Lenke til Stortingets hovedside  

Innst.S.nr.140 (2005-2006)
Innstilling frå helse- og omsorgskomiteen om framlegg frå stortingsrepresentantane Gunvald Ludvigsen, André N. Skjelstad og Lars Sponheim om styrking av pårørande sine rettar i situasjonar der det oppstår usemje mellom pårørande og medisinskfagleg personell om å halde fram med eller avslutte livsnødvendig behandling


oversikt første forrige neste

Samandrag

       Det vert i dokumentet gjort følgjande framlegg:

       « Stortinget ber Regjeringa kome med eit framlegg der pårørande får krav på ei alternativ fagleg vurdering i situasjonar der det er usemje mellom pårørande og dei fagleg ansvarlege om å halde fram eller avslutte livsnødvendig behandling. »

       Som bakgrunn for forslaget peikar forslagsstillarane på at i situasjonar der det oppstår usemje mellom pårørande og medisinskfagleg personell om å halde fram eller avslutte livsnødvendig behandling, har pårørande i dag ingen rett til ei ny vurdering eller ei fornya vurdering av ei uavhengig ekspert-/faggruppe.

       Det blir i dokumentet vist til at helse- og omsorgsministeren har gitt uttrykk for at helseføretaka sine kliniske etikk-komitear er passande organ for å handsame slike situasjonar der det ligg føre slik usemje mellom pårørande og fagpersonell.

       Forslagsstillarane meiner mykje kan tyde på at ein klinisk etikk-komité ikkje er eit godt nok organ for pårørande når det blir usemje mellom medisinskfagleg personell og pårørande, fordi desse komiteane stort sett er samansett av personar som har sitt virke i det lokale helseføretaket. Representantane meiner difor at ein klinisk etikk-komité ikkje kan sikre ein uhilda og upartisk vurdering av saka.

       Det blir vist til at i England har legane ei plikt i sine retningsliner til å opplyse pasientar og pårørande om at det kan koplast inn ei uavhengig faggruppe som kan gje ei fornya vurdering når behandlinga pasienten får, ikkje vert oppfatta som fullgod. Forslagsstillarane meiner dette er ein praksis som òg bør vurderast i Noreg for å styrke pårørande og pasientane sine rettar og tillit til sjukehusa.



oversikt første neste


Sist oppdatert 12. mai 2006 av Stortingets administrasjon