Header dokumenter

Odelstinget
Møte måndag den 23. november kl. 14.25 1998


Sak nr. 1
Innstilling frå kommunalkomiteen om lov om interkommunale selskaper og lov om endringer i kommuneloven m.m. (kommunalt og fylkeskommunalt foretak) (
Innst.O.nr.14 (1998-1999), jf. Ot.prp.nr.53 (1997-1998) )

TALERE:


       Lodve Solholm (Frp) (ordførar for saka):

       Gjennom Innst.O.nr.14 legg kommunalkomiteen fram si innstilling om Ot.prp.nr.53 (1997-1998) om lov om interkommunale selskap og lov om endringar i kommunelova m.m., som byggjer på NOU 1995:17. Komiteen er samd med departementet og lovutvalet i at det trengst ei opprydding i lovene som regulerer kommunale, fylkeskommunale og interkommunale verksemder, særleg dei som har eit forretningsmessig innslag.

       Eg reknar med at dei ymse partia sjølve vil grunngi dei få dissensane som er i innstillinga.

       Eg vil vise til at reaksjonane i høyringsrunden som departementet har gjennomført etter lovutvalet si tilråding, i all hovudsak har vore positive. Det er med andre ord ei etterlengta lov.

       Komiteen har hatt høyring med Norsk Presseforbund, Energiforsyningens Fellesorganisasjon, Norsk Kommuneforbund, YS-KFO, KS og Norges Statsautoriserte Revisorers Forening, og reaksjonane var også der i stor grad positive til dei lovforslaga som er fremma i proposisjonen.

       Nokre innvendingar på område som tilsettingstilhøve, dei tilsette si medbestemming, revisjon, offentlegheit og openheit var det. Hovudføremålet med lovframlegga har vore å gi eit spekter av organisasjonsformer som gir kommunane høve til å velje ei form som er tilpassa det konkrete verkeområdet verksemda skal ha.

       Det er prinsippa i selskapslovgivinga som ligg til grunn for lovforslaga.

       Lovforslaga er eit uttrykk for ein balanse mellom omsynet til fridomen til leiinga i eit føretak og omsynet til politisk kontroll, og ved mange høve har det vore naudsynt med kompromiss mellom kryssande interesser.

       Fleirtalet i komiteen meiner at lovforslaga ikkje inneber ein reservasjon mot enkelte verkeområde for kommunal tenesteproduksjon.

       Vi i komiteen er samde i at kommunal verksemd framleis skal ha høve til å organisere seg som aksjeselskap, og då ikkje gjennom særreglar som no, men etter aksjelova. Då treng ein ikkje andre organisasjonsformer enn aksjeselskapsforma for å etablere selskap med avgrensa ansvar.

       Vi synest det er uheldig at interkommunale selskap med avgrensa ansvar utanfor aksjelova ikkje er lovregulerte. Forslaget om å oppheve unntaket i aksjelova § 18-2 nr. 1 er derfor rett, og det fører til at slike verksemder i framtida må nytte aksjeselskapsforma.

       Kommunelova sin § 27 er ikkje god nok ved danning av interkommunale selskap. Ein bør ikkje ha spesialreglar i selskapslova for kommunale selskap, og derfor er det rett å oppheve høvet til å etablere interkommunale selskap etter selskapslova av 1985.

       Komiteen er samd i forslaget om ei eiga lov for interkommunale selskap med ikkje avgrensa ansvar - lov om interkommunale selskap.

       Komiteens fleirtal legg stor vekt på å etablere ryddige organisasjonsformer med klare ansvarsliner. Fleirtalet meiner vidare, til liks med departementet, at eit system der styret er direkte underordna kommunestyret og dagleg leiar og også er direkte underordna føretaket sitt styre, sikrar dette.

       Komiteen er ikkje einig med departementet i at administrasjonssjefen skal kunne inneha funksjonen som føretaket sin daglege leiar. Komiteen meiner slik praksis vil kunne føre til ei uheldig dobbeltrolle for administrasjonssjefen, då han/ho ved handsaming av enkelte typar saker i praksis både vil vere underordna kommunestyret og føretaket sitt styre. Komiteen meiner derfor at kommunen sin administrasjonssjef ikkje skal kunne vere dagleg leiar i eit kommunalt føretak. Komiteen vil likevel kunne opne for at det i heilt spesielle høve kan givast unnatak i dei tilfelle føretaket har svært få tilsette eller at kommunen er liten.

       Eg vil også vise til at departementet arbeider med ei sak om problemstillingar knytte til den plassen eit føretak har i kommunar med parlamentarisk styreform, og vi reknar med at vi får den saka til handsaming om ikkje så altfor lenge.

