|
TALERE:
Presidenten: Etter ønske fra justiskomiteen vil presidenten foreslå at debatten blir begrenset til 1 time og 10 minutter, og at taletiden blir fordelt slik på gruppene: Arbeiderpartiet 25 minutter, Senterpartiet 10 minutter, Høyre 10 minutter, Sosialistisk Venstreparti 5 minutter, Kristelig Folkeparti 5 minutter, Fremskrittspartiet 5 minutter, Venstre 5 minutter og Rød Valgallianse 5 minutter.
Videre vil presidenten foreslå at det blir gitt høve til replikkordskifte på inntil tre replikker med svar etter innlegg av hovedtalerne fra hver gruppe og etter innlegg fra medlemmer av Regjeringen.
Videre blir det foreslått at de som måtte tegne seg på talerlisten utover den fordelte taletid, får en taletid på inntil 3 minutter.
- Dette anses vedtatt.
Anita Apelthun Sæle (KrF) (ordførar for saka):
Forslaget om å senka den kriminelle lågalderen frå 15 til 14 år er ein gjengangar. Heller ikkje denne gongen får forslaget fleirtal i Stortinget. I Kristeleg Folkeparti er vi glade for det.
14-åringar er barn og må handsamast som barn, sjølv om vi veit at også barn utfører kriminelle handlingar - diverre i aukande grad. Men vi synest i det heile ikkje at det skal vere ein utveg å putta 14-åringar i fengsel. Dei går enno i grunnskulen, og det er foreldre og/eller barnevernet som skal ta ansvar og få dei barnekriminelle på eit betre spor.
Dok.nr.8:11 har tre forslag. Det første går som nemnt på å senka den kriminelle lågalderen til 14 år. Forslag nr. 2 går på at konfliktråd skal kunne brukast som meklingsinstans også der gjerningsmannen eller verjen ikkje ynskjer slik mekling. Dette forslaget vert også avvist av fleirtalet i komiteen. Likevel skriv fleirtalet i merknadene at det bør verta vurdert om konfliktråd kan brukast oftare enn det som er tilfellet i dag.
Konfliktråd vert brukt i stor grad for barn som er under den kriminelle lågalderen - i ca 30 % av tilfella. Men det er store variasjonar frå stad til stad når det gjeld kor mykje konfliktrådsordninga vert brukt, og det er tydeleg derfor trong for auka informasjon om konfliktrådet sine moglegheiter.
Komiteen er positiv til at konfliktråd vert tatt i bruk i aukande grad. Konfliktråd fungerer godt fordi det gjev offeret oppreising ved at forholdet vert erkjent som kriminelt. Samtidig må gjerningsmannen stå til ansvar for det han eller ho har gjort. Kontliktråd har difor ein førebyggjande funksjon. Fleirtalet - inklusiv Kristeleg Folkeparti - trur likevel ikkje at det styrkjer rådet om uvillige unge lovbrytarar og føresette vert pålagde å møta. Intensjonen er nettopp at det skal vera vilje til å gjera opp for seg i konfliktrådet, men òg at alvoret og offeret sine synspunkt skal verta synleggjorde også for den heilt unge gjerningsmannen.
Forslag nr. 3 i innstillinga er ei oppmoding til Regjeringa om å gjennomgå lov om barnevern for å klargjera eller endra reglane, slik at desse også kan nyttast som ledd i førebyggjande arbeid eller som ledd i ein etterfølgjande reaksjon på kriminelle handlingar. Heile komiteen sluttar opp om dette forslaget. Det er urovekkjande signal om at fleire og yngre barn gjer seg skuldige i kriminelle handlingar. Det er viktig å motverka at slik kriminalitet får utvikla seg. Barn som ranar og trakasserer jamaldringar, må få ein rask reaksjon, at føresette og samfunnet ikkje aksepterer slik atferd.
Barnevernet må vera best mogleg rusta til å takla også slike situasjonar. Foreldre eller føresette er og vert hovudansvarlege for barna sine, også for dei som gjer seg skuldig i lovbrot - likevel slik at det offentlege hjelpeapparatet med barnevernstenesta i spissen er det hjelpeapparatet som foreldra har å støtta seg til når barn gjer seg skuldig i lovbrot.
