Innst.S.nr.281 (2006-2007)
Innstilling fra arbeids- og sosialkomiteen om trygdeoppgjeret
2007
Sammendrag
Det blir i proposisjonen fremja
forslag om å regulere grunnbeløpet (G) i folketrygda med verknad frå 1. mai
2007 og å auke løyvingar på statsbudsjettet for 2007 som følgje av
reguleringa.
Det blir i proposisjonen gjort greie
for drøftingane mellom staten og Norsk Pensjonistforbund, Funksjonshemmedes
Fellesorganisasjon, Samarbeidsforumet av funksjonshemmedes organisasjoner,
Landsorganisasjonen i Noreg, Unio, Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund og
Akademikerne. Regjeringa og organisasjonane blei samde om å auke
grunnbeløpet med kr 3.920 frå 1. mai 2007.
Staten har i drøftingane teke
utgangspunkt i retningslinjene for trygdeoppgjeret som Stortinget vedtok 28.
mai 2003, jf.
Innst.S.nr.223
(2002-2003).
Organisasjonene fremja krav om:
| a) | Et
tillegg på 0,25 % ut over Regjeringens anslag til lønnsvekst som skulle øremerkes
en økning av særtillegget for minstepensjonistene. |
| b) | En
økning av unge uføres tilleggspensjon med 1 pensjonspoeng, fra dagens nivå på
3,30 pensjonspoeng til 4,30 pensjonspoeng. |
Statens tilbod på ein auke på kr
3.920, fra kr 62.892 til kr 66.812, fra 1. mai 2007 innebar ei årsvekst for
pensjonistar på 5,38 %
Regjeringa og organisasjonane blei
samde om å auke grunnbeløpet med kr 3.920 frå 1. mai i år. Det
gjennomsnittlege grunnbeløpet aukar då med 5,38 prosent frå 2006 til 2007.
I tillegg blei partane samde om ein protokolltilførsel når det gjeld
minstepensjonistane og dei unge uføre:
| « (
...) Staten viser til at en i samarbeid med organisasjonene vil kartlegge utviklingen
i levekår og inntekt og vurdere mulige tiltak for disse gruppene som grunnlag
for Regjeringens ordinære budsjettbehandling. Staten er innstilt på å inngå
en prosess med organisasjonene som deltar i trygdeforhandlingene i denne gjennomgangen.
(...) » |
Etter framlegget aukar pensjonane til
einslege minstepensjonistar med kr 7.032 pr. år til kr 119.820 pr. år. For
ektepar der begge er minstepensjonistar, aukar pensjonen med kr 12.888 pr.
år til kr 219.600 pr. år.
Meirutgiftene ved framlegget vert på
om lag 7.032 mill. kroner. I tillegg kjem auka utgifter til
statspensjonistane frå 1. mai 2007, jf.
St.prp. nr. 82 (2006-2007) Om lønsregulering for arbeidstakarar i det
statlege tariffområdet 2007 mv.
Tabellen nedanfor viser utviklinga av
minstepensjonane og pensjonane for unge uføre frå
1. januar 1990 etter forslaget til pensjonsregulering.
Utviklinga av minstepensjonane og pensjonane for unge uføre i perioden
1. januar 1990 - 30. april 2008. Kroner.
| |
Minstepensjon | Unge uføre
født før 1941 |
| |
Pr. år | Pr. md. |
Pr. år | Pr. md. |
Pr. år | Pr. md. |
| 1.01.90-30.04.90 |
51.839 | 4.320 |
83.972 | 6.998 |
56.748 | 4.729 |
| 1.05.90-30.11.90 |
54.220 | 4.518 |
87.960 | 7.330 |
58.980 | 4.915 |
| 1.12.90-30.04.91 |
54.378 | 4.532 |
88.217 | 7.351 |
65.2901 | 5.4411
|
| 1.05.91-30.04.92 |
56.978 | 4.748 |
92.158 | 7.680 |
75.6882 | 6.3072
|
| 1.05.92-30.04.93 |
58.583 | 4.882 |
94.752 | 7.896 |
85.7753 | 7.1483
|
| 1.05.93-31.12.93 |
59.868 | 4.989 |
96.816 | 8.068 |
87.6484 | 7.3044
|
| 1.01.94-30.04.94 |
59.868 | 4.989 |
101.0885 | 8.4245
| 87.6484 |
7.3044 |
| 1.05.94-31.12.94 |
61.116 | 5.093 |
103.200 | 8.600 |
89.4844 | 7.4574
|
| 1.01.95-30.04.956 |
61.512 |
5.126 | 103.992 |
8.666 | 89.4844 |
7.4574 |
| 1.05.95-30.04.96 |
63.372 | 5.281 |
107.136 | 8.928 |
92.184 | 7.682 |
| 1.05.96-30.04.97 |
