Lenke til Stortingets hovedside  

Innst.S.nr.89 (2006-2007)
Innstilling fra forsvarskomiteen - Om endringar i løyvingar o.a. i forsvarsbudsjettet for 2006


oversikt første forrige neste

1. Sammendrag

1.1 Formål og hovudoversikt

       I denne proposisjonen legg Regjeringa fram forslag om visse endringar i løyvingar i forsvarsbudsjettet for 2006. Siktemålet er å skape best mogeleg samsvar mellom løyvingane under dei einskilde kapitla og postane, og dei endringane i budsjettføresetnadene som har skjedd sidan forsvarsbudsjettet for 2006 vart utarbeidd.

       Hovudelementa i omgrupperingsproposisjonen tek mellom anna føre seg den vedtekne flyttinga av regionale støttefunksjonar (RSF) frå greinkapitla til kapittel 1740 Forsvarets logistikkorganisasjon (FLO), jf. Innst.S.nr.234 (2003-2004) og St.prp. nr. 42 (2003-2004). Vidare formaliserer proposisjonen den varsla auken på kap. 1792 Norske styrkar i utlandet i samband med flytting av leiren i Meymaneh (Afghanistan), for å betre tryggleiken for dei norske styrkane, jf. Revidert nasjonalbudsjett 2006; tilleggsløyvinga til bidraget til UNIFIL II; samt overføring av budsjettansvaret for rabattavtale for vernepliktige frå greinkapitla til kap. 1740.

       Omgrupperingsproposisjonen for 2006 tek vidare vare på formaliseringa av lønnskompensasjonen for 2006 og formalisering av meirinntekter. Totalt sett utgjer omgrupperinga ein auke i løyvinga til Forsvarsdepartementet på 265 mill. kroner.

1.2 Tilleggsløyvingar

Norsk bidrag til UNIFIL II

       I samsvar med FNs tryggingsråd sin samrøystes resolusjon 1701 av 11. august 2006, mottok Noreg ei formell oppmoding frå FN om å bidra med maritime kapasitetar, og tilbaud eit bidrag bygd opp kring fire missiltorpedobåtar (MTB-ar). Regjeringa stadfesta etter komitéhøyringar i Stortinget deltakinga med fire MTB-ar og naudsynte støtteelement gjennom kgl.res. av 29. september 2006. Totalt utgjer det norske styrkebidraget rundt 150 personar.

       Meirkostnadene for bidraget er både personellrelaterte og knytte til materiell, vedlikehald, deployering og kjøp av varer og tenester etc. Totalt er det no rekna ut at bidraget vil koste 25 mill. kroner i 2006.

       I denne proposisjonen vert det fremja forslag om tilleggsløyving av 25 mill. kroner for 2006.

1.3 Grunnlaget for omgrupperinga

1.3.1 Økonomisk grunnlag

       Grunnlaget for omgrupperinga er vedtatt budsjett for 2006, dei seinare endringane gjort av Stortinget, og midlar ført over frå 2005. Det er og tatt omsyn til forsvarssektoren sin del av lønnskompensasjonen for 2006 (301,990 mill. kroner).

Tabell 1.1 Faktisk løyving på utgiftssida, før omgruppering 2006, kjem fram slik (i 1.000 kroner):

Vedtatt budsjett 2006 30.610.218
St.prp. nr. 65 (2004-2005) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet medregnet folketrygden 2006 (RNB), jf. Innst.S.nr.240 (2004-2005). 19.678
St.prp. nr. 70 (2004-2005) Om endringar i Regulativ for tillegg o.a. til utskrivne vernepliktige mannskap og om endring i gradsnivå for militære embete (« soldatproposisjonen »), jf. Innst.S.nr.274 (2004-2005). 12.503
Lønnsregulering for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet. 301.990
= Faktisk løyving før omgruppering 30.944.389
+ Midlar ført over frå 2005 1.105.500
= Disponible midlar i 2006 før omgrupperinga 32.049.889


Tabell 1.2 Disponibel løyving på inntektssida, før omgruppering 2006, kjem fram slik (i 1.000 kroner):

Vedtatt budsjett 2006 1.003.452
= Løyvingar før omgruppering 1.003.452

1.3.2 Inntekter i 2006

       I høve til vedtatt budsjett for 2006 er det ei netto meirinntekt (brutto meirinntekter minus mindreinntekter) på 240 mill. kroner som er foreslått lagt til utgiftssida. Det vert i denne samanhengen vist til Forsvarsdepartementet sin meirinntektsfullmakt i St.prp. nr. 1 (2005-2006) under vedtak II.

Tabell 1.3 Løyvingsbehov på utgiftssida i samband med omgrupperingsproposisjonen vert slik (i 1000 kroner):

Auke på utgiftssida grunna meirinntekter førde til utgiftssida 240.000
+ Tilleggsløyvingar 25.000
= Sum behov ved omgrupperinga 265.000
+ Løyvingar før omgrupperinga 30.944.389
= Samla løyvingar etter omgrupperinga 31.209.389
+ Midlar ført over frå 2005 1.105.500
= Samla disponible midlar i 2006 etter omgrupperinga 32.314.889


Tabell 1.4 Løyvingsbehovet på inntektssida i samband med omgrupperingsproposisjonen vert slik (i 1.000 kroner):

Løyvingar før omgrupperinga 1.003.452
Meirinntekter 240.000
= Løyvingar etter omgrupperinga 1.243.452

       Regjeringa foreslår på denne bakgrunn, under forslag til vedtak, at utgiftsramma vert auka med 265 mill. kroner og at inntektsramma vert auka med 240 mill. kroner.

1.3.3 Utgifter

       Tala i tabellane nedanfor syner netto endringar på dei ulike postane. Utgiftstabellen er inklusiv fordeling av meirinntekter.

Tabell 1.5 Postfordeling utgifter (i 1.000 kroner)

Post Formål Mindreutg.-/Meirutg.+
1 Driftsutgifter 634.652
43 Til disposisjon for Forsvarsdepartementet -20.000
45 Store nyskaffingar -820.000
47 Nye bygg og anlegg 417.848
50 Overføringar Statens Pensjonskasse 58.000
70 Renter låneordning -5.500
Sum   265.000

1.3.4 Inntekter

Tabell 1.6 Postfordeling inntekter (i 1.000 kroner)

Post Formål Mindreinnt. -/Meirinnt.+
1 Driftsinntekter 329.000
45 Store nyskaffingar 0
47 Sal av eigedom -89.000
48 Fellesfinansierte byggje- og anleggsinntekter 0
90 Lån til bustadføremål 0
Sum   240.000


oversikt første neste


Sist oppdatert 15. des 2006 av Stortingets administrasjon