dokumenttopp

Odelstinget
Møte tirsdag den 18. mars kl. 11.25 2003


Sak nr. 1
Innstilling fra finanskomiteen om lov om endringer i lov 10. juni 1966 nr. 5 om toll (tolloven) (
Innst.O.nr.69 (2002-2003), jf. Ot.prp.nr.38 (2002-2003) )

TALERE:


       Presidenten: Gjermund Hagesæter vil tale på vegne av saksordføreren, Per-Erik Monsen.


       Gjermund Hagesæter (FrP) : Det denne saka dreier seg om, er eit forslag om skjerping av straffa frå to til seks år for særleg grov overtreding av tolloven. For at denne straffa skal kunne brukast, må overtredinga vere « forsettlig eller grovt uaktsom ». Denne skjerpinga vil vere særleg aktuell ved smugling av alkohol, tobakk og kjøtt i store kvanta.

       Departementet peiker på at Noreg har lågare straffer for smugling enn andre land som det er naturleg å samanlikne seg med. Departementet peiker også på at Noreg har høgare avgifter på aktuelle smuglarvarer enn våre naboland, og at desse to forholda i kombinasjon gjer at Noreg er spesielt utsett for smugling. Det er sjølvsagt klart at høg forteneste og låg straff gjer det meir aktuelt å smugle enn dersom fortenesta var lågare og straffa høgare.

       Ein vil i denne proposisjonen likevel ikkje gjere noko i forhold til fortenesta ved smugling - berre i forhold til straffenivået. Ingen av høyringsinstansane har gått mot denne endringa. Dei som måtte vere mot denne straffeskjerpinga, har ikkje kome med synspunkta sine, korkje overfor departementet eller overfor komiteen. På bakgrunn av dette er det derfor ein samrøystes komite som stiller seg bak denne endringa. Rett nok har Framstegspartiet og Kystpartiet sine eigne merknader, der det høge avgiftsnivået blir teke opp som eit vesentleg moment og grunnlag for smuglaraktivitet, og der ein strekar under at det også er viktig å få redusert desse særnorske avgiftene for å få ned smuglinga til Noreg. Men når det gjeld straffeskjerpinga, er altså komiteen samla.


Presidenten: Flere har ikke bedt om ordet til sak nr. 1.

       (Votering, se nedenfor)