|
Representanten Hans Gjeisar Kjæstad tok ordet og uttalte:
Jeg anmoder forrige lagtings
president, Lodve Solholm, om midlertidig å lede Lagtingets forhandlinger.
Lodve Solholm (FrP) (frå salen):
Dersom ingen har noko mot det, tek eg imot oppmodinga.
Lodve Solholm overtok deretter presidentplassen.
Presidenten: Fungerande president vil be sekretæren frå det førre lagtinget, Ingvild Vaggen Malvik, om mellombels å fungere som sekretær.
Referat
| (3) |
Stortingets presidentskap melder at de innkalte vararepresentantene Pål Kårbø og Morten Ørsal Johansen er innvalgt i Lagtinget for den tid de møter for representantene Ingmar Ljones og Thore Aksel Nistad.
Samr.: Blir lagt ved protokollen.
Presidenten: Det skal først veljast president og visepresident.
Når det gjeld val av president og visepresident, følgjer Lagtinget forretningsordenens § 4 femte og sjette ledd, som vart referert under Stortingets konstituering.
Fungerande president ber om framlegg
til Lagtingets president.
Per Ove Width (FrP) : Jeg vil foreslå Lodve Solholm.
Presidenten: Lodve Solholm er foreslått vald til Lagtingets president. -
Andre framlegg ligg ikkje føre.
Framlegget frå Per Ove Width vart samrøystes vedteke.
Presidenten: Presidenten ber om
framlegg til Lagtingets visepresident.
Ivar Østberg (KrF) : Jeg tillater meg å foreslå Odd Holten.
Presidenten: Odd Holten er foreslått som Lagtingets visepresident. - Andre
framlegg ligg ikkje føre.
Framlegget frå Ivar Østberg vart samrøystes vedteke.
Presidenten: Det skal så veljast
sekretær til Lagtinget, og presidenten ber om framlegg.
Sigbjørn Molvik (SV) : Jeg foreslår Ingvild Vaggen Malvik.
Presidenten: Ingvild Vaggen Malvik er foreslått som sekretær. - Andre
framlegg ligg ikkje føre.
Framlegget frå Sigbjørn Molvik vart samrøystes vedteke.
Presidenten: Det skal no veljast
visesekretær, og presidenten ber om framlegg.
Ivar Østberg (KrF) : Jeg foreslår Dagrun Eriksen.
Presidenten: Dagrun Eriksen er foreslått som Lagtingets visesekretær. -
Andre framlegg ligg ikkje føre.
Framlegget frå Ivar Østberg vart samrøystes vedteke.
Presidenten: Då er Lagtinget kome til
val av første og andre varapresident. Presidenten ber om framlegg til
første varapresident.
Per Ove Width (FrP) : Jeg foreslår Thore A. Nistad.
Presidenten: Thore Aksel Nistad er foreslått som første varapresident. -
Andre framlegg ligg ikkje føre.
Framlegget frå Per Ove Width vart samrøystes vedteke.
Presidenten: Presidenten ber så om
framlegg til andre varapresident.
Ivar Østberg (KrF) : Jeg foreslår Elsa Skarbøvik.
Presidenten: Elsa Skarbøvik er foreslått som andre varapresident. - Andre
framlegg ligg ikkje føre.
Framlegget frå Ivar Østberg vart samrøystes vedteke.
Presidenten: Lagtinget skal til slutt
velje varasekretær. Presidenten ber om framlegg.
Rune J Skjælaaen (Sp) : Jeg foreslår Åslaug Haga.
Presidenten: Åslaug Haga er foreslått som varasekretær. - Andre framlegg
ligg ikkje føre.
Framlegget frå Rune J Skjælaaen vart samrøystes vedteke.
Presidenten: Med dette har Lagtinget
konstituert seg, og det vil bli sendt melding til Stortinget og Odelstinget
om dette.