66.240 | 5.520 |
111.984 | 9.332 |
96.360 | 8.030 |
| 1.05.97-30.04.987 |
69.360 |
5.780 | 117.456 |
9.788 | 105.612 |
8.8018 |
| 1.05.98-30.04.999 |
81.360 |
6.780 | 140.040 |
11.670 | 112.752 |
9.396 |
| 1.05.99-30.04.00 |
84.204 | 7.017 |
144.912 | 12.076 |
116.676 | 9.723 |
| 1.05.00-30.04.01 |
88.032 | 7.336 |
151.512 | 12.626 |
121.992 | 10.166 |
| 1.05.01-30.04.02 |
92.100 | 7.675 |
158.520 | 13.210 |
127.632 | 10.636 |
| 1.05.02-30.04.03 |
97.140 | 8.095 |
167.208 | 13.934 |
134.616 | 11.218 |
| 1.05.03-30.04.04 |
101.964 | 8.497 |
181.20010 | 15.100 |
141.300 |
11.775 |
| 1.05.04-30.04.05 |
105.408 | 8.784 |
190.24811 | 15.854 |
146.064 |
12.172 |
| 1.05.05-30.04.06 |
108.852 | 9.071 |
199.51212 | 16.626 |
150.840 |
12.570 |
| 1.05.06-30.04.07 |
112.788 | 9.399 |
206.712 | 17.226 |
156.288 | 13.024 |
| 1.05.07-30.04.08 |
119.820 | 9.985 |
219.600 | 18.300 |
166.032 | 13.836 |
| 3 | Frå
1. januar 1993 (pga. heva aldersgrense. |
| 4 | Født
før 1943 (1. januar 1926-31. desember 1942. |
| 5 | Heving
av sats for særtillegget for ektepar frå 1. januar 1994. Ny sats 2 x 60,5 %
av grunnbeløpet, dvs. dobbelt av ordinær sats og ny minstesats. |
| 6 | Heving
av sats for særtillegget frå 1. januar 1995. Ordinær sats utgjorde 61,55 % av
grunnbeløpet. |
| 7 | Heving
av sats for særtillegget frå 1. mai 1997. Ordinær sats utgjorde 63,2 % av grunnbeløpet
(minstesats 57,5 pst. |
| 8 | Auking
av garantert poengtal frå 3 til 3,3. |
| 9 | Heving
av sats for særtillegget frå 1. mai 1998. Ordinær sats er 79,33 % av grunnbeløpet,
medan minstesats er 74 % av grunnbeløpet. |
| 10 | Grunnpensjonen
for ektepar auka frå 0,75 G til 0,8 G frå 1. mai 2003 |
| 11 | Grunnpensjonen
for ektepar auka til 0,825 G frå 1. mai 2004 |
| 12 | Grunnpensjonen
for ektepar auka til 0,85 G frå 1. mai 2005 |
Kilde: Arbeids- og velferdsdirektoratet
Pensjonane aukar til vanleg
tilsvarande veksten i grunnbeløpet. Likevel auka pensjonane for ektepar og
sambuande sterkare enn grunnbeløpet i åra 2003-2006. Årsaka er at
grunnpensjonen for ektepar og sambuande auka frå 0,75 G til 0,8 G frå 1. mai
2003, til 0,825 G frå 1. mai 2004 og til 0,85 G frå 1. mai 2005. Den siste
endringa fekk heilårsverknad i 2006.
Grunnbeløpet og pensjonane for dei
einslege minstepensjonistane auka i perioden 2001-2006 med gjennomsnittleg
4,3 % pr. år, som er på linje med utviklinga for lønstakarar i alt i same
tidsrom. For ektepar og sambuande med minstepensjon var veksten sterkare av
di grunnpensjonen blei trappa opp.
Det blir i proposisjonen gjort greie
for dei særlege skattereglane som gjeld for pensjonistar i 2007, som i
hovudsak er ei vidareføring av skattereglane frå 1992.
Reguleringa har òg konsekvenser for
krigspensjoneringa, og for 2007 blir det rekna med meirutgifter på 9 mill.
kroner til krigspensjoneringa for militærpersonar og 23 mill. kroner til
krigspensjoneringa for heimestyrkepersonell og sivilpersonar.
Krigspensjonane blir samordna med
pensjonar frå folketrygda. Det blir gjort framlegg om å auke løyvinga under
kap. 660 Krigspensjonering med 32 mill. kroner for 2007.
På bakgrunn av at avtalefesta pensjon
og pensjonstrygda for sjømenn skal regulerast i høve til ytingane frå
folketrygda, blir det gjort framlegg om at statstilskottet til avtalefesta
pensjon (kap. 666 post 70) auka med 38 mill. kroner, og at løyvingane til
pensjonstrygda for sjømenn (kap. 664 post 70) aukar med 48 mill. kroner.
Sist oppdatert 13. juni 2007 av Stortingets administrasjon