Representanten Hans Gjeisar Kjæstad tok ordet og uttalte:
Jeg anmoder forrige lagtings president, Lodve Solholm, om midlertidig å lede Lagtingets forhandlinger.
Lodve Solholm (FrP) (frå salen):
Dersom ingen har noko mot det, tek eg imot oppmodinga.
Lodve Solholm overtok deretter presidentplassen.
Presidenten: Fungerande president vil be sekretæren frå det førre lagtinget, Ingvild Vaggen Malvik, om mellombels å fungere som sekretær.
Referat
Stortingets presidentskap melder at de innkalte vararepresentantene Mette Korsrud, Morten Ørsal Johansen, Aud Viken, Leif Christian Johansen og Inger Møll er innvalgt i Lagtinget for den tid de møter for henholdsvis representantene Julie Christiansen, Thore Aksel Nistad, Reidar Sandal, Ivar Østberg og Elsa Skarbøvik.
Samr.: Blir lagt ved protokollen.
Presidenten: Det skal først veljast president og visepresident.
Når det gjeld val av president og visepresident, følgjer Lagtinget forretningsordenens § 4 femte og sjette ledd, som vart referert under Stortingets konstituering.
Fungerande president ber om framlegg til Lagtingets president.
Per Ove Width (FrP) : Jeg foreslår Lodve Solholm.
Presidenten: Lodve Solholm er foreslått vald til Lagtingets president. - Andre framlegg ligg ikkje føre. Votering: Framlegget frå Per Ove Width vart samrøystes vedteke.
Presidenten: Presidenten ber så om framlegg til Lagtingets visepresident.
Ingmar Ljones (KrF) : Eg gjer framlegg om Odd Holten.
Presidenten: Odd Holten er foreslått som Lagtingets visepresident. - Andre framlegg ligg ikkje føre. Votering: Framlegget frå Ingmar Ljones vart samrøystes vedteke.
Presidenten: Det skal så veljast sekretær i Lagtinget, og presidenten ber om framlegg.
Sigbjørn Molvik (SV) : Jeg foreslår Ingvild Vaggen Malvik.
Presidenten: Ingvild Vaggen Malvik er foreslått som Lagtingets sekretær. - Andre framlegg ligg ikkje føre. Votering: Framlegget frå Sigbjørn Molvik vart samrøystes vedteke.
Presidenten: Det skal så veljast visesekretær, og presidenten ber om framlegg.
Ingmar Ljones (KrF) : Eg gjer framlegg om Dagrun Eriksen.
Presidenten: Dagrun Eriksen er foreslått som Lagtingets visesekretær. - Andre framlegg ligg ikkje føre. Votering: Framlegget frå Ingmar Ljones vart samrøystes vedteke.
Presidenten: Då er Lagtinget kome til val av første og andre varapresident. Presidenten ber om framlegg til første varapresident.
Per Ove Width (FrP) : Jeg foreslår Thore Aksel Nistad.
Presidenten: Thore Aksel Nistad er foreslått som første varapresident. - Andre framlegg ligg ikkje føre. Votering: Framlegget frå Per Ove Width vart samrøystes vedteke.
Presidenten: Presidenten ber så om framlegg til andre varapresident.
Ingmar Ljones (KrF) : Eg gjer framlegg om Elsa Skarbøvik.
Presidenten: Elsa Skarbøvik er foreslått som andre varapresident. - Andre framlegg ligg ikkje føre. Votering: Framlegget frå Ingmar Ljones vart samrøystes vedteke.
Presidenten: Lagtinget skal så til slutt velje varasekretær. Presidenten ber om framlegg.
Rune J Skjælaaen (Sp) : Jeg foreslår Åslaug Haga.
Presidenten: Åslaug Haga er foreslått som varasekretær. - Andre framlegg ligg ikkje føre. Votering: Framlegget frå Rune J Skjælaaen vart samrøystes vedteke.
Presidenten: Med dette har Lagtinget konstituert seg, og det vil bli sendt melding til Stortinget og Odelstinget om dette.