Lenke til Stortingets hovedside  

Innst.S.nr.221 (2005-2006)
Innstilling frå næringskomiteen om forslag fra stortingsrepresentantene Øyvind Korsberg, Jørund Rytman og Kåre Fostervold om å opprette et samarbeidsprogram for å redusere skjemabelastningen for næringslivet og offentlig sektor


oversikt første forrige neste

Merknader frå komiteen

       Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Gunvor Eldegard, Sigrun Eng, Steinar Gullvåg, Sigvald Oppebøen Hansen og Arne L. Haugen, frå Framstegspartiet, Hans Frode Kielland Asmyhr, Kåre Fostervold og Øyvind Korsberg, frå Høgre, Torbjørn Hansen og Petter Løvik, frå Sosialistisk Venstreparti, Ingvild Vaggen Malvik, fra Kristeleg Folkeparti, Ingebrigt S Sørfonn, frå Senterpartiet, leiaren Lars Peder Brekk, og frå Venstre, Gunn Berit Gjerde, viser til forslag frå stortingsrepresentantane Øyvind Korsberg, Jørund Rytman og Kåre Fostervold om å opprette eit samarbeidsprogram for næringslivet og offentleg sektor.

       Komiteen viser til at forenkling og reduksjon i skjemamengda for næringslivet har vore eit prioritert tema for Stortinget og skiftande regjeringar i fleire år. Målet har vore å gje næringslivet mindre arbeidsbyrde med innrapportering, gjere det lettare for næringslivet å etterleve reglar og forskifter, og å auke utbytet for næringslivet av dei opplysningane som vert innrapportert. Forenkling og elektronisk innrapportering har også frigjort store ressursar i offentlig sektor som no kan brukast til auka kontroll og betre tenester til brukarane.

       Komiteen er kjend med at det dei siste åra har vore igangsett tiltak for å nå desse måla, men at resultata dokumentert gjennom Dok.nr.3:10 (2004-2005) kunne vore betre. Likevel vil komiteen peike på at Altinn, Orakel, « Et enklere Norge 2005-2009 », er eksempel på gode tiltak som må få verke over tid og vidareutviklast for at tiltaka skal få gje positive resultat.

       Sentrale utfordringar framover er å gjere Altinn betre, få på plass gode målemetodar for skjemamengde, auke nytten for brukaren ved å innrapportere opplysningar, gjere fleire skjema elektroniske og lettare å forstå, og å ta med brukarane i vidareutviklinga av statens innhenting av dei opplysningane dei treng om verksemdene. I tillegg er det viktig at dei ulike delane av det offentlige vert betre til å samarbeide om sin innhenting av informasjon frå verksemdene i landet. Kommunane, fylkeskommunane, etatar og departementa må samarbeide betre for å få ned skjemamengda til næringslivet.

       Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet, viser til at Regjeringen i brev av 24. mai 2006 (vedlagt) til komiteen er opptatt av å legge forholdene til rette for stabile, forutsigbare og konkurransedyktige rammebetingelser for næringslivet, og er tilfreds med at Regjeringen har fokus på arbeidet med regelforenkling og reduksjon av skjemabelastningen. Flertallet er av den oppfatning at de fora som allerede er etablert er tilstrekkelig for å ivareta dette arbeidet, og støtter derfor ikke forslaget.

       Flertallet foreslår at forslaget ikke bifalles.

       Medlemene i komiteen frå Framstegspartiet, Høgre, Kristeleg Folkeparti og Venstre er samde i innspela som har kome mellom anna frå Næringslivets Hovedorganisasjon og som er foreslått i dette forslaget om å etablere ei styringsgruppe som skal få som mandat å koordinere forenklingsarbeidet for næringslivet innan offentleg sektor. Vidare ynskjer desse medlemene å understreke at ei slik gruppe må vere samansett slik at representantar frå næringslivet og offentleg sektor er representert.

       Desse medlemene vil på denne bakgrunnen gjere følgjande framlegg:

       « Stortinget ber Regjeringa sette ned ei styringsgruppe som har som mandat å koordinere forenklingsarbeidet for næringslivet innan offentleg sektor. Styringsgruppa skal vere sett saman av representantar både frå næringslivet og offentleg sektor. Styringsgruppa vert etablert i samband med statsbudsjettet for 2007. »



oversikt første neste


Sist oppdatert 13. juni 2006 av Stortingets administrasjon