Fleirtalet er merksam på at det har vore reist spørsmål om barnevernstenesta har tilstrekkeleg heimel til å setja i verk strakstiltak overfor barn med kriminell åtferd. Derfor støttar vi forslag nr. 3, så der vert det altså samrøystes.
Kristeleg Folkeparti meiner dette også er ein adekvat måte for Regjeringa å fylgja opp vårt forslag i trontaledebatten i oktober 1996 om effektive tiltak for å førebyggja og motarbeida barnekriminalitet generelt.
Eg tilrår komiteen si innstilling til vedtak.
Presidenten: Det blir replikkordskifte. Anders C Sjaastad (H) : Saksordføreren
snakker konsekvent om at man ikke vil sette 14-åringer i fengsel. Som et
våkent medlem av justiskomiteen vet representanten Apelthun Sæle godt at det
finnes andre straffereaksjoner enn fengsel, bl.a samfunnstjeneste. Nå er
det slik at i og med at det er en straffereaksjon, kan altså en som er under
den kriminelle lavalder, ikke idømmes en slik straffereaksjon. Jeg vil da
spørre saksordføreren: Hva er galt med at en 14-åring idømmes
samfunnstjeneste, som til og med kan utføres etter skoletid og etter at
leksene er gjort? Men en forutsetning for samfunnstjeneste er altså at den
kriminelle lavalder senkes fra 15 til 14 år. Jeg synes det er å male
skremsler på veggen når man kun snakker om fengsel og ikke er villig til å
inngå i en diskusjon om samfunnstjeneste for 14-åringer.
Anita Apelthun Sæle (KrF) : Barn skal behandlast som barn, så vi meiner i
Kristeleg Folkeparti ærleg at 15 år er ungt nok for å koma inn i politiet og
straffeapparatet sine rammer.
Samfunnsteneste kunne ein gjera etter
skulegang og lekser, seier Sjaastad. Eg trur at det er mykje betre at vi
satsar på at desse barna nettopp går på skulen og nettopp gjer leksene sine,
og at foreldre og barnevern sørgjer for det. Då trur eg dei hadde vore
opptatt og kanskje ikkje hadde hatt all den tida til rådvelde som fører til
at ein har kriminell åtferd. Eg lurer litt på kvar det er blitt av
ærverdige gamle Høgre, med si humane behandling ikkje minst av barn, som ei
sjølvfylgje. 14-åringar høyrer ikkje heime i straffeapparatet vårt, og då må
vi heller ikkje opna vegen for at det er der dei skal hamna. Ein kunne jo
også gå vidare til 13-åringar, til 12-åringar, til 11-åringar, for dei kan også
vera på kant med samfunnet. Den kriminelle lågalderen skal ikkje setjast
ned til 14 år. Og begynner vi først på dette, kunne vi også ha sett den ned
til atskilleg lågare trinn. Eg synest ikkje det er vegen å gå. Vi må satsa
på dei som er dei føresette: foreldre og barnevern.
Anders C Sjaastad (H) : Det humanistisk innrettede Høyre er opptatt av at
også de som kommer på skråplanet, skal kunne bringes på rett kjøl og få
samfunnsverdiene innprentet, gjøre opp for seg og bli verdifulle
samfunnsborgere.
Men jeg har lyst til å stille
representanten Apelthun Sæle et spørsmål. Hun synes altså at konfliktråd er
greit, men ikke samfunnstjeneste. I praksis vil jo det man gjør, være
veldig likt. Og jeg vil da spørre: Når skal man gjøre opp for seg i henhold
til konfliktråd? Er ikke det også eventuelt etter skole og lekselesing? Og
hva er så galt med at man etter skoletid isteden utfører samfunnstjeneste,
som i praksis ikke er så veldig forskjellig?
Anita Apelthun Sæle (KrF) : Eg er glad for at Høgre vil, som Kristeleg
Folkeparti - der er vi einige - bringa barn på skråplanet inn på rett kjøl.
Det er nok meir nødvendig i dag enn før.
Men vi har ordningar, og det er det
som er noko av poenget her, vi har konfliktrådet som fungerer også etter sin
intensjon, og som kanskje kunne fungera betre. I tillegg har vi foreldre og
barnevern, vi har skule som kunne bringast inn på ein slik måte at vi fekk
desse barna på rett kjøl utan å bringa det strafferettslege apparatet inn,
og utan å senka den kriminelle lågalderen ned til barn som absolutt ikkje
høyrer inn under vaksenverda sine straffeordningar.
