mill. kroner.
Post 90 Sal av aksjer
Olje- og energidepartementet gjennomførte i februar 2005 eit sal av totalt 117,65 mill. aksjer i Statoil ASA. Dei totale inntektene frå aksjesalet utgjer kr 12.478.314.200.
I St.prp. nr. 65 (2004-2005) er inntektene frå salet estimert til 12.477,8 mill. kroner. Det blir difor foreslått å auke posten med 0,5 mill. kroner.
Post 70 Garantiprovisjon, Statnett SF
Løyvinga blir foreslått redusert med 0,6 mill. kroner, som har samanheng med at Statnett sin lånemasse med statsgaranti er blitt redusert.
I samband med den årlege handsaminga av statsbudsjettet gjev Stortinget fullmakter til Kongen i statsråd og Olje- og energidepartementet, jf. St.prp. nr. 1 og B.innst.S.nr.9 (2004-2005).
Olje- og energidepartementet gjer i proposisjonen greie for bruken av desse fullmaktene.