|
Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Berit Brørby, Svein Roald Hansen og Tone Merete Sønsterud, fra Fremskrittspartiet, Carl I Hagen og lederen Lodve Solholm, fra Høyre, Per-Kristian Foss, fra Sosialistisk Venstreparti, Inge Ryan, fra Kristelig Folkeparti, Dagfinn Høybråten, og fra Senterpartiet, Magnhild Meltveit Kleppa, viser til grunnlovsforslaget frå Aanund Hylland og Finn-Erik Vinje, vedteke framsett av Jørgen Kosmo og Kjell Engebretsen, om endringar i Grunnlova sine Grunnloven § 3, § 6, § 12, § 14, § 26, § 41, § 50, § 60, § 63, § 68, § 75, § 87, § 93, § 110 og § 110a (retting av språklige feil).
Komiteen viser òg til brev frå Stortingets presidentskap til professor Finn-Erik Vinje av 9. januar 2004, der det vert sagt:
| « Etter Presidentskapets oppfatning krever også rent språklige endringer i Grunnlovens tekst fremsettelse av formelt grunnlovsforslag og behandling i samsvar med § 112 i Grunnloven. » |
Komiteen er samd med Presidentskapet om at ein bør gå den formelle vegen om grunnlovsendringar, jf. Grunnlova § 112, framfor å følgje tidlegare tradisjon der feil vart retta utan at det vart fatta vedtak om grunnlovsendring.
Komiteen vil vidare vise til at forslaget berre er eit forslag om å rette openberre og udiskutable språklege feil, og at det derfor ikkje er eit forslag om endringar i realiteter.