Header dokumenter

Odelstinget
Møte tysdag den 29. mai kl. 13.20 2001


Sak nr. 6
Innstilling frå justiskomiteen om lov om endringar i domstolloven m.m. (den sentrale domstoladministrasjon og dommarane si arbeidsrettslege stilling) (
Innst.O.nr.103 (2000-2001), jf. Ot.prp.nr.44 (2000-2001) )

TALERE:


       Presidenten: Etter ynske frå justiskomiteen vil presidenten foreslå at debatten blir avgrensa til 55 minutt, og taletida blir fordelt slik:

       Arbeidarpartiet 15 minutt, dei andre gruppene 5 minutt kvar og 5 minutt til ein av dei uavhengige representantane.

       Vidare vil presidenten foreslå at det ikkje blir gitt høve til replikkar etter dei enkelte innlegga, og at dei som måtte teikne seg på talarlista utover den fordelte taletida, får ei taletid på inntil 3 minutt.

       - Det er vedteke.


       Astrid Marie Nistad (A)
(ordførar for saka):

       På kort tid har Stortinget gjennomført store administrative strukturendringar for domstol og politi.

       I dag handsamar vi endringar i domstolloven som gjeld den sentrale domstoladministrasjonen og dommarane si arbeidsrettslege stilling.

       Proposisjonen er ei oppfølging av Domstolkommisjonen sitt arbeid med NOU 1999:19, Domstolane i samfunnet.

       I dag er den sentrale administrasjonen av dei alminnelege domstolane lagd til Justisdepartementet.

       Regjeringa Stoltenberg føreslår at det vert oppretta ein domstoladministrasjon utanfor departementet med eit eige styre. Dette støttar ein samla komite, men det skal framleis ligge eit ansvar hos ein parlamentarisk ansvarleg, men Justisdepartementet skal ikkje lenger ha alminneleg instruksjonsrett over domstoladministrasjonen eller den einskilde domstolen i administrative spørsmål.

       Regjeringa skal ved kgl. resolusjon i unntakstilfelle kunne instruere domstoladministrasjonen og dens styre.

       Domstolkommisjonen føreslo at prinsippet om uavhengige domstolar burde grunnlovfestast. Regjeringa har ikkje følgt opp denne tilrådinga. Ein samla komite er samd om at dette ikkje trengst. Komiteen peikar på at ein ikkje treng svekke dagens oppfatning av føresegnene i Grunnlova og den konstitusjonelle sedvaneretten med å føreslå ei slik endring. Dessutan syner ein samla komite til at domstolane sin fridom som dømmande makt alt er uttrykkeleg inkorporert i norsk rett ved menneskerettsloven.

       Komiteen er som sagt samd med Regjeringa i at det er trong for eit klårare skilje mellom domstolane og statsforvaltinga. Slik endring i strukturen ser vi også at fleire andre demokratiske land har gjennomført i den seinare tida. Stortinget får gjennom årleg budsjetthandsaming høve til å fastlegge mål og rammer for domstolane, og styring utover det vert å gjere gjennom lov og forskrift eller plenarvedtak frå regjering til storting.

       Styret får eit sjølvstendig ansvar. Komiteens fleirtal, medlemmene frå Arbeidarpartiet, Høgre, Kristeleg Folkeparti og Senterpartiet, er samde om at styret skal vere samansett med to representantar frå ålmenta, som Stortinget vel, og to advokatar frå privat eller offentleg sektor og tre dommarar. Desse siste fem vert å nemne opp av Regjeringa.

       Framstegspartiet og representanten Stang har eit anna forslag, som eg går ut frå dei gjer greie for sjølve.

       Domstoladministrasjonen skal leiast av ein direktør som får ansvaret for å leie arbeidet med lokale, rekneskap, budsjettildeling og budsjettoppfølging. Dagleg utviklingsarbeid overfor domstolane bør ligge til den nye domstoladministrasjonen. Komiteen har peikt på, som ei forenkling, om ikkje Etterutdanningsrådet for dommarar, Opplæringsrådet for funksjonærar i domstolane, Fagbokutvalet og Studiepermisjonsutvalet kan slåast saman og arbeide ut frå retningsliner frå domstoladministrasjonen og rapportere til den same. Komiteen ser det som naturleg at alle desse analoge oppgåvene i forhold til tilsette i domstolane med fordel kunne handsamast under eit sentralt sekretariat som f.eks personaladministrasjonen i domstolane.