       Komiteen er vidare einig i departementet sine vurderingar og framlegg når det gjeld rekneskapsprinsipp i kommunale føretak. Budsjett- og rekneskapssystemet skal følgje anna kommunal verksemd, men slik at det kan vedtakast at eit kommunalt føretak skal føre rekneskap etter rekneskapslova sine prinsipp. Departementet vil i så måte vurdere om det aktuelle føretaket eller typen av føretak skal kunne føre rekneskap etter rekneskapslova.

       Vi finn det ikkje formålstenleg at reglane blir utforma slik at det blir eit pålegg om å føre rekneskap etter begge prinsippa samstundes.

       Vidare er det rett at når føretaket har rekneskapsplikt etter rekneskapslova, skal revisoren som utfører revisjonen, vere registrert eller statsautorisert.

       Dersom rekneskapslova sine prinsipp blir valde, får dette konsekvensar for val av revisor i føretaket. I framlegget sine endringar til ny revisorlov, jf. Ot.prp.nr.75 (1997-1998) , har ikkje revisor i kommunale AS opplysningsplikt til kontrollutval eller andre kommunale organ. Slik plikt må heimlast i vedtektene for føretaket eller selskapet.

       Kommunal- og regionaldepartementet viser i svarbrev av 22. oktober 1998 til komiteen til at det i kjølvatnet av forskingsrapporten frå NIBR, « En studie av kontroll- og tilsynsordningene i kommuner og fylkeskommuner », som skal sluttførast i 1999, vil vere naturleg å ta opp spørsmål om internkontrollsystemet som den nye kommunelova etablerte.

       Komiteen meiner at forvaltningsrevisjonen som ligg til kommunerevisjonen og kontrollutvalet, må behaldast og utviklast, og at dette må sikrast gjennom kommunale vedtekter i selskapa/føretaka. I tillegg må det vurderast å gi kommunerevisjonen same rett til informasjon når det gjeld kommunale føretak, kommunale aksjeselskap og interkommunale selskap som den Riksrevisjonen har når det gjeld heleigde statlege aksjeselskap, aksjelova § 18-5. Komiteen ber derfor Regjeringa kome tilbake til Stortinget med ein gjennomgang av saksområdet og eventuelle lovforslag som tek omsyn til dette.

       Komiteen er samd i den organisasjonsforma interkommunale selskap vil få etter den nye lova, og vidare at det ikkje er naudsynt at selskapsavtalen skal godkjennast av staten.

       Når det gjeld offentlegheit, vil eg vise til handsaming av St.meld.nr.32 (1997-1998) , Om offentlighetsprinsippet i forvaltningen, og dei respektive fraksjonane sine merknader og forslag i Innst.S.nr.21 (1998-1999); den handsaminga er jo Stortinget akkurat i dag ferdig med.

       Komiteen støttar utvalet sitt framlegg om at interkommunale selskap primært skal ha rekneskapsplikt etter rekneskapslova. Her er komiteen ueinig med departementet. Vi gjer framlegg om at eigarane kan bestemme i selskapsavtalen at selskapet i staden kan føre rekneskap etter kommunale rekneskapsprinsipp.

       Komiteen meiner dette inneber at selskap som fører rekneskap etter rekneskapslova, skal ha revisjonsplikt etter revisorlova, og at revisor må vere registrert eller statsautorisert.

       Det er derfor på denne bakgrunn naudsynt å gi departementet ein heimel til å gi særlege føresegner om føring av rekneskap etter rekneskapslova, av omsyn til harmoniseringa av slik rekneskap og reglane for økonomiforvalting.

       Vi har i dag fått opplyst frå departementet at på grunn av at komiteen foreslår å endre § 27 i kommunelova, om interkommunale selskap, skal selskapet ha rekneskapsplikt etter rekneskapslova, og derfor vil det vere naudsynt med ei endring i rekneskapslova. Dette vil vere i rekneskapslova § 1 andre avsnitt, der det er rekna opp dei som har rekneskapsplikt etter den lova, samt i § 2, der det er gitt heimel for unnatak og tilpassingar. Eg vil då på vegner av komiteen stadfeste at ein ønskjer den naudsynte justeringa i rekneskapslova som ei følgje av det komiteen vil foreslå om interkommunale selskap i § 27 i kommunelova.

       Eg vil igjen vise til at siktemålet med lovforslaget er å tilby eit spekter av organisasjonsformer som er tilpassa dei ulike verksemder kommunane og fylkeskommunane driv. Komiteen meiner utifrå dette at forslaga gir grunnlag for ei betre utnytting av ressursane både i kommunane og i fylkeskommunane.

       Så nokre merknader frå Framstegspartiet sin fraksjon. Eg vil her vise til våre generelle haldningar til det som gjeld konsesjonshandsaming. Eg vil i den samanhengen også vise til brev frå Kommunal- og regionaldepartementet av 16. november 1998 til komiteen om handsaming av Ot.prp.nr.53 (1997-1998) og § 41 i lov om interkommunale selskap. I brevet er departementet redd for å tape den politiske styringa dersom ein ikkje kan konsesjonshandsame verksemdene sine rettar med ein gong ein aksje blir seld eller selskapet blir omdanna. Vi i Framstegspartiet ser ikkje nokon fare i at private kan kjøpe seg opp i eit kommunalt aksjeselskap med inntil 1/3 av aksjane før ein må ha konsesjonshandsaming av selskapet sine rettar.

