Lenke til Stortingets hovedside  

Innst.S.nr.194 (2005-2006)
Innstilling frå justiskomiteen om forslag frå stortingsrepresentantane Jan Tore Sanner, Ulf Leirstein, Hans Olav Syversen og Lars Sponheim om å opprette eit forenkla regelverk for små aksjeselskap


oversikt første forrige neste

Merknader frå komiteen

       Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, leiaren Anne Marit Bjørnflaten, Thomas Breen, Ingrid Heggø og Hilde Magnusson Lydvo, frå Framstegspartiet, Jan Arild Ellingsen, Solveig Horne og Thore Aksel Nistad, frå Høgre, Elisabeth Aspaker og André Oktay Dahl, og frå Sosialistisk Venstreparti, Olav Gunnar Ballo, viser til forslaget i Dok.nr.8:60 (2005-2006).

       Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet og Sosialistisk Venstreparti, kan ikkje sjå at det på det noverande tidspunktet er aktuelt å gå vekk frå skillet mellom aksjeselskap og allmennaksjeselskap. Fleirtalet viser til at bakgrunnen for eit skilje mellom allmennaksjeselskap og aksjeselskap er tilpassing av den norske lovgivinga pga. EØS-avtalen. Viss ein skal innføre eit skille der gruppa « store » selskap vert ein omfattande del av selskapa, vil dette medføre at EU sine strenge reglar for store selskap vert brukt for ei stor gruppe selskap som dei korkje passar for eller er meint for.

       Fleirtalet vil peike på at dersom ein utformar eit eige selskapsrettsleg regelverk også for dei heilt små aksjeselskapa, vil det føre til at ein opererer med tre aksjeselskapsformer. Dette kjem i tillegg til at vi ser ein tendens når det gjeld EU-regelverket, til å ønske å utforme eigne selskapsrettslege reglar for selskap med aksjer som vert omsett i eit regulert marked (børsnoteringar mv.). Vi er då på veg mot fire aksjeselskapsformer, medan store delar av næringslivet sjølv gjer uttrykk for at skillet mellom aksjeselskapsforma og allmennaksjeforma er vanskeleg nok.

       Fleirtalet ser at enkelte bedrifter kan ha vanskar med å skaffe ein aksjekapital på kr 100 000. Forskjellige modellar har vore lansert der ein for eksempel bygger opp aksjekapitalen i løpet av tre år, eller at utstyr som for eksempel kontormøblar, bilar etc. vert verdsett høgre og inngår som ein del av aksjekapitalen. Tingsinnskot vert også nytta i dag. Fleirtalet kan ikkje sjå andre betre måtar å verdifastsetje tingsinnskot på enn dagens « verkeleg verdi », sjølv om vi her får store skildnader på verdifastsetjing på for eksempel bustad frå pressområder og elles.

       Problemet med ein slik modell er at kredittinstitusjonane vil ved mangel på eigenkapital setje opp prisen på for eksempel kreditt, vareleverandørane vil gje kort kredittid og dårlegare vilkår, og såleis vil ein gevinst ved lægre inngangsbillett på aksjekapital fort bli spist opp av ulempene.

       Ein oppbyggingsmodell av aksjekapitalen over for eksempel tre år vil òg i dei fleste tilfeller vera urealistisk, då det oftast tek tre til fem år før eit selskap byrjar å få inntening. Fleirtalet ser både fordeler og ulemper ved ein lægre aksjekapital, men oppsummert er ikkje minstebeløpet hovudproblemet for å stifte eit selskap. Fleirtalet vil påpeike betydningen av risikokapital som for eksempel Regjeringa si satsing på Innovasjon Norge og Siva, samt oppfylling av kommunale næringsfond som viktigare moment for nye bedrifter.

       Komiteen ber om at departementet ser på moglegheiten til forenkla rapportering til styret ved for eksempel å fjerne § 6-14 første ledd, andre punktum. Komiteen vil komme attende til dette punktet ved gjennomgangen av aksjelova i løpet av hausten.