       Komiteen er samd i at arbeidet med klage- og disiplinærspørsmål for dommarar vert overført til Tilsynsutvalet for dommarar.

       Når det gjeld den framtidige organiseringa av IT-arbeidet i domstoladministrasjonen, har komiteen merka seg at departementet vil vurdere nærare å etablere større grad av samarbeid eller fellesskap innanfor IT-området i justissektoren. Her har komiteen peikt på at på eit så stort og spesialisert arbeidsområde som går føre seg ved domstolane, bør ein bygge opp IT-kompetansen nær domstoladministrasjonen. Det er viktig å ta i bruk nytt og moderne utstyr og slik få ein slagkraftig administrasjon så fort som mogleg. Det vil kunne forenkle og standardisere arbeidet effektivt for framtida.

       Det er viktig å få ein kvalitativ god administrasjon ved den nye domstoladministrasjonen. Ved lokalisering til Trondheim må alle som arbeider i Justisdepartementet og RIFT og som vert råka av omorganisering og nytt stadval, få tilbod om arbeid, for fleirtalet, som er samansett av Arbeidarpartiet, Høgre, Kristeleg Folkeparti og Senterpartiet, følgjer opp Regjeringa sitt forslag om å plassere den nye domstoladministrasjonen i Trondheim.

       Framstegspartiet og representanten Stang føreslår Oslo med hovudvekt på kostnad og manglande fagmiljø i Trondheim.

       Fleirtalet ser det heller som ein stabilitet for det nye fagmiljøet som vil verte etablert i Trondheim, og at det er ein viss avstand som vil vere nyttig for det framtidige sjølvstendet ved domstolane. Det oppnår ein ikkje nødvendigvis med at alle går i det same fagmiljøet til dagleg.

       Det er ein samla komite som går inn for eit nytt innstillingsråd for dommarar, der kompetansen til å nemne opp dommarar skal ligge til Kongen i statsråd, og at hovudprinsippa i ei slik ordning vert lovfesta. Det bør også vere Kongen som på fritt grunnlag nemner opp alle medlemmene til innstillingsrådet.

       Innstillingsrådet får ansvar for innstilling i utnemningssaker og konstitusjonar utover eit år, endeleg avgjerd i konstitusjonar under eit år samt i alle konstitusjonar som vert gjevne i tillegg til fast dommarstilling. Innstillingsrådet får òg ansvar for stillingane som omfattar Høgsterett.

       Når det gjeld stillinga som justitiarius i Høgsterett, skal Regjeringa kunne stå friare, og det er difor ikkje naturleg at denne stillinga vert handsama av innstillingsrådet. Fleirtalet, medlemmene frå Arbeidarpartiet, Høgre, Kristeleg Folkeparti og Senterpartiet, er samde i at innstillingsrådet skal ha sju medlemmer, der alle er juristar.

       Framstegspartiet og representanten Stang meiner at ein skal legge til grunn det same prinsippet som dei målber ved oppnemninga av styret for domstoladministrasjonen.

       Vidare peikar ein samla komite på prinsippet om at det ikkje skal vere fleire dommarfullmektigar enn det er faste dommarar ved domstolane. For å bøte på mangel på dommarar ved enkelte domstolar vert det lovfesta ei avgrensing av ordninga med at dommarar frå første instans vert tilkalla til teneste i lagmannsrett, og at pensjonerte dommarar kan verte nemnde opp som ekstraordinære lagdommarar. Det må opprettast eit tilstrekkeleg tal nye lagdommarstillingar. Dommarane sine sidegjeremål har vore omtalt i pressa ei tid, og for at domstolane skal ha si udiskutable stilling også i framtida, er komiteen samd i at reglane for sidegjeremål vert fastsett i lov for dommarar.

