Lenke til Stortingets hovedside  

Innst.S.nr.134 (2005-2006)
Innstilling fra familie- og kulturkomiteen om samtykke til deltaking i ei avgjerd i EØS-komiteen om innlemming i EØS-avtala av europaparlaments- og rådsvedtak nr. 854/2005/EF om skiping av eit fleirårig fellesskapsprogram om fremjing av sikrare bruk av Internett og ny direktekopla teknologi (Sikrare Internett pluss)


oversikt første forrige neste

Sammendrag

       Noreg har teke del i EU-handlingsplanen for sikrare bruk av Internett sidan 1999. Planen vart avslutta ved utgangen av 2004.

       EU har vedteke å følgje opp den tidlegare handlingsplanen med ein ny handlingsplan, Sikrare Internett pluss. Norsk deltaking i programmet vil gjelde i tre år, 2006-2008, og inneber økonomiske pliktingar. Noreg sin EFTA-del på 95 % vil utgjere om lag 5,6 mill. kroner over tre år. Det vil verte tilsett ein nasjonal ekspert i samband med programmet. Dei årlege kostnadene vil kome i tillegg til programkostnadene.

       Føremålet med programmet er å fremje sikrare bruk av Internett og nye former for direktekopla teknologi, spesielt for barn, og å motkjempe ulovleg og skadeleg innhald og innhald som er uønskt av forbrukaren.

       Det nye programmet er langt på veg ei vidareføring av den tidlegare handlingsplanen. Nytt i dette programmet er m.a. at det omfattar uønskt innhald, medrekna såkalla spam, at det gjeld nye problemområde, nyare teknologi og nye bruksmåtar, og dessutan at det i større grad vert fokusert på sluttbrukaren. Bakgrunnen for delar av utvidinga er den snøgge teknologiutviklinga, som m.a. gjer det mogleg å sende biletmeldingar på mobiltelefonar, og som inneber at stadig fleire er kontinuerleg tilkopla, med dei utfordringane for tryggleiken som dette inneber. Dessutan er det lagt større vekt på overordna koordinering av tiltaka.

       Kampen mot ulovleg, skadeleg og uønskt innhald i globale system som Internett kan best førast gjennom internasjonalt samarbeid. Dermed kan dei nasjonale tiltaka òg gjennomførast meir effektivt, ved koordinering med tiltak utanfor landegrensene. Utviklinga av, den auka utbreiinga og bruken av ny teknologi, spesielt blant barn, gjer det viktig å halde fram og utvikle det arbeidet som tidlegare er gjort på området.

       Under handlingsplanen for sikrare bruk av Internett, som var forløparen til det programmet som ligg føre, vart Noreg lagt merke til internasjonalt gjennom det EU-støtta SAFT-prosjektet, som vart leidd av Statens filmtilsyn. Prosjektet hadde gode resultat.



oversikt første neste


Sist oppdatert 2. mai 2006 av Stortingets administrasjon