Presidenten: Flere har ikke bedt om ordet til replikk. Olav Akselsen (A) : Det er andre eller
tredje gongen i denne perioden me diskuterer den kriminelle lågalderen, og
etter mi meining burde derfor dette temaet no vera utdebattert. Det er
ingenting i det norske samfunnet som tilseier ein ny debatt om dette temaet
no. Når Høgre likevel vil ha denne ønskereprisen, må det vera ei årsak til
det. Så når forslaget no er kome opp på nytt, trur eg ikkje det er fordi
Høyre øygnar sjansen for at det denne gongen vil få fleirtal. Eg har òg ein
mistanke om at det heller ikkje er politiet sine problem med den kriminelle
lågalderen som er bakgrunnen, men Høgre sine eigne problem med å framstå som
eit truverdig kriminalpolitisk alternativ. Eg trur at bakgrunnen for at
dette forslaget er fremma, er at partiet Høgre har behov for å visa
handlekraft. Men når ein ikkje har noko å handla med, blir det heller ikkje
mykje igjen av krafta.
Ei utvikling med kriminelle handlingar
utførte av barn krev at me alle prøver å vera kreative og ser oss om etter
nye verkemiddel. Dessverre har ikkje Høgre betre fantasi enn at dei gong på
gong hostar fram eit gammalt forslag, eit forslag som for lengst er utgått
på dato. Dei erfaringane me gjorde oss den gongen me hadde ein kriminell
lågalder på 14 år, førte til at Regjeringa endra regelverket. Hovudgrunnen
for det var at dei negative følgjene av ein kriminell lågalder på 14 år var
så store som dei var. Ein opplevde at det regelverket ein hadde den gongen,
førte til store skadeverknader på dei barna som blei ramma av det.
Eg vil òg påstå at dei erfaringane ein
har gjort seg etter at ein heva den kriminelle lågalderen, tilseier at
fleirtalet gjorde rett den gongen. Motstandarane av å heva den kriminelle
lågalderen argumenterte med at ei heving ville føra til ein drastisk auke av
kriminaliteten i denne gruppa av den norske befolkninga. Faktisk viste det
seg at då den kriminelle lågalderen blei heva, gjekk kriminaliteten i denne
gruppa ned. Eg trur ikkje det var fordi ein heva den kriminelle lågalderen,
men fordi ein sette i verk andre tiltak.
Det er heller ikkje slik som ein kan
få inntrykk av at enkelte ønskjer å framstilla det, at det er fritt fram for
barn å gjera seg skuldige i kriminelle handlingar i Noreg. Politiet kan
etterforska saker, dei kan ransaka og gjera beslag, dei kan ta avhøyr, og
dei kan halda igjen barn under 15 år inntil barnevernet kjem, slik at
politiet har moglegheiter til å oppklåra desse sakene. I tillegg har
barnevernet ei rekkje verkemiddel. I yttarste konsekvens kan dei overta
omsorga for barnet, og dei kan tvangsplassera for å unngå nye kriminelle
handlingar.
Tidlegare i år var det store oppslag i
media om dei såkalla barneranarane. Det er klårt at me her såg ei heilt
uakseptabel åtferd, ei åtferd som me alle må prøva å få forhindra. Men i
den samanhengen var det snakk om barn heilt ned i 10-årsalderen. Derfor
ville ikkje Høgre sitt forslag løyst nokon av dei problema ein strei med i
den saka. Dermed er dette berre eit nytt bevis på at Høgre her slår eit
slag i lufta.
I samband med dei mykje omtala
barneranarane blei det stilt spørsmål ved siden av barnevernet sin måte å
opptre på, men ikkje minst stilt spørsmål om barnevernsmyndigheitene sine
moglegheiter til å gripa inn. Det gjeld spesielt spørsmålet om tolkingane
av § 4-24 i barnevernslova. Eg meiner at det no er rett på bakgrunn av den
diskusjonen å få vurdert desse sidene ved barnevernslova. Men for oss i
Arbeidarpartiet er det veldig viktig å få presisert at barnevernet ikkje
skal vera eit politi for barn eller retta mot barn. Barnevernet skal først
og fremst vera ein hjelpeinstitusjon som har til oppdrag å hjelpa foreldre
og barn som er komne skeivt ut.