       Komiteen er samd om at det er naudsynt å ha eit eige organ for klage- og disiplinærordning, og stør forslaget om å opprette eit tilsynsutval for dommarar, men at mynde til å utnemne dommarar, suspendere dommarar samt ta ut straffetiltale framleis skal ligge til Kongen i statsråd.

       Det er ei omfattande endring som her vert gjord for den framtidige administrasjonen for landets domstolar. Ein reknar med at det er trong for 65 stillingsheimlar, og at det er trong for monalege midlar i omstillings- og nyetableringsfasen.

       Eg vil som saksordførar oppsummere det slik: Vi står overfor ei spennande utvikling for domstolane og dommarane med denne nye strukturen. Dommarar vil treffe mange avgjerder også i framtida, både i små og store saker. Men felles for alle er at dei vil vere avgjerande for enkeltmenneske, utan omsyn til byrd, og det vil vere avgjerande for samfunnet si oppfatning av det arbeidet som vert utført. Det vert avgjerande for om vi vil ha eit rettferdig domstolsystem som dømmer den enkelte etter gjeldande lov også i framtida. Skal vi bevare vårt demokrati, er dette viktig for den samfunnsutviklinga vi også ønskjer for framtida, nemleg at lov og rett skal gjelde for liten som for stor i samfunnet vårt. For å oppnå det målet må vi til kvar tid ha ein tidsriktig administrasjon.

       Med den nye føreslegne strukturen på domstoladministrasjonen har domstolane si frie stilling i dag i alle fall vorte styrkt.


Finn Kristian Marthinsen (KrF) : Saksordfører Astrid Marie Nistad har hatt en grundig gjennomgang av alle de vesentlige punktene i det som er til behandling i denne saken nå.

       Kristelig Folkeparti støtter alle de momentene som har vært tatt fram, og jeg føler derfor ikke noe behov for å forlenge denne debatten ytterligere annet enn at jeg vil si: Vi slutter oss helt og fullt til alle flertallsmerknadene som saksordføreren har redegjort for.


Jan Simonsen (Frp) : Saksordføreren har på en utmerket måte redegjort også for mindretallets synspunkt.

       Fremskrittspartiet har sammen med den uavhengige representanten Jørn Stang et par avvikende forslag. Det dreier seg om sammensetningen av domstoladministrasjonen og enkelte utvalg hvor Fremskrittspartiet mener at det er mer naturlig at Høyesterett oppnevner medlemmer enn at Regjeringen gjør det.

       Fremskrittspartiet og den uavhengige representanten Jørn Stang er også av den oppfatningen at domstoladministrasjonen bør plasseres i Oslo - i landets hovedstad - istedenfor i Trondheim. Jeg ser argumentet om at en uavhengig domstoladministrasjon bør plasseres i avstand fra departementskontorene. Men det betyr ikke nødvendigvis at det er nødvendig å plassere administrasjonen i en annen by. Oslo har det største juridiske fagmiljø i landet. Her ligger Universitetet, og her ligger også Høyesterett.

       Jeg vil ta opp forslagene fra Fremskrittspartiet og representanten Jørn Stang som er referert i innstillingen.


Presidenten: Jan Simonsen har teke opp dei forslaga han refererte til.


       Tor Nymo (Sp) : Ot.prp.nr.44 (2000-2001) representerer en milepæl for norske domstoler. Domstolenes selvstendighet blir vesentlig styrket. Den norske stat blir videre utbygd som en rettsstat.

       Domstolkommisjonen var splittet i spørsmålet om den sentrale domstoladministrasjonen. Regjeringen har i proposisjonen foretatt beskjedne endringer i forhold til kommisjonens flertallsforslag, noe som er helt underordnet i forhold til det som Senterpartiet anser for å være hovedpunktene, nemlig at

-domstoladministrasjonen blir skilt ut fra Justisdepartementet
-den får et eget styre
-departementets instruksjonsmyndighet faller bort

       For alle de øvrige spørsmålene, som også er viktige, var Domstolkommisjonen i det alt vesentlige samlet om utnevnelse av dommere, om midlertidige dommere, om dommernes sidegjøremål og om ny klage- og disiplinærordning for dommere. Det er derfor ingen overraskelse at departementet i hovedtrekk har fulgt Domstolkommisjonens argumentasjon og forslag.

