Innst.S.nr.233 (2005-2006)
Innstilling fra arbeids- og sosialkomiteen om trygdeoppgjeret
2006
Sammendrag
Det blir i proposisjonen fremja
forslag om å regulere grunnbeløpet (G) i folketrygda og å auke løyvingar på
statsbudsjettet for 2006 som følgje av reguleringa.
Det blir gjort greie for for
drøftingane mellom staten og tidlegare Norsk Pensjonistforbund,
Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon og Landsorganisasjonen i Norge,
Samarbeidsforumet av funksjonshemmedes organisasjoner, Unio,
Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund og Akademikerne. Regjeringa og
organisasjonane blei samde om å auke grunnbeløpet med kr 2.193 frå 1. mai
2006.
Det blir uttala at staten i
drøftingane har teke utgangspunkt i retningslinjene for trygdeoppgjeret som
Stortinget vedtok 28. mai 2003, jf.
Innst.S.nr.223
(2002-2003).
Organisasjonane fremja et krav om
oppregulering av grunnbeløpet med kr 2.418 fra 1. mai 2006 til kr 63.117 som
innebar ei lønnsvekst for pensjonistane på ca 3,75 prosent. Statens tilbod
på ein auke på kr 2.193 til kr 62.892 fra 1. mai 2006 innabar ei
årslønsvekst for pensjonistar på 3,5 prosent.
Regjeringa og organisasjonane blei
samde om å auke grunnbeløpet i folketrygda med kr 2.193 til kr 62.892 frå 1.
mai 2006. Det gjennomsnittlege grunnbeløpet aukar då med 3,5 prosent frå
2005 til 2006.
Etter framlegget aukar pensjonane til
einslege minstepensjonistar med kr 3.936 pr. år til kr 112.788 pr. år. For
ektepar og sambuande der begge er minstepensjonistar aukar pensjonen med kr
7.200 pr. år til kr 206.712 pr. år.
Meirutgiftene ved framlegget vert på
om lag 3.890 mill. kroner. I tillegg kjem auka utgifter til
statspensjonane, jf.
St.prp. nr. 69 (2005-2006).
Tabellen nedanfor viser utviklinga av
minstepensjonane og pensjonane for unge uføre frå 1. januar 1990 etter
forslaget til pensjonsregulering.
Utviklinga av minstepensjonane og pensjonane for unge uføre i perioden
01.01.1990 - 30.04.2007. Kroner.
| |
Einslege | Ektepar |
Unge uføre fødde før 1941 |
| |
Per år | Per mnd |
Per år | Per mnd |
Per år | Per mnd |
| 1.01.90-30.04.90 |
51.839 | 4.320 |
83.972 | 6.998 |
56.748 | 4.729 |
| 1.05.90-30.11.90 |
54.220 | 4.518 |
87.960 | 7.330 |
58.980 | 4.915 |
| 1.12.90-30.04.91 |
54.378 | 4.532 |
88.217 | 7.351 |
65.2901 | 5.4411 |
| 1.05.91-30.04.92 |
56.978 | 4.748 |
92.158 | 7.680 |
75.6882 | 6.3072 |
| 1.05.92-30.04.93 |
58.583 | 4.882 |
94.752 | 7.896 |
85.7753 | 7.1483 |
| 1.05.93-31.12.93 |
59.868 | 4.989 |
96.816 | 8.068 |
87.6484 | 7.3044 |
| 1.01.94-30.04.94 |
59.868 | 4.989 |
101.0885 | 8.4245 |
87.6484 |
7.3044 |
| 1.05.94-31.12.94 |
61.116 | 5.093 |
103.200 | 8.600 |
89.4844 | 7.4574 |
| 1.01.95-30.04.956 |
61.512 |
5.126 | 103.992 |
8.666 | 89.4844 |
7.4574 |
| 1.05.95-30.04.96 |
63.372 | 5.281 |
107.136 | 8.928 |
92.184 | 7.682 |
| 1.05.96-30.04.97 |
66.240 | 5.520 |
111.984 | 9.332 |
96.360 | 8.030 |
| 1.05.97-30.04.987 |
69.360 |
5.780 | 117.456 |
9.788 | 105.612 |
8.801 |
| 1.05.98-30.04.999 |
81.360 |
6.780 | 140.040 |
11.670 | 112.752 |
9.396 |
| 1.05.99-30.04.00 |
84.204 | 7.017 |
144.912 | 12.076 |
116.676 | 9.723 |
| 1.05.00-30.04.01 |