Eg er glad for at ikkje andre parti er
så lettvinte som Høgre etter mi meining er i denne saka, og at det framleis
er eit fleirtal for å avvisa forslaget. Eg trur at ein høgare kriminell
lågalder enn den me har i dag, like så vel kunne ha slått ut i auka
kriminalitet, fordi ein ville ha opplevd at ein del barn hadde hamna i
fengsel, noko som har vist seg å vera reine forbrytaranstaltar for personar
i denne alderen.
Dersom eg kan få lov til å blanda meg
litt inn i den replikkvekslinga som var etter den førre talaren: Det er
klårt at hovudforskjellen mellom samfunnsteneste og konfliktråd er at
konfliktråd er frivillig, medan samfunnsteneste er resultat av ein dom, og
der brot på samfunnstenestedommen i yttarste konsekvens skal føra nettopp
til fengsel. Det er det som er den mest vesentlege forskjellen. Eg er
veldig positivt innstilt til at ein tar i bruk konfliktråd når det gjeld
barn. Eg trur det er med på å gje desse ungdomane ein vekkar, men eg trur
ikkje at det å dømma desse personane til samfunnsteneste vil føra noko godt
med seg. Og som sagt: Riset bak spegelen i tilfellet samfunnsteneste er
nettopp fengsel. Og dersom ein meiner noko med samfunnstenestedommen, må
ein òg vera villig til å følgja den opp.
« En straffetrussel er ikke i seg selv noen garanti for at 14-åringer ikke vil
begå handlinger som rammes av straffeloven. »
Eg oppfattar difor at
forslagsstillarane òg ser at det er andre sider av arbeidet overfor barn og
unge som det må leggjast vekt på, og ikkje berre å snakke om fengsel og
strafferettslege reaksjonar. Arbeidet med å førebyggje og hindre at barn og
unge blir lovbrytarar må foregå på mange område. Barn og unge må lære kva
som er rett og gale, dei må lære kva som er mitt og ditt, dei må lære å
omgåast andre, både yngre og eldre, dei må lære kva som er god oppførsel og
kva som ikkje kan aksepterast, og - òg svært viktig - dei må lære å ta
ansvar for det dei gjer. Mykje av dette er grunnleggjande lærdom som dei
fleste får heime, i barnehage og i skule eller gjennom fritidsaktivitetar i
offentleg regi eller i regi av frivillige lag og organisasjonar. At
foreldre og andre vaksne brukar tid saman med barn og unge og stimulerer dei
til sunne fritidsinteresser, er viktig i det førebyggjande arbeidet.
Foreldre som har vanskar med å fylle den oppgåva det er å ha ansvar for
oppdraging av barn og unge, må få hjelp i dette arbeidet.
Det er òg viktig at barn og unge under
den kriminelle lågalderen som gjer seg skuldig i kriminelle handlingar, får
ein rask reaksjon på at dette ikkje kan aksepterast. Men eg vil streke
under at her må det vere foreldra i samarbeid med det offentlege
hjelpeapparatet, med barnevernstenesta i spissen, som har ansvaret for å
setje i verk tiltak. Det har vore stilt spørsmål ved om lovverket for
barnevernstenesta gir naudsynt heimel til å setje i verk tiltak. For å
klargjere om det er grunnlag for slike spørsmål går Senterpartiet - som del
av fleirtalet i komiteen - inn for at Regjeringa bør vurdere lovverket for å
sjå om det kan vere grunnlag for lovendringar som kan gjere det lettare for
barnevernstenesta å setje i verk tiltak. Det kan òg vere grunn til å
vurdere om, og i tilfelle korleis, konfliktråda kan nyttast i fleire
situasjonar enn det som er tilfellet i dag.
Eg meiner det er på desse områda
innsatsen mot unge lovbrytarar først og fremst bør setjast inn.
Arild Hiim (H) : Jeg må si jeg forundret meg over at representanten Akselsen
i sitt innlegg antydet at det skulle være Høyres ønskereprise. Er det noe
vi absolutt ikke ønsker, er det å måtte gjenta dette forslaget gang på gang.
