|
Stiftelsen Militærhistorisk Forum Østlandet (SMFØ) har frå våren 2000 utstilt Forsvarets flysamling på Gardermoen (FFG), til glede for publikum i austlandsregionen. I den seinare tid har stiftinga sine driftskostnader auka vesentleg, noko som har ført til mangel på driftskapital. For å handtere situasjonen, har SMFØ utarbeidd ein forretningsplan som har som målsetjing å styrkje kundegrunnlaget og gjere stiftinga berekraftig innan tre år. Stiftinga inngjekk difor i 2004 ein intensjonsavtale om eit nærare samarbeid med Norsk Luftfartsmuseum i Bodø. Røynslene med avtalen er så langt positive på fleire område, og samarbeidet skal utviklast vidare. Også Ullensaker kommune ynskjer samarbeid med stiftinga, og har gjeve lovnad om å leggje til rette for at stiftinga skal få gode arbeids- og utviklingskår. Alt i alt synest det på sikt å vere lagt godt til rette for ei berekraftig drift av flysamlinga utan støtte frå staten, men det føreset ei viss støtte i etablerings-/oppbyggingsfasen. Forsvarsdepartementet meiner det er gode grunnar for å gje ei slik støtte.
Samstundes viser ein til Stortinget si utsegn i 1997 om at SMFØ skulle ta seg av drifta utan kostnader for staten, jf. Innst.S.nr.303 (1996-1997), jf. St.prp. nr. 57 (1996-1997). I denne utsegna heiter det:
| « ... stiftelsen vil selv ta seg av driften av samlingen uten kostnader for staten og at inntektene fra publikumsfasilitetene, helt eller delvis, skal finansiere driften ... » |
Departementet meiner at desse omsyna kan balanserast ved at stiftinga vert gjeve eit eingongstilskot på 2,25 mill. kroner til å dekkje driftsutgifter og å gjennomføre forretningsplanen si målsetjing om å utvikle eit langsiktig kundegrunnlag. Det er også ein føresetnad at stiftinga, dersom den opphavelege planen viser seg å vere for optimistisk, justerer aktiviteten tidsnok til at tilskottet kan medverke til å sikre vidare drift, med eit lågare ambisjonsnivå og utan støtte over forsvarsbudsjettet. Dette inneber likevel ikkje at stiftinga vil vere forhindra frå å nytte andre offentlege støtteordningar.