       Vi vil derfor, saman med Høgre, stemme mot forslaget til § 41 fjerde ledd andre punktum. Vi vil også foreslå at Regjeringa fremmar forslag om å endre industrikonsesjonslova, slik at unntak for interkommunale selskap kan gjerast.

       Vi ønskjer at kommunale føretak og interkommunale selskap skal avgrensast til kommunale oppgåver der tenesteproduksjon er integrert med forvaltingsoppgåver. Kommunale verksemder som driv tenesteproduksjon, bør i størst mogleg grad etablerast som eigne rettssubjekt og helst organiserast som aksjeselskap. Ei slik organisering vil gjere det lettare å konkurransestimulere kommunal verksemd. Konkurransestimulering er ein avgjerande føresetnad for å betre kommunane sin økonomi og sikre kvalitet på tenestene.

       I denne samanheng vil eg understreke at utskiljing av kommunal verksemd til eigne rettssubjekt med avgrensa ansvar, i første rekkje til aksjeselskap, er den beste måten for å oppnå klare ansvarsliner, synleggjering av kostnader og effektiv økonomistyring på.

       Eg er samd med Regjeringa i at det ikkje bør vere obligatorisk representasjon for dei tilsette i styret. Fleirtalet er ikkje det. Eg meiner at kommunestyret er det organet som bør avgjere dette ut frå lokale vurderingar.

       Det er ei sjølvsagd sak at dei tilsette bør dra seg tilbake ved saker som handsamar utøving av myndigheit.

       Det er viktig å understreke at utskiljing av interkommunal verksemd til rettssubjekt med avgrensa ansvar, i første rekkje som aksjeselskap, er den beste måten å oppnå klare ansvarsliner, synleggjering av kostnader og effektiv økonomistyring på, og at det då også kan betre økonomien i kommunane.

       Til slutt vil eg ta opp dei forslaga som Framstegspartiet og Høgre har i innstillinga på side 16.


[Neste innlegg av Lodve Solholm]

Presidenten: Representanten Solholm har teke opp dei forslaga han refererte til.

       Det vert replikkordskifte.


       Signe Øye (A) : I denne saken, som også i sak nr. 3, er det de ansattes rettigheter som skal svekkes. Det er de ansatte som truer folkestyringsprinsippet.

       Arbeiderpartiet mener, og har erfaring med, at det er samarbeid med de ansatte som gir resultater. Slik er det i privat næringsliv, og slik er det i det offentlige. Alle er enige om at kommunene skal være like effektive som det øvrige næringslivet. Da gjelder det å ha de ansatte med seg.

       At medbestemmelse også krever noe, ansvarliggjør de ansatte, gir innsikt og forplikter, det vet vi, og det er vel ikke ukjent for noen at blir man fratatt retten til å delta og være med og bestemme, er også viljen til å gi det lille ekstra i mindre grad til stede.

       Så mine spørsmål til representanten Solholm blir: Hvorfor er Fremskrittspartiet så redd for å lovfeste de ansattes rett til å sitte i styret i et kommunalt foretak? Mener ikke representanten at det er bedre å ha de ansatte med seg enn mot seg?


[Neste innlegg av Signe Øye]

Lodve Solholm (Frp) : Vi i Framstegspartiet er ikkje redde i det heile for å ta dei tilsette med på laget. Men når det gjeld kommunale føretak, er det jo vedteke i lova at dette skal vere ein del av kommunen sin juridiske kropp, for å seie det sånn. Derfor er det ikkje nødvendig å ta dei tilsette med i kvart enkelt kommunale føretak, for det kan bli rett så mange dersom ein her skil ut i kommunale føretak. Dei tilsette har sin representasjon i administrasjonsstyret i kommunen - det som skal dekke inn kommunen som juridisk person. Dersom ein opnar for dei tilsette, slik som fleirtalet gjer, vil ein kanskje få ei dobbelkjøring av dei tilsette. Det blir kanskje ikkje samspel der, og det gjer at dette i mange tilfelle vil verke uheldig. Derfor synest vi i Framstegspartiet, med støtte frå Høgre, at så lenge det gjeld kommunale føretak, er det rett at ein brukar den gjeldande organisasjonsforma, nemleg at administrasjonsutvalet er det representative organet for dei tilsette i kommunen og dei tiltaka og gjeremåla som skal gjerast innafor kommunen når det gjeld dei tilsette sine rettar.


Presidenten: Fleire har ikkje bede om ordet til replikk.


