|
Eg viser til brev frå Energi- og
miljøkomiteen 16. januar 2006 med spørsmål i samband med handsaminga av
Utbygging, anlegg og drift av Tyrihans, jf.
St.prp. nr. 30 (2005-2006).
Spørsmål 1: Kvar skal dei fysiske installasjonane (dei fem botnrammene
mellom anna) byggjast, og kor stor del av denne byggjeverksemda vil tilfalle
norsk industri?
Svar:
Det er ennå ikkje tildelt kontraktar for alle dei fysiske installasjonane som skal byggjast i samband med utbygginga av Tyrihans. For å kunne møte produksjonsoppstart 1. juli 2009, har rettshavarane i Tyrihans fått løyve av Olje- og energidepartementet til å inngå enkelte kontraktar før PUD er endeleg godkjent. Det er derfor nå vanskeleg å seie kor stor del av kontraktane som vil gå til norsk industri. Statoil stipulerer at om lag 65 % av den totale investeringa vil kunne være norske leveransar.
For tida føregår det
kontraktsforhandlingar om produksjonssystema på havbotnen. Statoil reknar
med å kunne gi nærare opplysningar om tildeling i veke 4/5. Også kontrakten
for legging av røyrleidningar vil bli tildelt i nær framtid. Begge desse er
kontraktar av stor verdi.
Spørsmål 2: Kven vil stå for modifikasjonane av Kristin og Åsgard B, og kva
er status for norsk industri i høve til dette?
Svar:
Industrien vil bli invitert til å gi
tilbod på bygging og installasjon av modulen som skal installerast på
Kristin-plattforma. Det same gjeld for modifikasjonsarbeida som skal
gjerast på Åsgard B-plattforma. Modulen som skal installerast på Kristin er
berre ca 350 tonn. Det betyr at mellomstore norske verkstader vil bli
vurdert til å kunne gi tilbod på dette oppdraget. Statoil vurderer det slik
at norsk industri må å ha gode moglegheiter til å kunne få dette oppdraget.
Kontraktstildeling er planlagt midtsommars 2006.
Spørsmål 3: Tidlegare røynsle har vist at overtrålbare installasjonar ikkje
alltid har vore like overtrålbare. Korleis vil ein søkje å løyse dette?
Svar:
Utforminga av konstruksjonar som blir
nytta for å verne installasjonane på havbotn har blitt forbetra. Dette har
redusert problema med fasthekting. I enkelte område har det i seinare år
blitt tatt i bruk trålreiskapar med tyngre lodd enn kva som før har vore
vanleg. Dette har verka i motsett retning. Vernekonstruksjonane har ikkje
vore dimensjonerte for å tåle støytpåkjenningar frå desse tunge lodda. For
Tyrihans vil ein møte denne problemstillinga ved å gjere ei vurdering av kva
fiske som føregår på dei aktuelle lokalitetane, og kva slag reiskap som er
aktuelle å nytte. Basert på data for perioden 2000-2005 veit Statoil at det
har vore svært liten/ingen fiskeaktivitet med botntrål i det aktuelle
farvatnet kor Tyrihans-installasjonane skal plasserast, og det er så langt
ikkje noko som tyder på at bruken av området vil endre seg. Dersom dette
kan stadfestast, vil det vere tilstrekkeleg å dimensjonere
vernekonstruksjonane i samsvar med gjeldande standardar. I motsett fall må
ein vurdere ekstra dimensjonering eller andre tiltak.
Spørsmål 4: Kor stor auke i dei samla NOX-utsleppa meiner ein kan
relaterast til prosjektet?
Svar:
Tyrihansprosjektet vil medverke til
utslepp av NOX i bore- og installasjonsfasen og i driftsfasen. Utsleppa frå
boring er estimert til om lag 1600 tonn NOX totalt, det meste av dette frå
dieselmotorane på boreriggen. Utslepp knytte til marine operasjonar i
installasjonsfasen er ikkje rekna ut, men til samanlikning vart tilsvarande
utslepp for Kristin-utbygginga berekna til om lag 50 tonn NOX . For
driftsfasen er dei gjennomsnittlege årlege utsleppa knytte til Tyrihans
utrekna til 140 tonn NOX pr. år. For heile produksjonsperioden (2009-2025)
utgjer dette 2380 tonn NOX .
Spørsmål 5: Kva er utslippsskilnadene mellom ein vanleg turbin og ein
låg-NOX turbin i høve til NOX-utslipp?
Svar:
Låg-NOX -teknologien reduserer NOX
-utsleppa frå ein vanleg turbin med om lag 80 %. Samstundes reknar ein at
CO2 -utsleppa aukar med omlag 0-5 %. Dette skuldast dels at
driftsregulariteten framleis er noko dårlegare for turbinar med låg-NOX
-teknologi, og dels at verknadsgraden er noko lågare.
Spørsmål 6: Det står å lese at fire av fem turbinar er låg NOX-turbinar.
Vil den femte gassturbinen verte ombygd til ein låg-NOX turbin? Kva er
eventuelt kostnadane knytt til ei slik ombygging?
