Lenke til Stortingets hovedside  

Innst.S.nr.227 (2006-2007)
Innstilling frå finanskomiteen om Kredittmeldinga 2006


oversikt første forrige neste

5. Verksemda til Kredittilsynet i 2006

5.1 Samandrag

       Kredittilsynet er det sentrale offentlege organet som fører tilsyn med at finansinstitusjonane innrettar seg etter dei rettslege rammevilkåra som til kvar tid gjeld for finansmarknaden. Mellom anna skal Kredittilsynet sjå til at lover og forskrifter blir følgde.

       Kredittilsynet skal, i følgje kredittilsynslova § 8 andre ledd, kvart år gi Finansdepartementet ei melding om verksemda. I meldinga omtalar Kredittilsynet organisatoriske forhold, rekneskap og generelle spørsmål knytte til tilsynsarbeidet. Vidare blir det gitt ein nærmare omtale av arbeidet innanfor dei ulike tilsynsområda. Årsmeldinga frå Kredittilsynet følgjer denne meldinga som utrykt vedlegg. Det visast til meldinga for nærmare omtale.

5.2 Merknader frå komiteen

       Komiteen tek omtalen til orientering.

       I ein situasjon der kredittinstitusjonane finansierer opp mot 100 prosent av hushalda sine investeringar i bustader, og der ein aukande del av låna vert gjeve med avdragsfridom dei første åra, meiner komiteens medlem frå Kristeleg Folkeparti at Kredittilsynet bør intensivera tilsynet med utlånspraksisen i desse institusjonane.



oversikt første neste


Sist oppdatert 7. juni 2007 av Stortingets administrasjon