Lenke til Stortingets hovedside  

Odelstinget
Møte mandag den 15. desember kl. 18.40 2003


Sak nr. 4
Innstilling fra finanskomiteen om lov om endringer i lov 17. juli 1998 nr. 56 om årsregnskap mv. (regnskapsloven) (
Innst.O.nr.45 (2003-2004), jf. Ot.prp.nr.15 (2003-2004) )

TALERE:


       Presidenten: Første taler er Heidi Grande Røys, på vegne av sakens ordfører, som er medlem av Lagtinget.


       Heidi Grande Røys (SV) : Finanskomiteen har hatt Ot.prp.nr.15 (2003-2004) til behandling. Proposisjonen inneheld tre ulike forslag.

       Det fyrste gjeld implementering av EØS-reglar som svarar til direktiv 2001/65/EF om høve til å ta i bruk såkalla verkeleg verdi når finansielle instrument skal verdivurderast i eit føretaks rekneskap. Det andre gjeld vidareføring av ein overgangsregel i rekneskapslova som opnar for bruk av eigenkapitalmetoden og bruttometoden i selskapsrekneskap. Det tredje forslaget handlar om at norske filialar av utanlandske selskap ikkje lenger skal ha plikt til å offentleggjere sine rekneskap. Når det gjeld vidareføring av overgangsregelen, er komiteen samla. For dei to andre forslaga ligg det føre delte innstillingar.

       EØS-direktivet om verkeleg verdi har som utgangspunkt at det er den reelle verdien av ulike finansielle instrument som skal gå fram av eit føretaks rekneskap, og ikkje f.eks prisen på tidspunktet for kjøp. Dette omsynet er sjølvsagt viktig. Men samtidig inneber det forslaget som ligg føre her, at denne moglegheita vert utvida til finansielle instrument som det er vanskeleg å måle verkeleg verdi av. Mens omsetjelege verdipapir som aksjar får fastsett verdien i ein relativt oversiktleg marknad, vil det kunne vere langt vanskelegare å fastsetje ein verkeleg verdi på dei finansielle instrumenta det her er snakk om å inkludere.

       Fleire høyringsinstansar har peika på at dette regelverket vert uklart, og at det i verste fall kan opne for manipulering av rekneskap. Det er dessutan i dag vanskeleg fullt ut å sjå konsekvensane av det vedtaket vi gjer i kveld, fordi det ikkje finst ein fullgod rekneskapsstandard på området. I EU arbeider ein framleis med standarden når det gjeld behandlinga av finansielle instrument. Ein reknar ikkje med at han er ferdig før tidlegast mot slutten av 2004. Samtidig er det klart at direktivet om verkeleg verdi ikkje vil verte implementert i alle medlemsstatane i EU innan fristen. Storbritannia vil f.eks ikkje implementere direktivet før i 2005.

       På denne bakgrunnen er det lett å seie seg einig med høyringsinstansar som Revisorforeningen, Norsk Regnskaps Stiftelse og LO, som alle har ynskt å utsetje behandlinga av denne saka slik at ho kan sjåast i samanheng med den komande evalueringa av rekneskapslova og EUs arbeid med rekneskapsstandarden.

       Regjeringa har likevel ryggdekking i tidlegare stortingsvedtak når dei vel å gå inn for implementering innan 1. januar. Også vi i SV har vore med på det vedtaket. Det er likevel grunn til å peike på at det fyrst er i samband med behandlinga av denne aktuelle proposisjonen at Stortinget har fått seg førelagt innvendingane mot direktivet om verkeleg verdi. Både då EØS-utvalet behandla saka og då ho gjekk gjennom Stortinget i fjor haust, skjedde det utan debatt og merksemd. Når vi no har betre høve til ein grundig debatt om dette, er saka faktisk allereie avgjord. Slik vert denne saka etter SVs syn eit godt bilete på dei demokratiske manglane som vi meiner er ved EØS-avtalen.

       Når ei utsetjing vert vanskeleg av omsyn til tidlegare stortingsvedtak og EØS-forpliktingar, er vi forbausa over at Regjeringa ikkje har valt ei mest mogleg avgrensa implementering av direktivet. Sidan regelverket vi i dag vedtek, berre vert eit førebels regelverk i påvente av den samla gjennomgangen av rekneskapslovgivinga, og sidan det òg er uklart kva som er rekkevidda av vedtaket, ville ei minimumsimplementering vore fornuftig. SV er einig med Regjeringa i at det nye regelverket ikkje bør brukast på selskapsrekneskap. Vi meiner likevel at heller ikkje alle konsernrekneskap, berre rekneskapen til børsnoterte selskap, bør omfattast. Direktivet opnar for ei slik avgrensing, og SV, Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Kystpartiet står bak dette forslaget.