       Signe Øye (A) : I innstillingen fra kommunalkomiteen om lov om interkommunale selskaper og kommunale- og fylkeskommunale foretak finner vi en enstemmig komite på mange punkter, slik saksordfører også har gjort rede for.

       Men selv om det finnes mye enighet, tror jeg at Arbeiderpartiet og SV på den ene siden og Høyre og Fremskrittspartiet på den andre siden har helt forskjellige innfallsvinkler når det gjelder hva som skal organiseres som kommunale og fylkeskommunale foretak.

       Vi er enig i at forandringer i kommunesektoren fører til behov for nye måter å organisere kommunal virksomhet på. Derfor er det positivt at det nå åpnes for nye former. Og vi har i komiteen prøvd gjennom hele innstillingen å forenkle og gjøre foretak til en attraktiv organisasjonsform.

       I Arbeiderpartiet mener vi at kommunale foretak skal være et alternativ til å organisere deler av kommunen som er av forretningsmessig art, uten å måtte benytte aksjeselskap som form. Vi er usikre på om kommunale og fylkeskommunale foretak er egnet organisasjonsform for alle typer oppgaver i kommunen. Vi er bl.a usikre på om foretak er hensiktsmessig organisasjonsform i omsorgssektoren, sykehjem, sykehus eller skoler. Vi er enig med Regjeringen i at det som er foreslått i Ot.prp.nr.53, ikke er tenkt som en løsning for disse områdene, og vi støtter således departementets oppfatning om at organisering av sentrale velferdsoppgaver bør utredes særskilt, der alternative organisasjonsformer for bl.a sykehusene skal gjennomgås. Oslo kommune drøfter for tiden muligheten av å omorganisere sine sykehus, der foretak er et alternativ.

       Arbeiderpartiets landsmøte i helga sa også noe om fylkeskommunale og kommunale foretak. Vi mener at det trengs en nasjonal vurdering av ulike organisasjonsformer innenfor sykehussektoren. Vi mener at det må drøftes om ulike organisasjonsformer for landets sykehus kan virke uheldig inn på bl.a regionansvaret og andre oppgaver som sykehusene har utover sin rolle som fylkessykehus.

       Før dette er skikkelig utredet, bør organisering av sykehus som aksjeselskap ikke skje. Et regionsykehus, som bl.a. Ullevål er, har et ansvar for hele regionen. Dersom Oslo kommune bestemmer at det skal være et AS, tror jeg helseregionsamarbeidet som nå er startet opp, kan bli vanskeligere.

       Selv om Høyre og Fremskrittspartiet aksepterer at kommunale og fylkeskommunale foretak kan være en alternativ måte å organisere kommunal drift på, kommer det tydelig fram gjennom hele innstillingen at aksjeselskapsformen etter deres mening er den beste når det gjelder å oppnå klare ansvarslinjer, synliggjøre kostnadene og ha en effektiv økonomistyring. Det er vi i Arbeiderpartiet ikke enig i. Med de lovendringene som gjøres her i dag, vil ansvarslinjene være klare. Ved å kunne føre regnskap etter regnskapsprinsippet, som i et AS, bør det være lett å synliggjøre kostnadene og ha en effektiv økonomistyring. Da virker det på meg som om det er på grunn av privatiseringsiveren Høyre og Fremskrittspartiet foretrekker et AS framfor et foretak.

       De ansattes representasjon i kommunale foretak er det uenighet om i komiteen. En viktig sak for Arbeiderpartiet har vært at de ansattes rettigheter og de ansattes medbestemmelse ikke skal svekkes i forhold til någjeldende situasjon. Vi mener snarere det motsatte: Vi mener at det må være et mål å styrke de ansattes representasjon, og foreslår en endring på dette punktet i forhold til Regjeringens forslag. Forslaget går ut på at det lovfestes at et flertall av de ansatte ved foretaket kan kreve at inntil en femtedel av styrets medlemmer med varamedlemmer velges av og blant de ansatte.

       Jeg vil gi ros til Senterpartiet og Kristelig Folkeparti som her går mot Regjeringens forslag og støtter Arbeiderpartiet og SV slik at det blir flertall for en styrking av de ansattes rettigheter, og at dette lovfestes, slik at man slipper å ha en lang debatt om dette i hver sak om vedtektene til kommunale foretak og ved hvert valg framover ute i kommunene.

       Hvorfor Høyre og Fremskrittspartiet er så redde for å gi de ansatte rett til å sitte i styret i et kommunalt foretak, er vanskelig å skjønne. En styrerepresentasjon gir selvfølgelig en viktig rett til de ansatte, men det vil også forplikte de ansatte. Og hva er så galt med det? Nei, nå må vi arbeide for å få de ansatte med på laget, det er det som skaper mindre konflikter, gir innsikt og forståelse og skaper resultater. Og det er vi vel alle enige om er viktig. Særlig burde partiene Høyre og Fremskrittspartiet, som er så opptatt av konkurranseutsetting og privatisering, være opptatt av resultatene.

