|
Helse- og omsorgsdepartementet gjer i proposisjonen framlegg om endring av løyvingane for 2006 under kap. 2711 post 70 Refusjon spesialisthjelp og post 71 Refusjon psykologhjelp, under kap. 2755 post 62 Tilskot til fastlønnsordning fysioterapeutar, post 70 Refusjon allmennlegehjelp og post 71 Refusjon fysioterapi og under kap. 732 Regionale helseforetak, postane 71-75. Auken på i alt 189 mill. kroner har samanheng med reviderte avtalar med Den norske lægeforening, Norsk Fysioterapeutforbund og Norsk Psykologforening om takstar, basistilskot og driftstilskot. Det er sett av reservar til dekking av meirutgiftene ved oppgjeret under kap. 2309 Tilfeldige utgifter (Ymseposten). Denne løyvinga vil det seinare bli gjort framlegg om å setje ned.
Eigendelane blir ikkje endra ved dette oppgjeret. Auken i honorartakstane som følgje av dei nye avtalane får difor full verknad i refusjonsutgiftene.
I forhandlingsmøte 24. mai 2006 blei Den norske lægeforening, staten, KS og dei regionale helseføretaka samde om eit tilrådd framlegg til revidert avtale om basistilskot for fastlegar, driftstilskot for legespesialistar og takstar for tidsrommet 1. juli 2006-30. juni 2007. Det tilrådde framlegget inneber at gjeldande basistilskot, driftstilskot, takstar og fondsavsetningar samla blir auka med 4,6 prosent frå 1. juli 2006. Innanfor denne ramma er det avtala at driftstilskota blir auka med 10,9 prosent.
For legespesialistane er det avtala ei ny omfordeling frå takstar til driftstilskot ved dette oppgjeret. Som følgje av dette blir det gjort framlegg om å auke overføringane til dei regionale helseføretaka med 18 mill. kroner (kap. 732 postane 71-75) mot tilsvarande reduksjon i refusjonsløyvingane.
Meirutgiftene for folketrygda til refusjonar og fondsavsetningar i 2006 er rekna til 120 mill. kroner, delt med 18 mill. kroner på kap. 2711 post 70 Refusjon spesialisthjelp og 102 mill. kroner på kap. 2755 post 70 Refusjon allmennlegehjelp.
I forhandlingsmøte 29. mai 2006 blei Norsk Fysioterapeutforbund, KS og staten samde om eit tilrådd framlegg til revidert avtale om driftstilskot og takstar for fysioterapeutar. Avtalen skal gjelde for tidsrommet 1. juli 2006-30. juni 2007. Avtalen føreset ei regulering av takstar, driftstilskot og avsetning til fond for etter- og vidareutdanning med 4,9 prosent per 1. juli 2006. Takstar og driftstilskot aukar med same prosentsats.
Departementet tilrår at løyvinga for 2006 under kap. 2755 post 71 Refusjon fysioterapi blir auka med 41 mill. kroner.
Fastlønnstilskotet til kommunar med fysioterapeutstillingar var 134.300 kroner i 2005. Departementet tilrår at fastlønnstilskotet blir regulert til 139.600 kroner for 2006, og at kap. 2755 post 62 Tilskot til fastlønnsordning fysioterapeutar blir auka med 4 mill. kroner.
I forhandlingsmøte 22. mai 2006 blei Norsk Psykologforening, staten og dei regionale helseføretaka samde om eit tilrådd framlegg til revidert avtale om driftstilskot og takstar for spesialistar i klinisk psykologi. Avtalen skal gjelde for tidsrommet 1. juli 2006-30. juni 2007. Avtalen føreset ei samla regulering av takstar, driftstilskot og avsetning til fondet for vidare- og etterutdanning med 4 prosent per 1. juli 2006. Takstar og driftstilskot aukar med same prosentsats. Departementet tilrår at kap. 2711 post 71 Refusjon psykologhjelp blir auka med 6 mill. kroner.