Votering i sak nr. 1
Komiteen hadde rådd Odelstinget til å
gjere slikt vedtak til
lov
om gjennomføring av Traktat om
totalforbod mot kjernefysiske prøvesprengingar.
§ 1
Det er forbode å gjennomføre
prøvesprenging av kjernevåpen eller anna kjernefysisk sprenging i strid med
Traktat om totalforbod mot kjernefysiske prøvesprengingar av 10. september
1996.
Kongen får fullmakt til å gje nærare
føresegner og einskildvedtak for å oppfylle Noregs plikter etter traktaten.
§ 2
Dei personane som etter traktaten skal
ha immunitet og privilegier, får utan hinder av norsk lov immunitet og
privilegier i samsvar med føresegnene i denne traktaten.
Kongens kan gje nærare reglar for
korleis føresegnene om immunitet og privilegier skal gjennomførast.
§ 3
Det kan setjast i verk inspeksjonar
ovanfor private, i samsvar med føresegnene i traktaten, her under
gjennomførast boring i grunnen.
Kongen kan leggje på grunneigaren
eller andre rettshavarar slike plikter som trengst for at ein inspeksjon
skal kunne gjennomførast.
§ 4
Denne lova gjeld også for Svalbard,
Jan Mayen og dei norske bilanda.
§ 5
Den som forsettlege bryt denne lova
eller føresegner eller påbod som er gjeve med heimel i lova, vert straffa
med bøter eller fengsel i opptil fem år. Aktlause handlingar vert straffa
med bøter eller fengsel i opptil to år. Medverknad blir straffa på same
måten.
§ 6
Lova trer i kraft på det tidspunkt som
traktaten trer i kraft.
§ 7
Frå den tid denne lova tek til å
gjelde, vert det gjort følgjande endring i Almindelig borgerlig Straffelov
av 22. mai 1902 nr. 10:
§ 12 fyrste ledd nr. 3 bokstav f, g og h skal lyde: