Lenke til Stortingets hovedside  

Innst.S.nr.283 (2006-2007)
Innstilling fra forsvarskomiteen om endringar i « Regulativ for tillegg mv. til utskrivne vernepliktige mannskap »


oversikt første forrige neste

Sammendrag

Innleiing

       I denne proposisjonen legg Forsvarsdepartementet fram forslag om regulering av primærgodtgjersler for utskrivne vernepliktige mannskap frå 1. juli 2007.

       Forslaget til regulering er basert på resultatet av lønsoppgjeret mellom staten og LO-Stat, Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund-Stat, Akademikerne og Unio. Forsvarsdepartementet har dei seinare åra, i tråd med synet til Stortinget, lagt til grunn den reguleringa som blir gitt i lågaste lønstrinn for vaksen, ufaglært arbeidskraft. Med grunnlag i lønsoppgjeret for statstilsette blir primærgodtgjersler til vernepliktige mannskap tilrådd auka med 3,4 % frå 1. juli 2007. Forsvarsdepartementet har vedteke å omgjere utdanningsbonus frå eingongssum til dagsats. Tidlegare elevtillegg er gjort om og går inn i ny dagsats for utdanningsbonus.

       Meirutgiftene for 2007 er utrekna til 10,573 mill. kroner.

Auke av status for befalsskoleelevar

       For å gi befalsskoleelevar ei auke av status og for å få meir økonomisk jamstilling mellom befalsskoleelevar og vernepliktige som avtener fyrstegongsteneste, har Forsvarsdepartementet vedteke å endre utdanningsbonus frå 1. juli 2007. Utdanningsbonus som eingongssum er gjort om til « dagsats utdanningsbonus ». Tidlegare elevtillegg er lagt inn i dagsatsen og satsen er ytterlegare auka til kr 47 pr. dag. Udanningsbonus dagsats vil som tidlegare bli regulert som dei øvrige primærgodtgjerslene.

Vurderingar

       Dei årlege reguleringane med basis i lønsoppgjeret sikrar dei vernepliktige ein rimeleg god levestandard. Departementet meiner det er naturleg og rimeleg at det i år blir gitt ei regulering som for lågaste begynnarløn for vaksen, ufaglært arbeidskraft i staten. Etter ei samla vurdering er Forsvarsdepartementet kome fram til at dei vernepliktige bør få ei regulering på avrunda 3,4 % med verknad frå 1. juli 2007.

Regulering av satsane

       Forslaget inneber følgjande regulering av satsane frå 1. juli 2007:

Tenestetillegg frå kr 126,00 til kr 130,00 pr. dag
Korporalstillegg frå kr 16,00 til kr 16,50 pr. dag
Kompensasjonstillegg frå kr 247,50 til kr 256,00 pr. dag
Ektefelletillegg frå kr 3.375,00 til kr 3.492,00 pr. månad
Barnetillegg, fyrste barn frå kr 3.834,00 til kr 3.966,00 pr. månad
Barnetillegg, øvrige barn frå kr 1.581,00 til kr 1.635,00 pr. månad
Dimisjonsgodtgjersle 12 månader teneste frå kr 23.000,00 til kr 23.798,00
Utdanningsbonus, dagsats frå kr 47,00 til kr 48,50 pr. dag

Samla utrekning av utgiftene

       Meirutgiftene som følgje av forslaget er utrekna til 10,573 mill. kroner for 2007 etter følgjande fordeling:

Auke av tenestetillegg og korporalstillegg 6,351 mill. kroner
Auke av kompensasjonstillegg 0,117 mill. kroner
Auke av forsørgjartillegg 0,592 mill. kroner
Auke av dimisjonsgodtgjersle 3,412 mill. kroner
Auke av utdanningsbonus 0,101 mill. kroner

Verknad for siviltenesta

       Regulativendringar for militære vernepliktige mannskap utløyser tilsvarande endringar for dei sivile vernepliktige. Dette følgjer av militærnekterlova § 18. Meirkostnadane for siviltenesteforvaltninga for andre halvåret 2007 er utrekna til 0,946 mill. kroner. Verknad for heile året blir 1,682 mill. kroner.



oversikt første neste


Sist oppdatert 13. juni 2007 av Stortingets administrasjon