       Jeg vil ta opp mindretallsforslag nr. 1, som Arbeiderpartiet og SV har referert i innstillingen.


Presidenten: Representanten Signe Øye har teke opp det forslaget ho refererte til.


       Ivar Østberg (KrF) : Regjeringen har i Ot.prp.nr.53 (1997-1998) lagt fram forslag til lov om interkommunale selskaper og lov om endringer i kommuneloven m.m., bl.a om kommunalt foretak. Departementets lovforslag bygger på Kommuneselskapsutvalgets utredning, « Om organisering av kommunal, fylkeskommunal virksomhet », NOU 1995:17, som ble avgitt 23. mai 1995. Utredningen gjelder særlig virksomhet som har et forretningsmessig innslag. Forslaget om å etablere en egen lov om interkommunale selskaper har fått overveldende tilslutning i høringsrunden. Utredningen og proposisjonen gir en lenge etterlengtet beskrivelse av gjeldende rett på et uklart område. Lovforslagene representerer en nødvendig opprydding.

       Kommuneloven av 1992 gav kommuner og fylkeskommuner stor organisatorisk frihet. Kommuneloven § 27 gav imidlertid ikke den nødvendige klarhet og ryddighet i det som i dagens situasjon er blitt stadig mer aktuelt, nemlig samarbeid interkommunalt gjennom interkommunale selskap for å ivareta kommunale og fylkeskommunale oppgaver av forretningsmessig karakter. Forslagene innebærer at kommuneloven § 27 begrenses til å gjelde interkommunale samarbeidstiltak som ikke er egne rettssubjekter. Forslagene innebærer også å erstatte reglene om kommunal bedrift i kommuneloven § 11 med et nytt kapittel om kommunale foretak. Hensikten med endringene er å tilby kommunesektoren valgmuligheter i organisasjonsformer som er tilpasset det vide spenn i kommunenes virksomhetsområde.

       En samlet komite sier seg også enig med departementet i at det trengs en opprydning i lovene som regulerer kommunale, fylkeskommunale og interkommunale virksomheter, særlig de som har et forretningsmessig innslag.

       Etter departementets mening bør organisering av interkommunalt samarbeid om sentrale velferdsoppgaver utredes særskilt, noe flertallet i komiteen gir sin fulle støtte. Komiteen er videre enig i at kommunal virksomhet skal kunne organiseres som aksjeselskap, ikke etter særregler, men etter aksjeloven. Komiteen er også enig i forslaget om en ny organisasjonsform, nemlig kommunalt foretak.

       Komiteen er enig i en egen lov om interkommunale selskap. Den nye loven blir obligatorisk ved samarbeid i form av et ansvarlig selskap.

       Kommunale foretak får gjennom lovforslaget en ryddig organisasjonsform med klare ansvarslinjer. Komiteen mener imidlertid at kommunens administrasjonssjef som hovedregel ikke skal kunne være daglig leder i et kommunalt foretak. Kun i helt spesielle tilfeller kan unntak gis, dette nettopp for å unngå en uheldig dobbeltrolle for administrasjonssjefen i kommunen.

       Flertallet i komiteen er opptatt av ansattes rettigheter og plikter når kommunen velger å organisere sin virksomhet som kommunalt foretak. Kristelig Folkeparti ser det som viktig at de ansattes medansvar for det kommunale foretaks resultat understrekes ved at de gis rett til å kunne kreve deltakelse i styret. Regjeringspartiene i komiteen ser det ikke slik at en reduserer det kommunale selvstyret ved i lovteksten å innrømme de ansatte medbestemmelsesrett gjennom styrerepresentasjon. Gjennom en slik rett understrekes nettopp de ansattes medansvar og plikter i forhold til det kommunale foretak.

       Stortinget har tidligere i dag debattert St.meld.nr.32 (1997-1998) om åpenhet i forvaltningen. I den forbindelse har de forskjellige fraksjoner gitt sine merknader. Flertallet i kommunalkomiteen er enig med Regjeringen i at det bør være lukket styremøte i kommunale virksomheter, nettopp for å være sidestilt med privat sektor. Samtidig mener flertallet at man ved lokale vedtak kan avgjøre om styremøtene skal åpnes.

       Regnskapsprinsippene er drøftet i komiteen, som ikke finner det formålstjenlig at reglene blir utformet slik at det blir pålegg om å føre regnskap etter regnskapsloven og etter kommunalt system samtidig. Komiteen viser til at forvaltningsrevisjon, som ligger til kommunerevisjon og kontrollutvalg, må beholdes og utvikles, og at dette må sikres gjennom vedtekter. Komiteen ber også Regjeringen komme tilbake til Stortinget med en gjennomgang av saksområdet og eventuelle lovforslag.

