|
TALERE:
Syver Berge (Sp) (ordførar for saka):
Ot.prp.nr.12 (1996-1997) er ein samleproposisjon med endringar og dekning av fem lover. Føremålet med lovendringane er å gje heimel for innføring av internkontroll og internkontrollsystem på område for innsatsvarer i landbruket.
Føremålet var òg å utvide lovgrunnlaget i lov om tilsyn med fôrvarer for å gje høve til å regulere fôrvarer tilverka for eige bruk. Vidare gjev lovendringsforslaget moglegheit for å harmonisere føresegnene om rente ved forseinka betaling av avgifter.
Komiteen støttar opp om lovendringane. Komiteen strekar under at ved å innføre internkontroll og internkontrollsystem, må kontrollsystemet leggjast til rette slik at den enkelte bedrift administrativt kan praktisere det på ein enkel måte. Her må det ikkje byggjast opp byråkratiske system som pålegg bedriftene arbeidsame rapporteringssystem. Komiteen meiner derfor at det er viktig at internkontrollsystemet vert tilpassa storleiken og arten til den enkelte verksemd, og må av den grunn nødvendigvis variere både i form og omfang. Ut frå at landbruket no byggjer opp kvalitetssystemet i landbruket, KSL, meiner komiteen at det er forsvarleg å frita dei minste produsentane som produserer eige fôr, for kravet om internkontroll. Komiteen meiner at grensa på 200 tonn årleg produksjon, som departementet i brev til komiteen har kome med forslag om, og som er teke inn som vedlegg i innstillinga, synest rimeleg. Dei som da sjølve produserer sitt eige fôr, og som held seg under ein årsproduksjon på 200 tonn, kjem med dette ikkje inn under noko rapporteringssystem, og lovendringa vil ikkje ha praktisk innverknad på den daglege drifta.
Komiteen strekar under samanhengen i at dersom landbruket sitt mål om ein matproduksjon med høg kvalitet skal sikrast, krev det at ein er trygg på at innsatsvarene ein brukar i produksjonen, held mål. Sikring for trygg og god matkvalitet er òg eit veksande krav frå forbrukarane.
Når det gjeld tilverknad av fiskefôr, gjeld same tenkinga om tryggleik og kvalitet. Det er avgjerande at ein held oppe truverdet til norsk oppdrettsfisk hjå forbrukarane. Oppdrettsfisk som eksportvare tilseier òg at det er nødvendig at det ikkje kan reisast tvil om innhaldet i fôrvarer som vert brukte i oppdrettsnæringa her i landet. Det er aukande interesse for å nytte lokale fiskeriprodukt i oppdrettsfôret. Komiteen stør Norske Fiskeoppdretteres Forening og forventar at lovendringa ikkje gjer det praktisk vanskeleg for oppdrettarane å nytte fiskeavskjer og andre biprodukt frå kvitfisk som fôr.
Med dei merknadene som ligg i innstillinga, stør komiteen dei lovendringane som Ot.prp.nr.12 (1996-1997) tek opp. Lovendringsforslaga som er inntekne i innstillinga, er med dette opptekne.
Presidenten: Flere har ikke bedt om ordet.
Presidenten kan ikke se at det grunnlovsmessige flertall for vedtak er til stede i salen, og det vil bli ringt til votering.