TALERE:
Olaf Gjedrem (KrF) (ordførar for saka):
Ot.prp.nr.90 (2002-2003) legg fram eit forslag til ny lov som skal sikra det nødvendige rettslege grunnlaget for at staten i samband med matforvaltingsreforma kan overta formuesposisjonar frå kommunane og kommunalt åtte selskap i tråd med dei prinsippa som blei lagde til grunn ved Stortingets behandling av St.prp.nr.1.
Dette fører til at fleire oppgåver som i dag blir utførde av kommunale og interkommunale næringsmiddeltilsyn, skal overførast til staten ved Mattilsynet frå 1. januar 2004. Det er meir konkret snakk om
| - | næringsmiddeltilsyn, som i dag er eit kommunalt ansvar, herunder tilsyn med drikkevatn |
| - | næringsmiddeltilsyn og kjøttkontroll, som i dag er eit statleg ansvar, men som blir utført av kommunale og interkommunale næringsmiddeltilsyn etter delegert fullmakt frå SNT |
Når det gjeld det økonomiske oppgjeret, vil det ha tre hovudelement:
| - | overføring av personell som er sett til å løysa dei oppgåvene som staten skal overta |
| - | overføring av eigardelar som er skaffa for å løysa dei oppgåvene som staten skal overta |
| - | utgifter til drift |
Ein vil anvenda reglane for overdraging av verksemder etter arbeidsmiljøloven for overføring av personell frå kommunane og kommunalt åtte selskap til Mattilsynet. I forhold til eigardelar skal det som hovudprinsipp leggjast til grunn at staten har rett og plikt til å taka over eigarskapen til dei formuerettslege posisjonane som blir nytta for å løysa dei oppgåvene som staten skal taka over. Dette gjeld rettar eller plikter etter ulike typar avtalar som skal overdragast til staten, så lenge dei hovudsakleg kan knytast til dei oppgåvene som staten tek over. Det vil også vera slik at staten ikkje skal vera forplikta til å yta særskild godtgjersle for dei formueposisjonane som staten tek over, men at det økonomiske oppgjeret skal skje ved at kommunane si gjeld og andre forpliktingar knytte til dei formuegjenstandane som blir tekne over, blir overdregne til staten. Når det gjeld det økonomiske oppgjeret, skal dette skje etter forhandlingar, og talet på årsverk som skal førast over frå kommunane til staten, er omfatta av det økonomiske oppgjeret. Avtale om årsverksramme mellom partane, eller avgjerd om dette ved tvisteløysing, skal ikkje kunna svekkja dei rettane som den enkelte arbeidstakar har etter arbeidsmiljølovens føresegner om overdraging av verksemder.
Når det gjeld forslaget om tvisteløysing, er det semje i komiteen om at ei uavhengig nemnd vil kunna sikra legitimitet for dei avgjerdene som blir tekne i dei tilfella der det oppstår tvistar. Me er samtidig opptekne av at det økonomiske oppgjeret blir gjennomført utan unødig bruk av ressursar.
Presidenten: Flere har ikke bedt om ordet til sak nr. 5.
(Votering, se side 992)