TALERE:
Presidenten: Første taler er Pål
Kårbø, som skal ha ordet i stedet for sakens ordfører, Ivar Østberg, som er
medlem av Lagtinget.
Pål Kårbø (KrF) : Denne saka om endring i samelova er eigentleg ei lita sak, men likevel viktig for dei det gjeld. Det dreier seg om å gjera ei endring i lov av 29. juni 1933 nr. 2, om flagging på kommunenes offentlige bygninger.
Det samiske flagget vart godkjent av den 13. nordiske samekonferansen i Åre 15. august 1986. Det samiske flagget er eit samlande symbol for samar på tvers av landegrensene og blir i dag brukt m.a. av sametinga i Noreg, Sverige og Finland, av fylkeskommunar, kommunar, organisasjonar, nokre statlege institusjonar og i privat samanheng. Flagget blir brukt ved offisielle nasjonale flaggdagar, samiske flaggdagar og ved andre høgtidelege høve.
Det har vore nedsett ei arbeidsgruppe, samansett av fire representantar frå Sametinget, Utanriksdepartementet og Kommunal- og regionaldepartementet, som har utarbeidd rapporten « Bruk av det samiske flagget ». Denne vart levert 15. juli 2001. Rapporten har vore send ut til 165 høyringsinstansar, m.a. Sametinget, kommunar, fylkeskommunar og samiske organisasjonar. Alle høyringsinstitusjonane stør framlegget frå arbeidsgruppa om å heimla bruken av det samiske flagget i lovverket. Det same gjeld framlegget om å formalisera bruken av flagget i eit eige regelverk.
Eit fleirtal i kommunalkomiteen, alle med unnatak av Framstegspartiet, er difor positiv til Regjeringa sine varsla lovendringar i forhold til bruken av det samiske flagget - dette med bakgrunn i at det i dag ikkje eksisterer retningslinjer for bruken av dette flagget, bortsett frå mellombels reglar frå Utanriksdepartement for rangering av det samiske flagget i forhold til andre flagg.
Fleirtalet viser vidare til at dette lovendringsframlegget ikkje medfører spesielle eller auka utgifter, heller ikkje nye krav og pålegg til kommunar og fylkeskommunar.
På vegner av fleirtalet i kommunalkomiteen vil eg difor rå Odelstinget til å vedta dei foreslåtte lovendringane.
Presidenten: Flere har ikke bedt om ordet til sak nr. 2.
(Votering, se side 429)