dokumenttopp

Odelstinget
Møte torsdag den 7. november kl. 10.50 2002


Sak nr. 1
Innstilling frå finanskomiteen om lov om e-pengeforetak (
Innst.O.nr.8 (2002-2003), jf. Ot.prp.nr.92 (2001-2002) )

TALERE:


       Torstein Rudihagen (A) (ordførar for saka):

       Det kan vere godt å ha nokre kroner i pengepungen til å betale i kassa med, og mange vil nok òg føretrekkje den måten å betale på i framtida. Men i staden for å ha pengar i pungen er det altså mogleg å lagre pengane elektronisk på eit kort eller på ei anna elektronisk innretning. Da har vi med e-pengar å gjere. Ein meir nøyaktig definisjon er « ei førehandsbetalt kjøpekraft i form av ein lagra pengeverdi på ei elektronisk innretning ».

       Eg må seie at eg er i tvil om kor utbreidd ein slik betalingsmåte vil bli som eit alternativ til kontobaserte kort. Men da det i e-pengesystemet ikkje er behov for ei sentral oppgjerseining, er det ein del administrasjonskostnader å spore ved dette systemet.

       Lovforslaget som vi no har til behandling, vil regulere høvet til å starte verksemd som har til oppgåve å ferde ut elektroniske pengar, altså e-pengeføretak, og tilsynet med slik verksemd. Med nokre unntak gjeld ikkje lova bankar og andre kredittinstitusjonar, sjølv om dei òg har rett til å drive med slik verksemd. Deira verksemd er allereie regulert i finansieringsverksemdslova.

       Stortinget har tidlegare slutta seg til EØS-direktivet om høvet til å starte og utøve verksemd som e-pengeinstitusjon og tilsyn med slik verksemd, det såkalla e-pengedirektivet.

       Som det går fram av proposisjonen, var fristen for å gjennomføre direktivet i norsk rett 27. april 2002, så vi er vel noko seint ute. Men eg trur neppe at det har vore nokon særleg pågang for å få starte slik verksemd. Dette lovforslaget vil gjennomføre reglar som svarer til direktivet.

       Det er under behandlingsprosessen i komiteen føreslått ein del opprydding i omgrepsbruken. Det har vorte konsekvent brukt ordet e-pengeføretak om denne verksemda. Dessutan har « sunn og fornuftig » blitt erstatta med « sunn og forsvarlig ». Somme vil kanskje seie at det fornuftige har blitt borte undervegs til fordel for det forsvarlege, men det passar vel ein finanskomite rimeleg bra. Elles er det gjort ein del redigeringar undervegs.

       Komiteen sluttar seg til det meste i lovforslaget, med nokre presiseringar i merknads form og med eit forslag til endringar i lova som omfattar tre paragrafar. Denne endringa har sin grunn i at kundar og brukarstader ved konkurs i eit e-pengeføretak vil vere vanlege fordringshavarar i buet til e-pengeføretaket, og at stillinga deira vil vere regulert ved den alminnelege konkurslovgjevinga. Komiteen meiner derfor at brukarstader, og særleg kundar, må få tilstrekkelege opplysningar om at fordringar på eit e-pengeføretak ikkje har så godt vern som t.d. innskott i bank. Slik plikt til å gi opplysningar må òg gjelde bankar og kredittinstitusjonar, og brot på plikta må medføre straff.

       Når det så gjeld dei nemnde presiseringane som komiteen legg til grunn i sine merknader, viser eg til innstillinga. Men eg vil nemne eitt område. Komiteen har vore oppteken av at e-pengeverksemda ikkje skal bli eit verktøy for kvitvasking av pengar. Ein viser til det arbeidet som Finansdepartementet har sett i gang i samband med lov om førebyggjande tiltak mot kvitvasking av pengar og finansiering av terrorisme, og legg til grunn at Regjeringa vil kome attende til Stortinget med nødvendige forslag på dette området.


Presidenten: Flere har ikke bedt om ordet til sak nr. 1.

       (Votering, se side 55)