|
TALERE:
Torstein Rudihagen
(A) (ordførar for
saka):
Ot.prp.nr.107 (2002-2003) er ei oppfølging av stortingsvedtak av 13. desember 2002, der Stortinget bad Regjeringa kome attende med forslag til lovreglar som gir offentlege kreditorar heimel til å godta forslag til frivillig gjeldsordning. Det var eit samla storting som stod bak dette vedtaket, som opnar for at gjeldsordning kan bli eit viktig verktøy for å rydde opp i gjeldssaker der det offentlege er ein av kreditorane, ei opprydding som er til beste både for skyldnarar og kreditorar.
Regjeringa har i proposisjonen følgt dette opp på ein god måte, og ein samrøystes komite sluttar seg til endring i gjeldsordningslova som gir det offentlege heimel til å vere med på frivillig gjeldsordning.
Når det gjeld nedsetting av bøter som ledd i ei frivillig gjeldsordning, har proposisjonen ei eiga vurdering av dette spørsmålet, ei vurdering som konkluderer med at det i § 4-12 tredje ledd blir gjort unnatak for bøter - ein konklusjon som òg ein samrøystes komite sluttar seg til. Eg finn derfor ingen grunn til å gå nærare inn på dette spørsmålet.
I Regjeringas forslag til ny § 4-12 er det teke inn ei presisering av at ei avgjerd om forslag til gjeldsordning skal godtakast, ikkje reknast som enkeltvedtak etter forvaltningslova. Eit mindretal i komiteen beståande av Framstegspartiet, SV og Kystpartiet fremjar forslag om at dette skal reknast som enkeltvedtak etter forvaltningslova, og at det er dette som skal presiserast i lova. Representantar for desse partia vil sikkert sjølve gjere greie for forslaget, men i innstillinga er forslaget i det vesentlege grunngitt med rettstryggleiken til dei private partar dersom den offentlege kreditoren avslår frivillig gjeldsordning.
Når Arbeidarpartiet sluttar seg til Regjeringas forslag på dette punktet, er det ut frå følgjande:
For det første: I slike saker der det offentlege er kreditor, blir jo det offentlege ein part på lik linje med andre kreditorar. Representanten for det offentlege opptrer altså ikkje her først og fremst som myndigheitsutøvar, men som kreditor.
Det andre her er spørsmålet om ei slik klagemoglegheit etter forvaltningslova i praksis vil betre tryggleiken. I gjeldsordningslova er det jo ei ordning med tvungen gjeldsordning. Ved avslag på frivillig gjeldsordning kan det klagast til namsretten med « begjæring om tvungen gjeldsordning ». Namsmannen vil da nettopp måtte vurdere dei forholda som er grunngivinga for avslaget. Her vil det da bli vurdert om det er grunnlag for tvungen gjeldsordning. Etter mitt syn skulle da rettstryggleiken her bli vareteken. I praksis vil dette antakeleg fungere betre, raskare og med mindre ressursbruk enn ved å gå vegen om ei klagebehandling etter forvaltningslova.
Forslaget om tvungen gjeldsordning må fremjast innanfor gjeldsforhandlingsperioden, som er på tre månader. Vanlegvis vil eit eventuelt avslag på frivillig gjeldsordning kome i slutten av denne tremånadersperioden, for det er først da ein har full oversikt over debitors gjeld og har fått høve til å utarbeide eit forslag til frivillig gjeldsordning. Om det da skulle setjast fram ein forvaltningsklage, vil ein oftast ikkje rekke å ferdigbehandle han før fristen for å be om tvungen gjeldsordning går ut. Skyldnaren må antakeleg likevel fremje krav om tvungen gjeldsordning før det blir for seint.
Eit anna forhold, som for så vidt ikkje er tema i Ot.prp.nr.107, er spørsmålet om ein minstesats å leve av for skyldnaren i gjeldsordningsperioden. Når det likevel er blitt eit tema i innstillinga, er det fordi Regjeringa ikkje har følgt opp stortingsfleirtalets merknad i Innst.O.nr.15 (2002-2003). Her skreiv eit fleirtal beståande av Arbeidarpartiet, Framstegspartiet, SV, Senterpartiet og Kystpartiet at
« ingen skyldner bør ha mindre å leve av enn 85 % av minstepensjon. Dette bør departementet innarbeide i framtidige veiledende satser ».
I staden for å følgje dette opp sender Barne- og familiedepartementet ut eit rundskriv den 30. juni med rettleiande satsar som tilsvarar ca 75 % av minstepensjon. I St.prp.nr.1 frå Barne- og familiedepartementet og i eit svar til finanskomiteen på bakgrunn av eit spørsmål om denne saka argumenterer departementet for å behalde ein så vidt låg sats. Her blir det m.a. sagt at ein nøktern levestandard under gjeldsordning er grunnleggjande nødvendig m.a. for at allmennheita skal akseptere ordninga. Det siste er eg einig i, men skal tru om ikkje den same allmennheita òg vil meine at det å leve av 85 % av minstepensjon ikkje er noko overdådig tilvere, men nettopp eit nøkternt.
Dette spørsmålet vil bli behandla i samband med behandlinga av Barne- og familiedepartementets budsjett, og eg skal derfor ikkje bruke meir tid på det no. Eg vil berre streke under at det same stortingsfleirtalet som stod bak 85 %-regelen i Innst.O.nr.15 frå i fjor, står fast på dette og vil følgje opp det standpunktet ved behandlinga av Barne- og familiedepartementets budsjett.
Siv Jensen (FrP) (komiteens leder):
Saksordføreren har for så vidt redegjort godt for de ulike mindretall og flertall som fremkommer i innstillingen. Jeg vil bare få lov til å ta opp mindretallsforslaget fra Fremskrittspartiet, Sosialistisk Venstreparti og Kystpartiet.
Jeg har lyst til å understreke at det faktisk er av rettssikkerhetshensyn at dette forslaget er fremmet. Mindretallet mener at gjeldsordningsloven ikke bør inneholde den foreslåtte særbestemmelse om unntak fra forvaltningslovens bestemmelser, men at det tvert imot bør presiseres at avgjørelse om at frivillig ordning skal godtas, skal regnes som enkeltvedtak etter forvaltningsloven. Det mener vi ville gitt en betydelig større grad av rettssikkerhet for berørte parter. Dette er bakgrunnen for at forslaget fremmes, men jeg registrerer at det er et mindretall som står bak.