Lenke til Stortingets hovedside  

Innst.S.nr.130 (2006-2007)
Innstilling frå kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen om samtykke til deltaking i ei avgjerd i EØS-komiteen om innlemming i EØS-avtala av avgjerd nr. 1720/2006/EF 15. november 2006 om fastsetjing av eit handlingsprogram for livslang læring


oversikt første forrige neste

Samandrag

       Kunnskapsdepartementet rår til at Noreg tek del i avgjerda til EØS-komiteen om å innlemme i EØS-avtala avgjerda om å fastsetje EU-programmet for livslang læring, Lifelong Learning Programme 2007-2013 (LLP). Utanriksdepartementet sluttar seg til dette.

       Deltakinga for Noreg i dette sjuårige programmet er i tråd med norske utdanningspolitiske interesser. Programmet er meint å samle dei tidlegare utdanningsprogramma til EU slik at ein femner heile utdanningsløpet under eitt. Deltaking i desse tiltaka vil vere med på å verkeleggjere livslang læring for alle. Norske og europeiske målsetjingar på dette området er i høg grad samanfallande. Internasjonalt utdanningssamarbeid er dessutan eit viktig ledd i kvalitetsutviklinga i vårt eige utdanningssystem. Det stør opp om undervisninga i framandspråk og bruken av IKT i utdanninga, og det er med på å gje ny kunnskap og større forståing mellom menneske og kulturar.

       Noreg har i mange år teke del i dei europeiske utdannings- og opplæringsprogramma. Dei er ein av berebjelkane i EØS-avtala og ein viktig faktor i kontakten med EU. Det geografiske nedslagsfeltet for dette utdanningssamarbeidet er òg veksande. Det er lagt opp til at det nye programmet for livslang læring skal kunne femne om opptil 39 europeiske statar.

       Programmet har ei samla ramme på 6,97 mrd. euro. Det vil for Noreg sin del seie om lag 151 mill. kroner i snitt per år over 7 år. Senter for internasjonalisering av høgare utdanning vil ha samordningsansvaret. Kostnadene er rekna til 5 mill. kroner per år.



oversikt første neste


Sist oppdatert 27. feb 2007 av Stortingets administrasjon