       Det er særdeles positivt at Justisdepartementet framlegger et så prinsipielt syn på behovet for et klarere skille mellom domstolene og regjeringskontorene. Proposisjonen framhever sammenhengen mellom uavhengigheten i den dømmende virksomheten og uavhengigheten i administrativ henseende. Begrunnelsen for en større uavhengighet også administrativt er i særlig grad at dette støtter opp om og synliggjør utad uavhengigheten i dommerarbeidet.

       Departementet påpeker også, etter mitt syn med rette, at det utad kan framstå som prinsipielt mindre heldig at staten som blir representert av Regjeringens forvaltning, er part i et stort antall rettssaker, samtidig som forvaltningen er administrativt overordnet domstolene. Likeledes anser jeg det som realistisk når departementet legger til grunn at en egen administrasjon vil ha økt legitimitet overfor domstolene. Den vil derfor kunne arbeide med større forståelse og aksept hos dommerne, og dermed med større effektivitet.

       Jeg tilføyer gjerne noen argumenter som er kommet mer i bakgrunnen i proposisjonen, men som jeg anser som vesentlige. Det har i de siste par tiår skjedd en aktiv utbygging av domstoladministrasjonen i departementet. Dette har vært verdifullt, men gir samtidig departementet en løpende innflytelse på domstolenes virksomhet som før var fremmed.

       Så vil jeg ta med kontrollfunksjonen. En av domstolenes viktigste oppgaver er å kontrollere at regjeringen og regjeringens kontorer handler lovmessig. En god kontroll forutsetter et mest mulig uavhengig kontrollorgan. Stortinget har to grunnlovfestede kontrollorganer overfor forvaltningen - Riksrevisjonen og Sivilombudsmannen. Men det ville være fremmed for norsk tankegang om Riksrevisjonen eller Sivilombudsmannen skulle være administrativt styrt fra et departement.

       I proposisjonen fremheves sterkt behovene for åpenhet, innsyn og domstolenes tillit i samfunnet. På denne bakgrunn er det naturlig å etterlyse en omtale av hvor viktig informasjonsvirksomhet vil være for den nye domstoladministrasjonen.

       Så til slutt. Saksordføreren har på en utmerket måte synliggjort komiteens behandling i innstillingen og understreket den store grad av enstemmighet som preger innstillingen. Jeg vil derfor berømme departementets solide håndverk som kommer til uttrykk i proposisjonen, og gjerne også det grundige arbeid som er gjort av Domstolkommisjonen nedfelt i NOU 1999:19.


Odd Einar Dørum (V) : Konklusjonen først. Venstre slutter seg til flertallet på alle punkter. Vi syns det er foretatt en grundig avveining av de hensyn som skal tas, både i arbeidet fra departementet og fra komiteen. Jeg skal ikke utdype de ulike punktene, bortsett fra å nevne to. Jeg syns at de resonnementer som er gjort i forhold til Grunnloven, er viktige, men jeg deler den konklusjonen som er trukket både i framlegget fra departementet og fra komiteens side.

       Så vil jeg gå inn på et forhold som ikke er direkte drøftet, og som ikke berører ordningen i seg selv, verken ordningen med innstillingsorgan eller ordningen med styre, men det er et forhold som jeg for min del vil legge fram fra Stortingets talerstol og fram for offentligheten. Det gjelder evnen og viljen til å rekruttere dommere med en slik sosial og faglig bredde at man etterpå kan nikke og si at klokskapen er blitt befordret til fedrelandet. Det er ikke gitt at det skal være slik. Alle yrkesgrupper, selv yrkesgrupper som bærer et så stort ansvar som dem vi snakker om her i dag, og hvor det er mange framifrå representanter innenfor standen, har et særlig ansvar når man får den friheten til å foreta - la meg kalle det - den form for selvjustis, selvrekruttering og kvalitetssikring som ligger i at vi får en fornuftig bredde. Jeg er noe kjent med slike hensyn - ikke tilknyttet saken i dag, men tilknyttet f.eks spørsmålet om utnevning av høyesterettsdommere - og jeg syns det er viktig at dette blir sagt fra Stortingets talerstol.

