TALERE:
Presidenten: Etter ynske frå sosialkomiteen vil presidenten foreslå at taletida vert avgrensa til 5 minutt til kvar gruppe.
Vidare vil presidenten foreslå at det ikkje vert gitt høve til replikkar etter dei enkelte innlegga, og at dei som måtte teikne seg på talarlista utover den fordelte taletida, får ei taletid på inntil 3 minutt.
- Det er å sjå på som vedteke.
Per Steinar Osmundnes (KrF) (ordførar for saka):
Odelstingsproposisjon nr. 74 endrar pasientskadelova slik at ho no også omfattar private helsetenester.
Pasientskadelova for den offentlege helsetenesta tredde i kraft den 1. januar 2003, men vart utsett for private helsetenester. Med dagens vedtak vert derfor pasientskadelova fullført og kan i sin heilskap tre i kraft. Den nye lova gjeld heile helsetenesta, også dei kommunale sjukeheimane og den private helsetenesta. Ein samla komite er nøgd med at Regjeringa har kome attende til Stortinget med ei utviding av lova sitt virkeområde.
Pasientskadelova er viktig fordi ho gjer seg gjeldande når helsetenestene sviktar. Det handlar om menneske som må leve med skadar dei vert påførde av helsevesenet. For Kristleg Folkeparti er det viktig at pasientane er i sentrum for helsetenesta, og det må visast respekt på alle område i livet.
Når lova no er fullført og også legg privat helseteneste under seg, er dette ein merkedag for dei som har kjempa, og for dei som framleis kjempar. Komiteen støttar derfor departementets forslag om at pasientskadelova i sin heilskap skal tre i kraft den 1. januar 2004.
I pasientskadelova var det opphavleg nedfelt at Norsk Pasientskadeerstatning skulle greie ut alle krav, også dei krava der forsikringsselskapa stod ansvarlege for å dekkje erstatninga. Komiteen har merka seg at lova ikkje lét seg setje i verk med ei slik ordning, då forsikringsselskapa ikkje var villige til å tilby forsikring dersom dei ikkje fekk greie ut krava samtidig. På denne bakgrunnen støttar komiteen at forsikringsselskapa sjølve greier ut dei krava dei kan verte ansvarlege for å dekkje.
Komiteen stiller seg også bak forslaget om at Norsk Pasientskadeerstatning skal stå ansvarleg for dei skadane som skjer under det offentlege sitt ansvar for å sørgje for helsetenester. Dette vil sikre størst grad av tryggleik for pasientane i offentleg helseteneste. På grunn av den uvissa som har kome fram omkring storleiken på forsikringsmarknaden i samband med endring av lova, og dermed høvet til å fordele ansvaret etter pasientskade, støttar komiteen departementet i å endre § 8. Komiteen sluttar seg til forslaget, slik at det vert gitt heimel til å fastsetje ansvarsavgrensingar i forsikringsavtalen.
Komiteen støttar også at det vert gitt høve til å oppmode om at saka vert brakt direkte inn for Pasientskadenemnda for behandling der. Dette skal berre fungere som ein tryggleiksventil. For å unngå at Pasientskadenemnda vert belasta med unødvendig meirarbeid som kan føre til auka generell sakshandsamingstid, har komiteen merka seg at fristen ikkje bør vere for kort. Saker som i utgangspunktet treng lang sakshandsamingstid, kan verte hindra i å få direkte behandling i Pasientskadenemnda.
Komiteen har også merka seg at departementet opnar for at det vert gitt ein heimel for å gi forskrift om betaling av eigendelar til Norsk Pasientskadeerstatning. Komiteen strekar under, som departementet, at i dei tilfella der det vert avtalt eller bestemt eigendel, skal ikkje eigendelane verte trekte ifrå erstatningsutbetalinga til pasienten, men verte dekte av den ansvarlege for verksemda.
Komiteen trur at departementet har rett i at ein viktig effekt av å fastsetje eigendelar er at det kan auke motivasjonen for å skape gode rutinar i helseinstitusjonar. I sum inneber Ot.prp.nr.74 ei styrking av pasienten sin posisjon i ordninga.
Til slutt vil eg tilrå komiteen si tilråding.
Presidenten: Fleire har ikkje bede om ordet til sak nr. 11.
(Votering, sjå side 892)