|
Regjeringa legg i proposisjonen fram eit forslag om å utvide ramma for garantiordninga for byggjelån under GIEK frå 2,5 mrd. kroner til 5,0 mrd. kroner. Ordninga vart vedteke i statsbudsjettet for 2005, og har vore operativ sidan 1. mars 2005. Ramma set ei grense for summen av tilsegn og polisar som til ei kvar tid er gitt under ordninga.
I 2005 vart ordninga lite nytta, men hausten 2006 har omfanget av søknadar auka kraftig, og ramma vart i løpet av januar 2007 nytta fullt ut. Ramma på 2,5 mrd. kroner vart samrøystes vedteke i Stortinget 15. desember 2006, i samsvar med forslag til vedtak VIII pkt. 4 i St.prp. nr. 1 (2006-2007) frå Nærings- og handelsdepartementet. Ordreutviklinga har skjedd svært raskt, og med den avgrensinga ein har per i dag vil ein no måtte avvise nye søknader. Regjeringa foreslår derfor å auke ramma for ordninga.
Bakgrunnen for å skipe ei slik ordning var at norske lokal- og regionalbankar har grenser for kor stort engasjement dei kan ha per verft. Garantiordninga for byggjelån under GIEK bidrar til å avlaste risiko slik at bankanes kapasitet til å tilby byggjelån til verfta auker.
Ein føresetnad for at rederia skal kunne kontrahere skip, er at verfta kan finansiere bygginga av skipet. Bankane gir verfta tilbod om byggjelån for å finansiere byggjeprosessen fram til levering, og først då får verfta oppgjer frå rederia. Ordninga inneber at GIEK avlastar bankane på like vilkår med inntil 50 % av risikoen i samband med nybygging og ombygging av skip ved norske verft. Ordninga inneber ikkje noko form for statsstønad, og ho skal gå i balanse på lang sikt. Hvis administrasjonskostnadane er på same nivå vil resultatet under ordninga bli det same i GIEK som i dei private bankane.
GIEK skal ha ein akseptabel risikoprofil på porteføljen sin og avgrense tapa. I dag har verfta fulle ordrebøker. Dette fører med seg at verfta har fått garantiar for byggjelån til båtar som skal bli levert nokre år fram i tid. GIEK si risikoeksponering er avgrensa til skip kor bygging allereie er i gong. GIEK foretar ei reell risikovurdering for kvar enkelt garantisak, og må også vurdere risikoen i den totale portefølja og vurdere behovet for auka garantipremiar opp mot denne risikoen.
Skipsverfta er i stor grad avhengige av den internasjonale etterspurnaden etter skip, og er sårbare for internasjonale konjunktursvingingar. I det siste har ordretilgongen auka kraftig. Etterspurnaden etter garantiar for byggjelån heng saman med fleire ordrar for verfta, og at verfta har relativt låg eigenkapital etter fleire vanskelege år. I tillegg har fleire bankar nådd eit tak for den risikoeksponeringa dei kan ha i verftsnæringa.
Ordninga blir først og fremst nytta av lokal- og regionalbankane, sidan dei har størst avgrensingar for kor stort engasjement dei kan ha på kvart verft, og kor eksponert dei kan vere i næringa. Dei større verfta får finansiering frå dei store norske bankane og utanlandske bankar, og har ikkje same behov for garantiar for byggjelån. 16 prosent av skipa som skal bli levert i 2007 eller seinare har nytta ordninga.
Ein auke av ramma vil ha god regional verknad, og vil særleg kunne få mykje å seie for Vestlandet. Ei operativ garantiordning for byggjelån vil vere med på å skape langsiktig verdiskaping og sysselsetjing langs kysten.
Sidan kontraktane som vil bli gjort mogelege gjennom denne ordninga ligg fram i tid, vil ikkje rammeauken føre til auka press i økonomien. Ei auka ramme no sikrar ordremasse for dei kommande åra.