Tidspunktet nå har tilfeldigvis sammenheng med at vi nettopp har hatt en
barnevernsmelding til behandling her i Stortinget, hvor nettopp dette
spørsmålet på nytt ble aktualisert, og ikke minst ble det igjen aktualisert
av det vi opplevde i Oslo sist sommer.
Det er helt riktig at det etter vår
oppfatning dessverre ikke er flertall nå heller for å få dette gjennomført.
Partier som bare for få år siden hadde samme standpunkt som oss, har
åpenbart forlatt dette, og gjør nå dette til et spørsmål nærmest om
mishandling eller ikke av barn, og hvorvidt man er for eller imot å senke
den kriminelle lavalder med ett år. Problemet er åpenbart, og det erkjenner
også flertallet. Flertallet sier selv i innstillingen at det er mye « som
tyder på at fleire og yngre born gjer seg skuldige i kriminelle
handlingar ».
Vi har nettopp fått fremlagt en
statistikk for Oslo politikammer som viser at 822 unge under 18 år var
førstegangskriminelle, og at hele 393 av disse var under 15 år. Eksakt hvor
mange av dem igjen som var 14 år, har vi dessverre ikke noe tall for her i
dag, men det er i hvert fall grunn til å frykte at svært mange av dem som
var under 15 år, nettopp var 14-åringer. Dernest bidrar heller ikke dette
til å fortelle oss hvor mange som var annengangs, tredjegangs eller
fjerdegangs kriminelle innen disse aldersgruppene, men vi vet at det
dessverre også ofte forekommer i altfor stort antall blant 14-åringene.
Igjen er det nok å vise til den meget alvorlige saken fra Oslo i sommer som
omfattet flere i denne aldersgruppen.
For øvrig kunne det vært interessant å
utfordre Akselsen til å legge frem sin statistikk, som taler imot det han
selv er med på å si i innstillingen, og det bildet vi har fått fra Oslos
statistikk siste år. Vi har bak oss syv år med en kriminell lavalder på 14
år, og etter min oppfatning er det intet i denne tiden som tyder på at man
har lykkes i å løse problemene bedre enn det man gjorde før man senket den -
tvert om!
Hva er det så vi vil? Og her har man
altså kommet med denne fengselsmyten fra flertallets side - det er jo totalt
å snu saken på hodet. Dersom det skulle være snakk om fengsel, så måtte det
være i tilfeller hvor intet annet har nyttet. Hvis man har en så
grunnleggende mistillit til vårt strafferettsapparat, til våre domstoler og
til alle som i det daglige steller med disse spørsmålene og er opptatt av å
finne løsninger for både å forebygge og forhindre ny kriminalitet, at de
ikke er i stand til å forstå når fengsel eventuelt kunne brukes, da må man
formodentlig også ha samme mistillit til det apparatet når det gjelder 15-,
16- og 17-åringer og andre grupper. Vi har altså ikke mistanke om at man
kommer til å ty til fengsel som noen lettvint utvei. Vi tror tvert om at
det kommer til å være meget sjelden at det blir snakk om å anvende fengsel.
Men det vi har ønsket, er at man i det minste skal kunne ha anledning til å
stille noen til ansvar, at man i tillegg til det apparatet som dessverre
ikke duger - det har vi fått belegg for gjennom statistikkene - har ønsket å
gi dem som vil bekjempe kriminaliteten, de virkemidlene som ligger i også å
møte unge mennesker på 14 år, men vel vitende om hva de gjør, ved at de også
skal stå til ansvar for sine handlinger. Det er jo et sett av virkemidler
som også gir seg, bl.a overføring til barnevernet, bl.a å utsette avsigelse
av dom til man eventuelt har sett om vedkommende kommer på rett kjøl, eller
gi en betinget dom eller gi dom om samfunnstjeneste. Også andre
straffvarianter kan tenkes før man da kommer til dette siste som nok - jeg
er helt enig i det - er et nederlag for alle andre hjelpetiltak, men som kan
være nødvendig, nemlig å sette vedkommende i fengsel når intet annet har
nyttet.
