|
TALERE:
Olaf Gjedrem (KrF) (ordførar for saka):
Dette er eit forslag frå Karin Andersen og Ågot Valle som gjeld § 35 i kommunelova, som i ein del kommunar er opplevd som problematisk på grunn av at koplinga opp mot § 40 i kommunelova, at ingen får stemma blankt, kan bli problematisk for einskilde grupper som ikkje opplever å få ein reell innverknad på dei alternativa som står igjen ved endeleg budsjettvotering.
Etter kontakt med departementet har me fått opplyst at det blir arbeidd med ein gjennomgang av økonomiføresegna i kommunelova, og at departementet vil ta initiativ til ei vurdering av budsjettprosessen i kommunane etter at kommunelova nå har vore i verksemd i ein fem års tid.
Komiteen viser til den prosessen som departementet vil gjennomføra, og rår samrøystes Odelstinget til at forslaget blir vedlagt protokollen.
Presidenten: Flere har ikke bedt om ordet til sak nr. 3.
(Votering, se side 263)