Svar:
Åsgard B har pr. i dag 5 turbinar, og
4 av desse har låg-NOX teknologi. Det inngår ikkje i Tyrihans sine planar å
byggje om den 5. turbinen til låg-NOX , då det ikkje lenger er aktuelt for
Tyrihans å nytte dette systemet. Problemstillinga var knytt opp til ei
utbyggingsløysning der kraft til undervassanlegget for injeksjon av sjøvatn
skulle leverast frå Åsgard B. Ved ei slik løysing ville ein i gitte
driftssituasjonar hatt bruk for også den turbinen som ikkje var utstyrt med
låg-NOX teknologi. Sidan ein nå har valt å hente krafta frå
Kristin-plattforma, er denne problemstillinga ikkje lenger aktuell. Den
løysinga som nå er valt var i konsekvensutgreinga omtalt som eit alternativ
til kraftleveranse frå Åsgard B.
Spørsmål 7: Det står å lese at det i driftsfasen vert forventa mindre
utslipp knytt til hydraulikkvæske ved botnrammene når ventilane på
brønnstraumen skal opereras. I samband med dette vert det vurdert å nytte
eit lukka hydraulisk system. Kva er kostnadene knytt til å nytte seg av
dette, og kva er miljørisiko- og konsekvensar ved å la vere?
Svar:
Pr. i dag vurderer Statoil eit ope
hydraulikksystem som det beste av omsyn til miljøet. Dette skuldast at også
såkalla lukka system gir årlege utslepp til sjø, og at dei hydraulikkvæskene
som er kvalifiserte for bruk i lukka system er mindre miljøvenlege enn dei
som kan nyttast i opne system. Tyrihans må ved inngåing av kontraktar halde
seg til kva som på det tidspunktet er status m.o.t. kvalifisering av nye
hydraulikkvæsker. Det vert i bransjen arbeidd med å finne fram til meir
miljøvennlege hydraulikkvæsker for bruk både i opne og lukka system. Dersom
ein lukkast, kan dette endre vurderinga av kva for system som er å
føretrekkje av omsyn til miljøet. Sikker og rask operasjon av ventilar er
det overordna omsynet, og dette synest det mogleg å oppnå med både opne og
lukka system. I dei tilfella der det er lang avstand ut til installasjonane
på havbotnen, vil eit lukka system kunne bli vesentleg dyrare enn eit ope
system på grunn av den lange retur-leidningen. For Tyrihans har ikkje
kostnadsspørsmålet vore avgjerande.
Spørsmål 8: I fylgje Statens Forureiningstilsyn (SFT) er det i svært liten
grad føreteke heilskapelege vurderingar basert på miljøfarlighet i samsvar
med styresmaktene sin nullutslepps målsetnad. SFT meiner vidare at Statoil
i for liten grad har føre-var haldning ved vurdering av miljøkostnadane ved
utslepp av miljøfarlege komponentar i produsert vatn. SFT stiller av på
bakgrunn av dette spørsmål ved dei planlagde løysingane for minimering med
omsut til utslepp til sjø av olje og miljøfarlege stoffar i samband med
nullutslepp-målsetnaden. Er SFT sine innvendingar i høve til desse spørsmål
korrekt?
Svar:
Injeksjon av produsert vatn er i utgangspunktet førstevalet for nye Statoil-opererte felt. Denne løysinga har derfor blitt grundig utgreidd, både med omsyn til kostnader, teknisk gjennomføring og mogleg påverknad på reservoaret. Ein har også grundig vurdert og samanlikna miljøpåverknaden ved dei ulike disposisjonsalternativa: injeksjon og utslepp til sjø med og utan ekstra reinsing. I denne vurderinga har ein nytta modellverktøyet EIF (Environmental Impact Factor) som er det beste verktøyet ein i dag har for å gjere slike vurderingar. Dette modellverktøyet inkluderer dagens best oppdaterte kunnskap om dei ulike komponentane som inngår i produsert vatn, og korleis desse verkar på organismar i havet. Det er i modellen dessutan lagt inn sikkerheitsfaktorar der kunnskapen om enkelte komponentar i dag er mangelfull. Det betyr at EIF-verktøyet heller overvurderer miljøbelastninga enn undervurderer den. Utsleppa frå Tyrihans er også sett i samanheng med dei totale utsleppa på Haltenbanken og i Norskehavet, basert på den Regionale konsekvensutgreiinga for Norskehavet. Statoil kan derfor ikkje vere samde med SFT i at det i liten grad er føreteke heilskapelege vurderingar eller lagt til grunn føre-var haldningar.
Når Statoil etter å ha gjort dei vurderingane som er nemnde ovanfor har valt 2-trinns reinsing og utslepp til sjø, er dette fordi dette representerer ei god miljøløysing som samstundes tilfredsstiller krava til kostnadseffektivitet. Statoil har lagt til grunn at det i 0-utsleppsarbeidet har vore ei felles forståing mellom styresmaktene og industrien om at sjølv om føre-var prinsippet gjeld, så må ein av samfunnsmessige årsaker også ta omsyn til kostnadseffektivitet. For Tyrihans ville injeksjon av produsert vatn gi svært dårleg kostnadseffektivitet; om lag 2,4 millionar kroner pr. redusert EIF-eining. Denne kostnaden er svært mykje høgare enn den grensa som hittil er nytta som ei rettesnor, nemleg 0,2 millionar kroner pr. EIF-eining.