       Når det gjelder interkommunale selskaper, gjør komiteen framlegg om at eierne kan bestemme i selskapsavtalen at selskapet kan føre regnskap etter kommunale regnskapsprinsipper. Men komiteens syn er at interkommunale selskaper primært skal ha regnskapsplikt etter regnskapsloven. Ved komiteens forslag opprettholdes fortsatt den kommunale valgfrihet og selvbestemmelse.

       Kristelig Folkeparti deler det syn som saksordfører gav uttrykk for på vegne av komiteen, at Regjeringen må komme tilbake med et nødvendig lovendringsforslag i regnskapsloven i forhold til dette forslaget.

       Komiteen konstaterer for øvrig at lovforslagene er innenfor og tilpasset EØS » regelverk og således sikrer like konkurransevilkår mellom kommunale virksomheter og private tilbydere av varer og tjenester. Kristelig Folkeparti tilrår sentrumspartiene å støtte lovforslagene og komiteens tilråding.


Sverre J Hoddevik (H) : Det er lite politisk usemje som kjem til uttrykk i Innst.O.nr.14. Heile komiteen har akseptert at denne oppryddinga som her er gjort, var nødvendig, og har akseptert eit behov for dei prinsipielle lovformulerte tilboda og organisasjonsformene for utskilde verksemder som her ligg føre. Grunnen til denne store, tilsynelatande overordna semja er at politikken langt på veg blir flytta til andre arenaer. Proposisjon og innstilling har nemleg ingen føringar på kva verksemd som skal styrast til den respektive lova. Rett nok blir det slått fast at ein her ikkje skal tilby organisasjonsformer som er tilpassa myndigheitsutøving og forvaltingsverksemd i snever forstand. Organisering av sentrale velferdsoppgåver har departementet ønskt å kome tilbake til i ei særskild utgreiing.

       Lovforslaget om interkommunale oppgåver har likevel ingen reservasjon mot enkelte verkeområde. Høgre vil heile tida framhalde aksjelova som relevant rammeverk for næringsverksemd og tenesteproduksjon. Vår oppfatning vil derfor vere at dei spesielle lovbestemmingane om kommunalt føretak og interkommunale selskap i praksis bør få svært avgrensa bruk. Berre i dei verksemdene der forvaltingsoppgåver og tenesteproduksjon er integrerte, finst det ei reell grunngjeving for denne lova om kommunale føretak og interkommunale selskap.

       Sjølv om næringsverksemd skulle stå sentralt for utgreiinga og lovbehandlinga, er det altså likevel dei innblanda forvaltingsoppgåvene som legitimerer eventuelle spesielle vurderingar omkring offentlegheit og forvaltingsrevisjon. Komiteens tvil med omsyn til administrasjonssjefen i dobbeltrolle, dvs. også som dagleg leiar i kommunale føretak, må etter mi vurdering gjelde selskap med stor grad av tenesteproduksjon - og dermed næringsverksemd i kommunale føretak.

       Høgre og Framstegspartiet fremjar proposisjonens forslag om lokal fridom ved tildeling av medråderett for arbeidstakarar. Dette er nødvendig sidan komiteens fleirtal har samla seg om eit anna forslag, i strid med Regjeringas råd.

       Høgre og Framstegspartiet ser ingen fare ved delprivatisering av interkommunale kraftverkselskap utan fornya konsesjonsbehandling, og går derfor imot § 41 fjerde ledd, andre punktum. Vi vil også peike på vår merknad saman med Framstegspartiet om reell fri konkurranse ved offentlege innkjøp.

       Som sagt er det meste av politikken flytta til korleis ein skal bruka lova eller korleis ein politisk styrer utskilde aktivitetar mot kommunale føretak, interkommunale selskap og aksjeselskap. Derfor kan det til tider melde seg uvisse om kva som ville vere beste lovformulering, rett og slett relatert til uklarheit om lokalpolitisk bruk.


Presidenten: Presidenten vil gjere merksam på at tida for føremiddagsmøtet er omme, men vil foreslå at møtet held fram inntil sakskartet for i dag er ferdig handsama. - Det vert sett som vedteke.


       Karin Andersen (SV) : Det har vært sagt at det har vært lite politisk uenighet i denne saken, og det er nok riktig, men på en del områder er det noe uenighet. Jeg skal si litt om det, men utgangspunktet her er jo at det er behov for både å forandre, fornye, forbedre og forsterke offentlig sektor, og at dette er en del av det arbeidet. For SV er det viktig å finne gode ordninger som kan demme opp for økt konkurranseutsetting og AS-ifisering i kommunesektoren, fordi det gir en vesentlig svekkelse av demokratiet - av demokratisk kontroll, av demokratisk ansvar og styring.

