Header dokumenter

Odelstinget
Møte onsdag den 5. juni kl. 12 2002


Sak nr. 3
Innstilling frå kommunalkomiteen om lov om endring i lov 4. februar 1977 nr. 4 om arbeidervern og arbeidsmiljø mv. (informasjon om ledige stillinger) (
Innst.O.nr.49 (2001-2002), jf. Ot.prp.nr.64 (2001-2002) )

TALERE:


       Sigvald Oppebøen Hansen (A) (ordførar for saka):

       Dette lovendringsforslaget er ein konsekvens av at EØS-komiteen den 12. mai 2000 avgjorde å innlemme rådsdirektiv 1999/70/EF om mellombels tilsetjing.

       Lovendringa går ut på å innføre ein ny § 55 G i arbeidsmiljølova om at arbeidsgivaren skal informere arbeidstakarane om ledige stillingar i verksemda. Med andre ord vil dette sikre at alle tilsette skal få informasjon om ledige stillingar. Regjeringa går her lenger enn kravet i direktivet, som berre krev dette for mellombels tilsette, og eg synest det er grunn til å gi Regjeringa honnør for det.

       Eg vil presisere at denne lovendringa ikkje inneber førerett til ledige stillingar, men ei rein informasjonsplikt for arbeidsgivarane. Bakgrunnen for dette er å unngå diskriminering av mellombels tilsette i forhold til fast tilsette.

       Vidare vil lovendringa setje rammer for ukritisk bruk av mellombelse tilsetjingar. I tillegg vil deltidstilsette gjennom den informasjonsplikta som nå blir gjennomført, ha ei større moglegheit til å utvide sin stillingsbrøk. Og det er positivt.

       Komiteen helsar lovendringa velkommen og sluttar seg til dei endringane som er føreslegne. Eg registrerer at departementet definerer omgrepet « alle arbeidstakarar » til også å gjelde dei som er i omsorgspermisjon, og eg vil berre be statsråden om å stadfeste at dette også gjeld dei som er sjukmelde/langtidssjukmelde, at dei òg kjem inn under det samme omgrepet.


Statsråd Victor D Norman : Det er en selvfølge at de som er sykmeldte og langtidssykmeldte, men som fortsatt er ansatt i bedriften, også omfattes av begrepet.


Presidenten: Flere har ikke bedt om ordet til sak nr. 3.

       (Votering, se side 308)