       Dei argumenta som finst for ei hurtig behandling av direktivet om verkeleg verdi, gjeld ikkje for saka om offentlegheit for filialrekneskap. EU-direktivet som forbyr krav om slik offentleggjering, er frå 1989 og har vore EØS-sak i elleve år utan å verte implementert i norsk lovverk. At Regjeringa no plutseleg får slikt hastverk med å gjennomføre denne forpliktinga, er veldig underleg med tanke på den komande heilskaplege gjennomgangen av rekneskapslovgivinga. Vi meiner denne saka har fortent større merksemd enn det ho har fått med den særs hastige behandlinga ho no har vore gjenstand for. Endringa inneber altså at filialar av utanlandske selskap i Noreg ikkje lenger skal måtte offentleggjere sine rekneskap. Det betyr at tilsette, media og offentlegheita elles vert stengde ute frå viktig informasjon om tilstanden i delar av norsk næringsliv.

       Mens debatten i kjølvatnet av dei store rekneskapsskandalane internasjonalt har handla om trongen for meir openheit og innsyn, går vi altså i stikk motsett retning. Det er etter vårt syn negativt. Offentlegheita bør dessutan ikkje vere knytt til kva selskapsstruktur selskapet har, slik tilfellet er når filialar av utanlandske selskap er føreslått unnateke. Dersom filialen f.eks hadde vore eit AS, hadde selskapet hatt rekneskapsplikt, innsendingsplikt og offentlegheitsplikt. Forslaget inviterer difor til « tilpassninger ». SV er mot å redusere innsynet og openheita i filialrekneskapa. Vi står på det området i lag med Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Kystpartiet om å meine at denne saka i det minste burde ha vore utsett. Vi vil stemme mot endringane i rekneskapslova § 8-1.

       Med det vil eg ta opp det forslaget SV i lag med andre har fremma i innstillinga.


Presidenten: Representanten Heidi Grande Røys har tatt opp det forslaget hun refererte til.


       Torstein Rudihagen (A) : Representanten Heidi Grande Røys har gjort god greie for saka, og Arbeidarpartiet kan òg i stor grad stille seg bak dei vurderingane som ho kom med.

       Som representanten var innom, var to av tre tema gjenstand for diskusjon. Det er spørsmålet om rekneskapsmessig behandling av finansielle instrument etter prinsippet om verkeleg verdi og spørsmålet om offentlegheit for rekneskapsdokument til utanlandske føretak som driv verksemd i Noreg.

       Arbeidarpartiet er einig med Regjeringa i at vi bør leggje vinn på å overhalde våre EØS-forpliktingar, dersom det ikkje er heilt spesielle og sterke grunnar for det motsette. Men når det gjeld spørsmålet om rekneskapsmessig behandling etter prinsippet om verkeleg verdi, vil vi gå lenger enn Regjeringa i å utnytte det høvet som ligg her, til å avgrense det til børsnoterte konsern, iallfall i denne omgangen. For det er ikkje lett å ha oversyn over konsekvensane av at finansielle instrument, utover dei marknadsbaserte finansielle omløpsmidlane, skal kunne vurderast til verkeleg verdi, særleg når internasjonale standardiseringsreglar enno ikkje er på plass.

       Det er derfor grunn til å beklage at komiteen har måtta behandle denne saka nærast i hastverk, før fristen i høve til dette direktivet går ut. Både Norsk RegnskapsStiftelse og Den norske Revisorforening går inn for å utsetje lovendringa, m.a. med grunngivinga at det ikkje ligg føre ein revidert internasjonal rekneskapsstandard som vil gi ei klar og eintydig rettleiing for rekneskapsføring og vurdering av dei finansielle instrumenta. Dei hevdar at dette vil kunne resultere i ulik rekneskapsføring mellom selskap og rekneskapsår.

       LO gir uttrykk for ein generell motstand mot prinsippet om ei vurdering av verkeleg verdi, fordi dei meiner at det er lett å misbruke. Dei internasjonale rekneskapsstandardane vil, etter opplysingane vi har fått, tidlegast bli vedteke av EU i oktober-november 2004.

       Den andre hovudgrunnen til at dei nemnde høringsinstansane ønskjer ei utsetjing, er at rekneskapslova likevel er under revidering. NOU 2003:23 Evaluering av regnskapsloven er ute på høring, og dei foreslåtte endringane i Ot.prp.nr.15 må uansett vurderast i samanheng med behandlinga av rekneskapslova. Det kan sjølvsagt reisast spørsmål ved kva for konsekvensar det får for dei ikkje-børsnoterte konserna om dei ikkje får tilgang til å ta i bruk dei foreslåtte rekneskapsføringane i 2004. Men alt i alt finn Arbeidarpartiet det mest forsvarleg å avgrense dette så langt det er mogleg i denne omgangen, og så kjem vi attende til det når evalueringa av rekneskapslova skal behandlast.