       Det har vært understreket at man når det gjelder den kommunale foretaksmodellen, ikke tenker seg den brukt på sentrale velferdsoppgaver, i hvert fall ikke før man har fått utredet dette nærmere. Og det er vi enig i. Men vi ser at den også kan være til slik bruk, og det er en av grunnene til at vi har funnet det nødvendig å forsterke synspunktet om at kommunale foretak kan få anledning til å velge regnskapslovens regnskapsform, for vi ser at en del av argumentasjonen rundt og ønsket om å bruke AS er den synliggjøringen av kostnadene som kommer fram i en slik driftsform. Det kan jo også være slik at det faktisk er tjenlig at man synliggjør kostnadene på en annen måte enn nå.

       Så har det vært sagt at man oppfatter det slik at det meste av det som er gjort i denne loven nå, har vært ryddig. Vi er vel litt uenige på noen av punktene, og det er de punktene som vi har tatt opp, og som jeg skal referere. Det ene går på offentlighet som prinsipp. Stortinget har før i dag behandlet offentlighetsmeldingen. Som kjent sitter ikke SV i justiskomiteen og har derfor litt vanskelig for å føre inn sine merknader. Men vi har fremmet et prinsipielt forslag i salen i dag som er gjort om til oversendelsesforslag, og som går på de samme prinsippene, nemlig at offentlig virksomhet skal omfattes av offentlighetsloven. Poenget med det er ikke at vi tror at alle saker skal føres for åpne dører. Det er lovhjemler som kan unnta saker som dreier seg om forretningsmessige hensyn som man ikke kan eller bør gjøre allmennheten kjent med, og det finnes jo også innenfor alminnelig forvaltning, som er omfattet av offentlighetsloven, organer som nesten alltid fører sine saker for lukkede dører, og som også har dokumenter som er unntatt fra offentlighet ut fra sakens natur. Vi mener altså at det er riktigere å ha offentlighet som prinsipp, og så bruke unntaksmulighetene. Det er grunnen til at vi fremmer forslag om dette ut fra et gjennomgående syn som gjelder alle former for organisering.

       Vi ønsker også at man i kommunelovens regler for valg til organer innenfor de to nye lovene skal bruke forholdstallsprinsippet hvis et medlem av organene som her skal velge styre eller representantskap, ønsker det. For kommunale foretak er dette greit. Når det gjelder interkommunale selskaper, fremmer vi forslag om det fordi vi mener at det er et riktig prinsipp.

       Når det gjelder ansattes representasjon, har Arbeiderpartiet referert også SVs syn, så vi slutter oss bare til det.

       Det er en annen side av endringene vi mener ikke er ryddig. Det er forholdet mellom en kommune/fylkeskommune og dette lovverket dersom man har valgt parlamentarisk styreform. Jeg er klar over at man fra Regjeringens side har tenkt å komme tilbake til dette spørsmålet i sin fulle bredde, men akkurat når det gjelder hvem som skal utpeke styret når man organiserer det på denne måten, kan det ikke gjøres på noen annen måte enn at det er rådet, enten det nå er kommuneråd, fylkesråd eller byråd, som må ha den myndigheten, ellers blir systemet aldeles uryddig. Jeg har også oppfattet det slik av de brevene komiteen har fått fra departementet, at det ikke er uenighet om dette, men at man på en måte blir bedt om å vente for å se det som en helhet. Jeg er redd for at hvis man lar denne biten stå, kan det klusse til forhold i enkelte kommuner som nå er i ferd med å ønske seg en AS-modell. Og hvis man nå sier at denne uryddigheten får lov til å bestå i forhold til foretaksmodellen, er jeg redd for at de som da ønsker AS-modellen, får enda et godt argument for å velge den, så jeg ber om at Stortinget vurderer dette forslaget i lys av det.

       Så har også vi vært opptatt av kontrollutvalgets rolle og at den skal beholdes innenfor de ulike organisasjonsformene. Jeg er veldig glad for at en enstemmig komite også ønsker at man skal få utredet dette, og at man er opptatt av å beholde kontrollutvalgets rolle.

       Da vil jeg få lov å ta opp forslagene fra SV, som er referert i innstillingen.


Presidenten: Representanten Karin Andersen har teke opp dei forslaga ho refererte til.


       Statsråd Ragnhild Queseth Haarstad : Det har vært to hovedsiktemål med det lovforslaget vi behandler i dag. Det ene er å rydde opp i en uklar rettstilstand knyttet til alternativ organisering av kommunal virksomhet. Det andre er å tilby hensiktsmessige organisasjonsformer for de deler av kommunenes virksomhet som har et forretningsmessig preg.

       Behovet for en slik gjennomgang ble fremhevet ved behandlingen av ny kommunelov i 1992. Kommunelovutvalget, som fremmet forslag til lov om ny kommunelov, fant det ikke mulig innenfor rammen av sitt arbeid å gjøre denne jobben. Det ble derfor anbefalt at dette ble utredet senere. Behovet var åpenbart. Særlig gjelder dette interkommunalt samarbeid. For interkommunalt samarbeid har det ikke vært foretatt noe vesentlig utredningsarbeid siden 1920-tallet. Ved det forslaget til lov om interkommunale selskaper som Regjeringen nå har fremmet, vil en vesentlig del av behovet for organiseringsformen være dekket.