       Komiteen vil vise til brev frå departementet datert 11. mai 2006. Brevet følgjer vedlagt. Dei gjeldande reglane i revisorlova medfører at alle aksjeselskap uansett storleik har revisjonsplikt. Øvrige føretak har ikkje revisjonsplikt dersom driftsinntekta er mindre enn 5 mill. kroner. Dei øvrige nordiske landa har hatt tilsvarande revisjonsplikt. I dei fleste europeiske land er dei minste selskapa unnateke revisjonsplikt. Danmark har endra lovverket, slik at det er gjort unntak for dei minste selskapa, og dette er også til vurdering i Sverige og Finland. EU vedtok i oktober 2005 eit nytt direktiv om revisjon, som inneber at krava til innhaldet av revisjonen i praksis vert skjerpa. Komiteen ber derfor departementet om å vurdera revisjonsplikta for dei minste føretaka i samband med gjennomføringa av dei venta nye EØS-reglane om revisjon og revisorar, herunder ta hensyn til gjennomførde og aktuelle endringar i andre nordiske land.

       Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet og Sosialistisk Venstreparti, meiner at eventuelle endringar i adgangen til å levere årsoppgåve, og punktet om antall momsinnbetalingar, må vurderast og sjåast i samanheng med andre endringar i oppgåve- og betalingsfristane på skatte- og avgiftsområdet.

       Når det gjeld forenkling og differensiering mellom « små » og « store » aksjeselskap vil det ofte vera meir relevant å differensiere reglane uavhengig av foretaksform, slik at lempelegare reglar får anvendelse for alle typar føretak som etter gitte kriteriar kan differensierast som « små ».

       Komiteen vil peike på at det kontinuerleg vert arbeidd med forenkling av registerdokument og kostnader ved selskapsregistrering. Også i dag finst standarddokument, og dei registreringspliktige kan fylle ut skjemaene elektronisk.

       Storleiken på gebyra skal dekkje faktisk kostnad, og etter kvart som fleire og fleire registrerer elektronisk må vi forvente at dette gebyret på kr 6 000 for selskap med begrensa ansvar og kr 2 500 for enkeltføretak og ansvarlege selskap, vert redusert.

       Når det gjeld primærnæringane sin moglegheit til å etablere aksjeselskap, vil fleirtalet i komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet og Sosialistisk Venstreparti, peike på at det også i dag fins moglegheit for primærnæringane til å etablere aksjeselskap. Komiteen ser ikkje grunn til å lage ei ny aksjelov for dette.

       Komiteen viser til at norskregistrerte utanlandske foretak, såkalla NUF, er foretak som er stifta og registrert i utlandet, og som driv næringsverksemd i Noreg. Ifølgje foretakslova § 2-1 annet ledd, skal desse registrerast i Foretaksregisteret.

       Komiteen viser til at det har vore ein stor auke av NUF-selskap i Noreg. Det er god grunn til å tru at desse selskapa er stifta i utlandet nettopp for å unngå norsk selskapslovgiving. For eksempel i England er det ubetydelige krav til aksjekapital (eitt pund) og ikkje revisjonsplikt.

       Komiteen viser vidare til at i den såkalla Centos- dommen frå 1999 slo EF-domstolen fast at det følgjer av den frie etableringsretten at eit selskap som er gyldig stifta og registrert i eit EØS-land, vil kunne leggje hovudkontoret sitt i eit anna EØS-land og drive all verksemda si derifrå utan at « vertslandet » kan krevje at selskapet av den grunn skal verta underlagt « vertsskapslandet » sine selskapslovgivingslover. Utviklinga i EU går i retning av at selskap fritt skal velge registreringsland og dermed kva selskapslovgiving det skal vera underlagt. EU ønskjer at det skal vera konkurranse mellom dei enkelte land sine rettssystem, og at det vert opp til det enkelte land å vurdere korleis ein skal møte denne konkurransen. Dette kan føre til at det som vert omtalt som « race to the bottom », det vil seie at konkurransen mellom rettssystema fører til at selskapslovgivinga vert så lempeleg (så nær botnen) som mulig for å trekke til seg selskap. Komiteen ber om at departementet følger nøye med i utviklinga, med eit særleg blikk på seriøsiteten til desse selskapa.

       Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet og Sosialistisk Venstreparti, meiner at omsynet til kreditorane gjer at det må vera ein rimeleg aksjekapital, og viser til endringane som vi har skissert å koma attende til vedrørande rapporteringsplikt og revisjon ved endring av ny aksjelov.

       Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet og Høyre slutter seg til forslagsstillernes forslag og begrunnelsen for disse, men registrerer med undring regjeringspartienes passive holdning til behovet for å gjøre hverdagen enklere for mindre næringsdrivende. Disse medlemmer har merket seg at regjeringspartiene ser ut til å være mer opptatt av å legge hindringer i veien for små norske virksomheter enn å skape grunnlag for økt sysselsetting, vekst og verdiskapingsevne for landet, og derigjennom sikring av offentlig og privat velferd. Disse medlemmer registrerer at justisministeren i svar til komiteen datert den 11. mai 2006, over 11 sider velger å videreføre regjeringens aktive næringsretorikk fremfor å ta på alvor de enkeltmenneskene som utgjør ryggraden i norsk næringsliv. Disse medlemmer viser til at dette er dominert av mindre bedrifter, som bruker uforholdsmessig mye tid og ressurser på å oppfylle lovkrav som er tilpasset virksomheter av en helt annen størrelse. Disse medlemmer viser eksempelvis til forslagsstillernes påpekning av at det i små selskap ofte er slik at samme person er eier, daglig leder og styreleder. Styrets medlemmer er ofte aktivt med i det daglige arbeidet, og disse medlemmer viser til at det ikke er uvanlig at disse også er eiere. Disse medlemmer viser til forslagsstillernes understreking av at dette må få konsekvenser for utformingen av regelverket for denne type selskap.

       Disse medlemmer viser videre til at det under åpen høring med komiteen ikke fremkom negativ vurdering av de forslagene som forslagsstillerne reiser, men nærmest unison støtte til situasjonsbeskrivelsen og behovet for tilpasninger av regelverket for små aksjeselskap. Disse medlemmer merket seg spesielt bransjeorganisasjonenes påpekning av at hvem som helst kan opprette et selskap i England for £ 6,- (mot kr 6000 for et Norsk AS), eksempelvis via en enkel WEBbasert tjeneste på www.quickformations.com for ca £ 30-40. Disse medlemmer viser til at antallet Norske Utenlandske Foretak(NUF) har økt betraktelig, og medfører økt fare for unndragelse av beskatning både i Norge og i utlandet. Disse medlemmer viser for øvrig til at virksomhet som etableres kun for å unngå norske virksomhetsetableringsregler, medfører en dårlig utnyttelse av samfunnets ressurser. Disse medlemmer konstaterer imidlertid at det skatte- og avgiftsglade flertallet i praksis velger å se bort fra disse fakta som blir påpekt av bransjeorganisasjonene, i og med at man kun inntar en avventende holdning fremfor umiddelbart å legge til rette for nødvendige regelendringer. Disse medlemmer viser til at flertallet i sin begrunnelse for å vedlegge forslaget til protokollen, i stedet begir seg ut på en perifer argumentasjon knyttet til kredittinstitusjonenes betingelser for innvilgelse av kreditt.

       Disse medlemmer viser også til at et bredt politisk flertall ønsker flere kvinner inn i styrer i selskaper. Disse medlemmer er vel så opptatt av at man legger til rette for at flere kvinner ønsker å starte egen bedrift, og at aksjeselskapsformen for mange er å foretrekke da den i større grad enn andre selskapsformer sikrer den enkelte gründer. Disse medlemmer viser til at et unødig komplisert regelverk høyst sannsynlig avskrekker flere kvinner fra å etablere egen virksomhet. Disse medlemmer konstaterer at flertallet heller ikke på dette punktet finner det for godt å legge til grunn en aktiv næringspolitikk som oppmuntrer flere kvinner til å skape noe selv.

       Disse medlemmer finner det på grunnlag av ovenfornevnte og forslagsstillernes begrunnelse nødvendig å ta opp forslagsstillernes forslag. Disse medlemmer fremmer derfor følgende forslag:

I

       « Stortinget ber Regjeringen etablere et forenklet regelverk for små aksjeselskap. Følgende elementer bør blant annet inngå i en vurdering for å styrke rammevilkårene for små aksjeselskap:

-Størrelse på aksjekapitalen
-Krav til revisjonsplikt
-Forenklet rapportering til styret
-Laveste hensiktsmessige antallet momsinnbetalinger
-Bruk av aksjeselskaper i primærnæringen
-Forenkling av registerdokumenter
-Kostnad ved selskapsregistrering.

II

       Stortinget ber Regjeringen fremme forslag om forenkling og forbedring av regelverket for små aksjeselskap.»



oversikt første neste


Sist oppdatert 7. juni 2006 av Stortingets administrasjon