       Noen vil spøkefullt kunne si at hvis man tegnet en liten geografisk omkrets i Norge, og jeg skal ikke engang plassere den på kartet, ville man finne en sjenerende høy konsentrasjon av norske dommere. Jeg har ikke ut fra min livserfaring konstatert at det har gått ut over intelligensen eller dømmekraften, ei heller evnen til å holde faglig standard, men det er i seg selv ikke en ideell situasjon. Derfor er det svært viktig at man bærer med seg inne i sitt hode det som ikke kan skrives noe sted, men som jeg foretrekker å tale åpent om, at man i rekruttering, innstillingsarbeid, kaller på mennesker som bærer med seg bredden i dette norske samfunnet. Og ikke minst er det viktig at mennesker som skal være dommere, bærer med seg en sosial innsikt som gjør at man skjønner de ulike sosiale forhold i dette landet, og ikke bare deler av det. Nå er det ikke gitt at det skal bli slik, men jeg føler et sterkt behov for å understreke det. Intet av det jeg nå har sagt, strider på noe som helst punkt mot det som er framlagt av departementet, og det strider ikke mot noe som er framlagt av komiteen, men jeg følte et sterkt behov for å understreke det.

       Jeg vil for min del på vegne av partiet Venstre si at vi, så langt det er mulig med den åpenhet og det innsyn som vi vet det skal legges opp til, vil følge nettopp denne siden av utviklingen når vi får den ordningen som et stortingsflertall, med Venstres støtte, vil stemme gjennom her senere i dag.


Ågot Valle (SV) : SV støtter prinsippet om å fristille den sentrale administrasjonen fra Justisdepartementet for å gjøre domstolene mer uavhengige enn i dag. Dette er i tråd med ønsket om mest mulig skille mellom den utøvende makt og den dømmende makt i forhold til maktfordelingsprinsippet. Derfor støtter SV flertallet på alle punkter, også på dette punktet.

       Det jeg vil kommentere videre, er det faktum at justiskomiteen går imot prinsippet om at domstolenes uavhengighet skal inkorporeres i Grunnloven. Der kom vi altså fram til motsatt konklusjon av det jeg forstår Venstre har gjort. Hovedbegrunnelsen for dette synes å være at justiskomiteen ikke ønsker å grunnlovfeste kun en del av maktfordelingsprinsippet, altså domstolenes uavhengighet i forhold til den lovgivende og utøvende makt.

       En av rettssikkerhetsgarantiene i Den europeiske menneskerettighetskonvensjon artikkel 6 er at domstolene skal være uavhengige og upartiske.

       SV går inn for en inkorporering av domstolenes uavhengighet i Grunnloven fordi dette kommuniserer rettstilstanden best. Uskreven konstitusjonell sedvane og menneskerettighetslovens henvisning til Den europeiske menneskerettighetskommisjon er ikke kommunikasjonsmessig godt nok og gjør dermed prinsippet utydelig, mener vi. De viktigste sidene ved statsformen må kunne kommuniseres med folk flest gjennom Grunnloven og ikke via jurister med statsforfatningsrett som særlig nedslagsfelt. Nå omhandler jo ikke saken i dag akkurat dette, men når hele Grunnloven nå skal gjennomgås, vil vi be om at hele maktfordelingsprinsippet utredes og kommer til uttrykk i Grunnloven. Vi kommer tilbake til prinsippet om domstolenes uavhengighet i dette arbeidet når saken kommer opp på nytt.


Statsråd Hanne Harlem : Det er prinsipielt viktige endringer Odelstinget i dag behandler. Jeg er derfor glad for at de forslagene som er lagt fram av Regjeringen, har samlet en så bred politisk tilslutning.

       Det mest omfattende og prinsipielle forslaget i proposisjonen gjelder den framtidige organisering av administrasjonen av landets domstoler. Det har vært Regjeringens ønske å legge fram et forslag som tydelig markerer domstolenes uavhengige stilling i samfunnet, men som samtidig får fram at domstolsektoren også i framtiden skal og må ha en nær tilknytning til samfunnet for øvrig. Et særdeles viktig stikkord er « tillit ».

       Regjeringen har ønsket å tydeliggjøre et klarere skille mellom domstolene og departementene. Det er et viktig prinsipp at det er klare skiller mellom våre tre statsmakter. Det forslag Odelstinget i dag behandler, understreker dette skillet.

       Med forslaget har vi også ønsket å etablere en ny og mer uavhengig domstoladministrasjon som vil kunne ha større legitimitet og gjennomslagskraft i forhold til den enkelte domstol. Jeg tror at en mer uavhengig domstoladministrasjon vil gi en bedre og riktigere styring av domstolene i framtiden.

       Forslaget innebærer at den direkte instruksjonsmyndighet Justisdepartementet i dag har i forhold til administrative forhold ved den enkelte domstol, faller bort. Domstolene skal selvfølgelig fortsatt være underlagt demokratisk kontroll. Men det skal gjøres ved generelle regler, enten gjennom lov og forskrift eller gjennom den foreslåtte ordning, der det gis sentralt fastsatte retningslinjer for domstoladministrasjonens virksomhet gjennom Stortingets behandling av den budsjettproposisjon Regjeringen fremmer på dette området.

       Forslaget må også ses i sammenheng med organiseringen av den øvrige justisforvaltning. Etter etableringen av Politidirektoratet ved siste årsskifte og etter endringene i administrasjonen av kriminalomsorgen er domstolene i dag en av de siste større landsdekkende offentlige virksomheter som administreres direkte fra et departement. Når man da tar i betraktning domstolenes spesielle statsrettslige stilling og funksjon og den frihet og selvstendighet domstolene skal ha, ville det være en særdeles dårlig løsning å videreføre en ordning med fortsatt sentral administrativ styring av domstolene direkte fra Justisdepartementet.

       Jeg har merket meg at komiteen mener at det er viktig at det bygges opp IT-kompetanse nær domstoladminstrasjonen. Jeg er enig i at domstolenes spesialiserte arbeidsområde forutsetter inngående kjennskap til og forståelse for domstolenes behov for IT og bruk av IT. Dette behovet må også i framtiden defineres av domstoladministrasjonen. Det er imidlertid i alles interesse at ressursene utnyttes best mulig, og derfor har Justisdepartementet bedt direktørene i IT-enhetene for politi, kriminalomsorg og domstol å vurdere muligheten for å sammenslå utvalgte IT-funksjoner i justissektoren. Jeg skal likevel ta med meg Stortingets synspunkter i den endelige vurdering av det forslag de kommer fram til.

       I proposisjonen foreslås det også endringer på andre områder. Det foreslås en ny ordning for dommerutnevnelser og ny klage- og disiplinærordning for dommere. Det foreslås å lovfeste regler for dommernes adgang til å påta seg sidegjøremål og regler for bruk av midlertidige dommere. Også dette er forslag som har samlet bred politisk støtte.

       Jeg har imidlertid lyst til å understreke at man etter min oppfatning nå får en arbeidsordning og ansvarsdeling i forhold til dommerutnevnelser som på en god måte understreker domstolenes selvstendige stilling i samfunnet, samtidig som man beholder prinsippet om at dommere utnevnes av Kongen i statsråd. Jeg synes det også passer godt med det temaet representanten Dørum tok opp, nemlig behovet for en bred rekruttering av dommere. Det er et viktig element, idet det fortsatt er viktig at dommere utnevnes av Kongen i statsråd.

       For publikums tillit til domstolene er også forslaget om ny klage- og disiplinærordning og reguleringen av dommernes adgang til å påta seg sidegjøremål viktig. Jeg er overbevist om at dette er viktige skritt for å styrke åpenheten i samspillet mellom domstolene og deres brukere. Sammen med regulering av bruk av midlertidige dommere vil det bidra til å styrke tillit til og kvalitet i domstolene.


Presidenten: Fleire har ikkje bede om ordet til sak nr.  6.

       (Votering, sjå side 586)