TALERE:
Presidenten: Etter ønske fra samferdselskomiteen vil presidenten foreslå at taletiden blir begrenset til 5 minutter for hver gruppe.
Videre vil presidenten foreslå at det ikke blir gitt anledning til replikkordskifte etter de enkelte innlegg, og at de som måtte tegne seg på talerlisten utover den fordelte taletid, får en taletid på inntil 3 minutter.
- Det anses vedtatt.
Jorunn Ringstad (Sp) (ordførar for saka):
Den første delen av Ot.prp.nr.82 (2001-2002) er ei oppfølging av forslag som er sette fram i St.prp.nr.62 (2001-2002) , som vart debattert i Stortinget tidlegare i dag. Eg har difor ingen nye kommentarar til den delen.
Men i Ot.prp.nr.82 er det også teke inn forslag om lov om tilbod om grunnleggjande banktenester gjennom ekspedisjonsnettet til Posten Norge AS. I dag er Posten Norge BA pålagd å tilby grunnleggjande banktenester gjennom heile ekspedisjonsnettet. Spørsmålet i Ot.prp.nr.82 er om denne plikta skal lovfestast. Eit fleirtal i komiteen, alle unnateke Framstegspartiet, støttar ei lovfesting, slik at det ikkje skal vere tvil om at dette er ei samfunnspålagd oppgåve for Posten. Fleirtalet er òg ope for at det skal kunne vurderast endring i plikta til å inngå avtale med berre ein finansieringsinstitusjon, som får einerett, og som blir pålagd plikt til å tilby grunnleggjande banktenester i heile ekspedisjonsnettet. Ein klar føresetnad for endring er at dette ikkje skal svekkje Posten sitt høve til å tilby banktenester til alle kundar over heile landet, og fleirtalet i komiteen minus Framstegspartiet har slutta seg til dei føresetnadene som ligg her.
Presidenten: Flere har ikke bedt om ordet til sak nr. 5.
(Votering, se side 413)