Lenke til Stortingets hovedside  

Innst.S.nr.181 (2006-2007)
Innstilling fra næringskomiteen om samtykke til deltakelse i en beslutning i EØS-komiteen om innlemmelse i EØS-avtalen av EUs rammeprogram for konkurranseevne og innovasjon (2007-2013)


oversikt første forrige neste

Komiteens merknader

       Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Gunvor Eldegard, Sigrun Eng, Steinar Gullvåg, Sigvald Oppebøen Hansen og Arne L. Haugen, fra Fremskrittspartiet, Hans Frode Kielland Asmyhr, Kåre Fostervold og Øyvind Korsberg, fra Høyre, Torbjørn Hansen og Petter Løvik, fra Sosialistisk Venstreparti, Aud Herbjørg Kvalvik, fra Kristelig Folkeparti, Ingebrigt S Sørfonn, fra Senterpartiet, lederen Lars Peder Brekk, og fra Venstre, Gunn Berit Gjerde, viser til at EUs rammeprogram (CIP) for konkurranseevne og innovasjon er opent for deltaking frå EØS/EFTA-statane gjennom EØS-avtala. Rammeprogrammet samlar og vidarefører ei rekke tidlegare program og aktivitetar med auka konkurranseevne og innovasjon i Europa som føremål. I tillegg har programmet som føremål å skape eit innovativt og inkluderande informasjonssamfunn og å fremme effektiv energibruk og auka bruk av fornybar energi i Europa.

       Komiteen registrerer at ei eventuell deltaking forpliktar Noreg økonomisk over fleire år. I og med at programmet er mest relevant for små og mellomstore bedrifter, meiner komiteen at dette er relevant for ein stor del av norsk næringsliv.

       Komiteen meiner at vekst og velferd i Noreg er nær knytt til utviklinga i Europa. Vidare vil ei deltaking i CIP vere ein lekk i Regjeringas satsing på innovasjon, auka konkurranseevne og for fornying av offentleg sektor. I denne samanhengen blir det vist til at CIP-programmet vert framheva som eit av Europakommisjonens viktigaste verktøy for å oppnå auka sysselsetting og økonomisk vekst i Europa.

       Komiteen registrerer også at norske aktørar gjennom programmet får tilgang til fleire finansielle instrument i EU samt møteplassar mellom norske og europeiske bedrifter for å leggje til rette for auka samarbeid på tvers av landegrenser.

       Komiteen viser til at det norske bidraget, om lag 100 mill. kroner i året, vert dekt av løyvingar over budsjetta til Nærings- og handelsdepartementet, Fornyings- og administrasjonsdepartementet og Olje- og energidepartementet. Komiteen registrerer også at det er Nærings- og handelsdepartementet som vil ha eit overordna ansvar for å koordinere den norske deltakinga i programmet og få ansvaret for aktivitetar innafor entreprenørskaps- og innovasjonssøyla.

       Komiteen meiner det er viktig med norsk deltaking i oppstartsfasen av programmet, slik at det blir muleg å påverke innretninga på delprogramma.

       Komiteen meiner vidare at ei deltaking i EUs rammeprogram for konkurranse og innovasjon, CIP, er positivt for norske bedrifter og sluttar seg til Regjeringas framlegg om deltaking i programmet.



oversikt første neste


Sist oppdatert 3. mai 2007 av Stortingets administrasjon