Jeg vil vise til at vi kommer tilbake
til dette spørsmålet om endringene i barnevernsloven og de spørsmål man er
opptatt av der. Jeg forundres over - la meg bare få fremholdt det helt til
sist - at man synes det nærmest er å skulle dytte på barnevernet politiets
oppgave når vi nå ønsker å skjerpe mulighetene for å kunne tvangsbehandle
innen barnevernet. Det er nettopp de som ikke ønsker å senke den kriminelle
lavalder, som er med på å gi barnevernet politiets oppgaver, dessverre.
Lisbeth Holand (SV) : Det er ikke lenge siden vi hadde en debatt om dette.
Mitt inntrykk er at dette vet Høyre at de ikke får flertall for, men det er
en markeringssak for dem. Hva er det de prøver å markere? Jo, de syns at en
viktig måte å møte barn og ungdom som begår kriminelle handlinger, på, er
med straff, straff, straff. Det er de etterfølgende reaksjonene de er
opptatt av. Så sier representanten Hiim at det er viktig at noen blir stilt
til ansvar når barn begår kriminalitet. - Ja, det er viktig. Og der er
forskjellen på hvordan vi håndterer de som er over og de som er under den
kriminelle lavalder. For der de er under, er det ikke barna alene som skal
stå til ansvar. Barn under den kriminelle lavalder skal stå til ansvar for
det de gjør, men hvem skal de stå til ansvar overfor? Jo, barna skal stå til
ansvar overfor dem som har ansvaret for dem. Det er det ansvarsforholdet de
skal ha. Jeg tror ikke vi har noe som helst belegg for at det å møte et
upersonlig strafferettsapparat vil virke gunstig på dem.
De kommer ikke unna, og heldigvis
innrømmet representanten Hiim at de kommer ikke unna at forslaget deres også
innebærer at 14-åringer kan settes i fengsel. Det er det som er riset bak
speilet hvis en idømmes samfunnstjeneste. Det fins ikke noe ris bak speilet
hvis det ikke skal brukes overhodet.
Men når en sier at barn under den
kriminelle lavalder ikke alene har ansvaret for det de gjør, så syns jeg
dette dreier seg veldig mye om synet på barn i samfunnet. For hva slags
samfunn er det disse barna møter, de barna som kommer ut på galeien? Det er
et samfunn med barn som veldig mye har gått på « lausa », der det har vært
manglende omsorg heime. Svært mange av dem møter en skole der det har vært
sånne nedskjæringer av hjelpetiltak at barn som helt åpenbart trenger hjelp,
ikke får det.
Folk som jobber i skolen, ser en del
første- og andreklassinger som de vet de med veldig stor sannsynlighet vil
møte igjen i ungdomsårene på en uheldig galei dersom de ikke får den hjelpen
de trenger, barn som ikke er i stand til f.eks å kontrollere aggresjonen sin.
Det krever tid, det krever ressurser å hjelpe til med sånt. Det skjæres ned
og det skjæres ned.
Senest i går snakket jeg med barne- og
ungdomspsykiatrien i Nordland. De var helt entydige: De hadde jobbet i tiår
og sett hvordan skolene slet med at det ble stadig vanskeligere å få gitt
barna den hjelpen de trenger. Problemene blir større, hjelpen blir mindre.
Og så kommer Høyre da - med sine tiltak: Jo, når de blir 14 år, da kan vi
straffe dem! Jeg må si at jeg ville ha ønsket at Høyre hadde vært noe mer
opptatt av hvordan vi skal sikre bedre oppvekstvilkår for barna, å se på
barndommen som en tid som har en egenverdi der barn skal ha omsorg fordi de
trenger det, ikke bare fordi det er kriminalitetsforebyggende, at vi trenger
støtte til fritidstiltak, noe som det skjæres ned på i alle kommuner nå på
grunn av problemer med kommuneøkonomien. Det rammer musikkskolene, det
rammer fritidstilbudene, det rammer det som ikke er de lovfestede oppgavene,
og det rammer barna i veldig stor utstrekning. Og så kommer en altså her.
Det en er opptatt av, er hvordan en skal få straffet litt yngre barn enn det
en får i dag!
Jeg tror at vi ville vært tjent med å
heve den kriminelle lavalderen til 16 år istedenfor å senke den til 14, og
at samfunnet hadde tatt ansvaret for barn på alvor. Barn trenger først og
fremst omsorg. En viktig del av det å gi omsorg er å sette grenser og vise
reaksjoner hvis barn bryter disse grensene.
