|
I proposisjonen vert det fremma forslag om tilleggsløyving for å dekkje kostnader for å gjere ytterlegare undersøkingar av vraket av ubåten « U 864 » utanfor Fedje.
Ved Stortinget si handsaming av St.prp. nr. 79 (2004-2005) Om endringer av bevilgninger på Fiskeri- og kystdepartementets område, jf. Innst.S.nr.21 (2005-2006), blei det gitt ei løyving på 14,7 mill. kroner slik at Kystdirektoratet sommaren og hausten 2005 kunne gjennomføre eit forprosjekt for å klarleggje korleis ureiningsfaren frå vraket av ubåten « U 864 » kan fjernast.
Det arbeidet som er gjennomført i forprosjektet hausten 2005 har gitt betre kunnskap om tilstanden til vraket og ureiningssituasjonen. Det er m.a. gjort kartlegging av vrakdelar, havbotn, straumforhold, ureining i vatn og sediment samt kvikksølvnivå i fisk og skaldyr.
Totalt blei 107 vrakdelar lokalisert. Det vart også funne ein behaldar med kvikksølv. Denne låg i sedimenta, utanfor vraket. Behaldaren var heil og i relativt god forfatning, men punktvis korrodert. Funnet av kvikksølvbehaldaren stadfestar at « U 864 » hadde ein last med kvikksølv, men det stadfestar ikkje talet behaldarar eller tilstanden til behaldarane som ligg inne i vraket.
Sedimenta i et område berekna til 200 x 200 meter er flekkvis særs sterkt ureina. Av 35 sedimentprøver er 30 klassifisert som særs sterkt ureina, dvs. tilstandsklasse V i Statens forureiningstilsyn (SFT) si klassifisering av ureina sediment.
Funnet av kvikksølvflaska stadfestar at det er kvikksølvbehaldar i og ved vraket. Ut frå dei opplysningane som ligg føre, må det leggjas til grunn at « U 864 » hadde ei last på om lag 65 tonn kvikksølv. Både vraket og kvikksølvbehaldarane korroderer og brytast ned, men ut i frå dei opplysningane som ligg føre kan ein ikkje seie kor fort dette vil skje.
Kystdirektoratet vurderer faren for ytterlegare ureining som stor, og meiner derfor at dei gjennomførte undersøkingane peiker eintydig i retning av at det må setjast i verk tiltak for å fjerne ureiningsfaren ved vraket. Direktoratet tilrår per i dag at sedimenta rundt vraket som er markert forureina, dvs. tilstandsklasse III eller høgare i SFT si klassifisering, bør dekkjast til, slik at kvikksølvet i desse sedimenta ikkje lenger blir tilgjengeleg for biologisk aktivitet og opptak i næringskjeda.
Kystdirektoratet meiner at dei manglar viktig kunnskap for å kunne gi ei fagleg forsvarlig tilråding om korleis ureiningsfaren knytt til vraket og lasten bør fjernast.
Kystdirektoratet har berekna totalkostnadene for det nødvendige arbeidet sommaren 2006 til 31,3 mill. kroner. Delar av arbeidet må leggjast ut på anbod. I berekninga er det teke høgde for uføresette prosjektkostnader og stans på grunn av verforhold. Det er i overkant av 3 mill. kroner i ubrukte midlar frå løyvinga på 14,7 mill. kroner som er overført til 2006. Det er derfor behov for ei tilleggsløyving på om lag 28 mill. kroner i 2006. Det vil ikkje vere mogleg å dekkje ein slik kostnad innafor Kystverket si eksisterande ramme.