88.032 | 7.336 |
151.512 | 12.626 |
121.992 | 10.166 |
| 1.05.01-30.04.02 |
92.100 | 7.675 |
158.520 | 13.210 |
127.632 | 10.636 |
| 1.05.02-30.04.03 |
97.140 | 8.095 |
167.208 | 13.934 |
134.616 | 11.218 |
| 1.05.03-30.04.04 |
101.964 | 8.497 |
181.20010 | 15.100 |
141.300 |
11.775 |
| 1.05.04-30.04.05 |
105.408 | 8.784 |
190.24811 | 15.854 |
146.064 |
12.172 |
| 1.05.05-30.04.06 |
108.852 | 9.071 |
199.51212 | 16.626 |
150.840 |
12.570 |
| 1.05.06-30.04.07 |
112.788 | 9.399 |
206.712 | 17.226 |
156.288 | 13.024 |
| 3 | Frå
1.01.1993 (pga. heva aldersgrense). |
| 4 | Født
før 1943 (1.01.26-31.12.42). |
| 5 | Heving
av sats for særtillegget for ektepar frå 1.01.94. Ny sats 2 x 60,5 % av grunnbeløpet,
dvs. dobbelt av ordinær sats og ny minstesats. |
| 6 | Heving
av sats for særtillegget frå 1.01.95. Ordinær sats utgjorde 61,55 % av grunnbeløpet.
|
| 7 | Heving
av sats for særtillegget frå 1.05.97. Ordinær sats utgjorde 63,2 % av grunnbeløpet
(minstesats 57,5 pst). |
| 8 | Auking
av garantert poengtal frå 3 til 3,3. |
| 9 | Heving
av sats for særtillegget frå 1.05.98. Ordinær sats er 79,33 % av grunnbeløpet,
medan minstesats er 74 % av grunnbeløpet. |
| 10 | Grunnpensjonen
for ektepar auka frå 0,75 G til 0,8 G frå 1. mai 2003. |
| 11 | Grunnpensjonen
for ektepar auka til 0,825 G frå 1. mai 2004. |
| 12 | Grunnpensjonen
for ektepar auka til 0,85 G frå 1. mai 2005. |
Kilde: Rikstrygdeverket.
Pensjonane aukar til vanleg
tilsvarande veksten i grunnbeløpet. Likevel auka pensjonane for ektepar og
sambuande sterkare enn grunnbeløpet i åra 2003-2005. Grunnen er at
grunnpensjonen for ektepar og sambuande auka frå 0,75 G til 0,8 G frå 1. mai
2003, til 0,825 G frå 1. mai 2004 og til 0,85 G frå 1. mai 2005.
Grunnbeløpet og pensjonane for dei
einslege minstepensjonistane auka med 3,3 prosent frå 2004 til 2005. For
ektepar og sambuande med minstepensjon var auken 4,9 prosent frå 2004 til
2005. Lønsveksten for lønstakarar i alt var 3 prosent frå 2004 til 2005.
Det blir i proposisjonen gjort greie
for dei særlege skattereglane for pensjonistar som i 2006 i hovudsak er ei
vidareføring av skattereglane frå 1992.
Reguleringa har òg konsekvenser for
krigspensjoneringa, og for 2006 blir det rekna med meirutgifter på 6 mill.
kroner til krigspensjoneringa for militærpersonar og 14 mill. kroner til
krigspensjoneringa for heimestyrkepersonell og sivilpersonar.
Krigspensjonane blir samordna med pensjonar frå folketrygda. Det blir gjort
framlegg om å auke løyvinga under kap. 660 Krigspensjonering med 20 mill.
kroner for 2006.
På bakgrunn av at avtalefesta pensjon
og pensjonstrygda for sjømenn skal regulerast i høve til ytingane frå
folketrygda, blir det gjort framlegg om at statstilskottet til avtalefesta
pensjon (kap. 666 post 70) aukar med 19 mill. kroner, og at løyvingane til
pensjonstrygda for sjømenn (kap. 664 post 70) aukar med 28 mill. kroner.
Komiteen har mottatt brev fra
departementet vedrørende rettelser i proposisjonen. Rettelsene gjelder
endringer i vedtaksdelen under kap. 2652 post 70. Brevet ligger vedlagt
innstillingen.
Sist oppdatert 13. juni 2006 av Stortingets administrasjon