Presidenten: Det blir replikkordskifte. Arild Hiim (H) : Jeg synes det er
ganske utrolig å fremstille vårt standpunkt så ensidig som det
representanten Holand gjør. Vi skulle gjerne tatt en debatt med
representanten Holand om vårt syn på barnets situasjon, på hjem, familie og
skole. Vi har helt andre standpunkter enn det representanten Holand har, og
- dessverre - enn mye av det som har fått gjennomslag i samfunnet. Vi
ønsker familien mye sterkere inn enn det representanten Holand vil. Hun
snakker alltid om det offentliges ansvar, samfunnets ansvar, samfunnets
omsorg, mens vi kanskje snakker om hjemmets omsorg, familiens omsorg, om det
som er nært og varmt. Men gjør i hvert fall ikke det til noen motsetning
til det Høyre vil, også her!
Jeg er enig med representanten Holand
i at hvis hun fikk hevet lavalderen til 16 år, hadde man sannelig hatt nok å
gjøre også i det apparatet som ble igjen. Hvordan det skulle klare oppgaven
uten vesentlig økte bevilgninger, aner ikke jeg. Men det det dreier seg om,
er å gi muligheter for at man også har med seg tiltak som domstolen og
påtalemyndigheten kan fremstå med, og som i hvert fall i noenognitti prosent
av tilfellene vil dreie seg noe ganske annet enn fengsel. Jeg forundres
over at representanten Holand, som har gitt en beskrivelse av forholdene,
ikke også tar med seg det elementet, og til og med tillater seg å angi det
som et upersonlig, kaldt strafferettsapparat. Jeg har selv arbeidet i dette
systemet, og hvis man kjenner meg, vet man i hvert fall at jeg tar ikke på
noen oppgaver med kulde og fjernhet. Tvert om tror jeg også de som er
engasjert i dette apparatet, er opptatt av å gi omsorg, nærhet og omtanke
for å få de unge bort fra den farlige stien de måtte være inne på.
Dessverre er ikke flertallet her i salen opptatt av det på samme måte. De
har valgt en annen løsning - vi beklager det - som fratar oss et vesentlig
virkemiddel til mindre kriminalitet blant de unge.
Lisbeth Holand (SV) : Tja. Representanten Hiim syns at jeg framstiller
forslaget deres ensidig. Men han har ikke kunnet påpeke at jeg framstiller
det feil. Det er en kjensgjerning at hvis vi senker den kriminelle
lavalderen, innebærer det en mulighet til bl.a å bruke fengsel overfor barn
på 14 år. Det er realiteten, og det må også Hiim forholde seg til.
Vi snakker om barnas plass i samfunnet
og hvordan barn bør ha det. Så kommer han med sine gamle myter: SV er bare
opptatt av det offentlige og syns ikke at foreldrene er verdt noe. Jo, vi
trur at foreldrene og familien er de nærmeste, som han sier, til å gi barna
omsorg og oppdragelse. Men de er ikke alene. Barna er ikke heime heile
tida, og det er heller ikke alle heimer som makter å gi den omsorgen som
barna trenger, sånn at også de andre delene av apparatet og de
institusjonene som barna oppholder seg i, har en veldig viktig oppgave i å
hjelpe til med å gi barna en god barndom, gi dem trygghet, gi dem klare
grenser - en del av oppdragelsen er til stadighet å sette grenser og reagere
hvis de bryter dem. Men det skal være i en atmosfære av omsorg, og må
gjøres av dem som har den daglige, nære kontakten med barna.
Så sier representanten Hiim til meg at
jeg skildrer strafferettsapparatet som uforsonlig og kaldt. Jeg trur jo at
hvis en ser på den enkelte sak, er det klart at de ønsker å behandle den
enkelte - særlig unge - lovbryter på en mest mulig positiv måte. Men som
system har det en del rammer som gjør det vesentlig kaldere og mer
uforsonlig enn den omsorgen som må ligge i bunnen i familien, i skolen og i
de nære omgivelsene til barnet.
[Neste innlegg av Anders C Sjaastad]
[Neste innlegg av Anita Apelthun Sæle]
[Neste innlegg av Arild Hiim]
[Neste innlegg av Lisbeth Holand]