       For de organiseringsformene som tilbys, er det lagt vekt på en balanse mellom hensynet til kommunalpolitisk styring og kontroll på den ene siden og hensynet til frihet for foretaksledelsen på den andre siden. Det gjelder både kommunalt foretak og interkommunalt selskap. Det sier seg sjøl at et slikt lovforslag vil inneholde en del kompromisser. Det er i stor grad selskapslovgivningens prinsipper som er lagt til grunn. Men det har også vært behov for å gjøre modifikasjoner av hensyn til behovet for politisk styring.

       Det er altså ikke slik å forstå med dette lovforslaget at det har hatt til hensikt å tilby organiseringsformer tilpasset offentlig myndighetsutøvelse og forvaltningsvirksomhet i snever forstand. Her er det grunn til å legge større vekt på andre hensyn enn dem som ligger til grunn for dette lovforslaget. Særlig for interkommunalt samarbeid om sentrale velferdsoppgaver kan det være grunn til å utrede dette nærmere.

       Lovforslaget innebærer frihet for kommunen til å velge mellom et tilbud av organisasjonsformer. Om disse organisasjonsformene kan nyttes for oppgaver kommunene er pålagt i lov, vil bero på en tolkning av den lov som legger oppgaven til kommunen. Om et sykehus kan organiseres som et kommunalt foretak, vil dermed bero på en vurdering med utgangspunkt i sykehusloven. Kommunalt foretak vil imidlertid representere et alternativ som ligger tettere opp til den fylkeskommunale forvaltningen enn aksjeselskapsformen vil gjøre.

       Jeg har merket meg at komiteen har gjort et par endringer i lovforslaget. Den ene gjelder spørsmålet om de ansatte skal ha krav på representasjon i styret for kommunalt foretak. Her har komiteen gått inn for at de ansatte skal ha ubetinget krav på representasjon. Mitt forslag er basert på kommunelovens hovedregel om at ingen ansatte har krav på representasjon i kommunale organer, når vi ser bort fra administrasjonsutvalget. Jeg la derfor opp til at kommunestyret skal bestemme om de ansatte skal være representert i foretakets styre.

       Jeg har ikke bastante oppfatninger om hva som er den beste løsningen her. Det kan være gode argumenter for begge løsningene. Jeg har som sagt vært opptatt av at de ansatte i foretaket ikke skal ha en særstilling med bedre rettigheter enn andre ansatte i kommunen. Foretaket er jo en del av kommunen som juridisk person, og det er kommunen som er arbeidsgiver. Men samtidig er det grunn til å legge vekt på at foretaket skal tjene som alternativ til bl.a organisering som aksjeselskap, og det kan da være grunn til å legge vekt på selskapslovgivningens løsning, der de ansatte har krav på representasjon når virksomheten er av en viss størrelse. Slik endringsforslaget fra komiteen lyder, kan de ansatte kunne kreve at inntil en femtedel velges av og blant de ansatte. Dette innebærer samtidig at de ansatte ikke har rett til representasjon med mindre kommunestyret bestemmer at styret skal ha minimum fem medlemmer.

       Komiteen har også gjort en endring når det gjelder lovmessig regulering av regnskaper for interkommunalt selskap. Mitt forslag var at slike selskaper som utgangspunkt skulle føre regnskap etter det kommunale regelverket. Komiteen har her vendt tilbake til lovutvalgets forslag, som gikk ut på at selskapet skal ha regnskapsplikt etter regnskapsloven. Også ved dette spørsmålet er det snakk om et valg mellom privatrettslige forretningshensyn og mer kommunale forvaltningshensyn. Det avgjørende her er ikke hvilket regelverk som skal gjelde. Det viktigste er at Finansdepartementet får hjemmel til å gjøre de tilpasninger i regnskapsloven som anses nødvendig. Reglene om økonomiforvaltning i et interkommunalt selskap er lagt tett opp til dem som gjelder for kommuner. Det vil derfor være nødvendig med tilpasninger i regnskapssystemet dersom selskapet skal ha regnskapsplikt etter regnskapsloven og ikke etter det kommunale regelverket.

       Konsekvensen av komiteens forslag er at interkommunale selskaper må tas inn blant de regnskapspliktige i regnskapsloven, samtidig som det gis hjemmel i regnskapsloven til å gjøre de nødvendige unntak fra denne loven for interkommunale selskap. Jeg har merket meg at sakens ordfører, Lodve Solholm, på vegne av komiteen i dag har bekreftet at det er dette siste som er Stortingets ønske.


Presidenten: Fleire har ikkje bede om ordet til sak nr. 1

       (Votering, se neste spalte)