       Utanlandske føretak som er rekneskapspliktige, skal utarbeide eit særskilt filialrekneskap for verksemd i Noreg. Etter gjeldande rett skal desse vere offentlege. Regjeringa legg til grunn at det òg delvis er i strid med våre EØS-forpliktingar å krevje slik offentlegheit. Derfor blir det foreslått å tilpasse lovverket òg på dette området. Det er, som representanten Heidi Grande Røys òg uttrykte, underleg at Regjeringa no har fått slikt hastverk med å implementere EØS-regelverk på dette området, all den tid EU-direktivet er frå 1989 og vi som nemnt veit at Stortinget skal behandle evalueringa av rekneskapslova kanskje i løpet av neste år.

       Bortfall av offentlegheitskravet har etter mitt syn så mange uheldige sider ved seg at dette treng ei grundigare behandling enn det Regjeringa no legg opp til. Ein skulle tru at omsynet til både allmenta og dei tilsette tilseier at rekneskap for alle einingar som blir drivne i Noreg, og som har tilsette i Noreg, skal vere omfatta av offentlegheitsprinsippet. Det er òg uheldig at offentlegheit skal knytast til kva selskapsstruktur selskap har, slik tilfellet er når filialar av utanlandske selskap blir foreslått unnatekne. Dersom filialen t.d. hadde vore eit AS, hadde selskapet hatt rekneskapsplikt, innsendingsplikt og offentlegheitsplikt. Forslaget kan derfor invitere til tilpassingar.

       Arbeidarpartiet meinar at vi bør løyve oss såpass tid at dette spørsmålet blir teke i samanheng med utgreiinga til Regnskapslovutvalget, og vil, som SV, stemme mot den foreslåtte endringa i § 8-1.


Torbjørn Hansen (H) : Det er generelt viktig for norsk næringsliv at vi har et regelverk som er oppdatert og i tråd med det som gjelder internasjonalt. Dette gjelder også for regnskapsregler. Norske bedrifter bør rapportere på en sammenlignbar og forståelig måte i forhold til utenlandske selskaper, i forhold til forretningsforbindelser, eiere og finansinstitusjoner.

       Tilpasning av regnskapsloven, som foreslått i Ot.prp.nr.15, følger også av EØS-avtalen når det gjelder de fleste punktene.

       Når det gjelder behandlingen av finansielle instrumenter, innebærer forslaget at det gis adgang, men ikke plikt til å vurdere finansielle instrumenter til virkelig verdi i regnskapet. Adgangen gis kun for konsernregnskap, og er uavhengig av om regnskapet er børsnotert eller ikke. Lovendringen har virkning fra 1. januar 2004. Dette forslaget er en begrenset og midlertidig løsning inntil Regnskapslovutvalgets utredning, NOU 2003:23 Evaluering av regnskapsloven, er behandlet. I denne behandlingen blir den endelige og fullstendige vurdering gjort i forhold til bruken av virkelig verdi for finansielle instrumenter i regnskapssammenheng.

       Regjeringspartiene støtter en gradvis innføring av regelverket, slik at selskapene får tid til å legge om rutinene fram til dette blir obligatorisk. Regjeringspartiene deler også vurderingen at de foreslåtte endringer gjør informasjonen i regnskapet mer relevant. Virkelig verdi for finansielle instrumenter gir mer presis informasjon enn historisk kostnad, gitt at virkelig verdi er målbart. Når det gjelder grunnlaget for verdifastsettelsen, gjelder den internasjonale regnskapsstandarden IAS 39. Denne blir utgangspunktet for norsk regnskapsskikk på dette feltet. Det at denne standarden nå er oppe til vurdering, er ikke til hinder for at den legges til grunn så lenge den gjelder.

       Regjeringspartiene mener at det er hensiktsmessig at også ikke-børsnoterte konsern får muligheten til å bruke dette regelverket, fordi en del slike konsern i mange sammenhenger har det samme behovet for å følge internasjonalt regelverk som de børsnoterte foretakene. En slik adgang vil også gjøre det lettere for selskapene å forberede en børsnotering.

       Når det gjelder endringen i regelverket for offentlighet av filialregnskaper til utenlandske foretak i Norge, er dette en endring som følger av EØS-forpliktelsene. Det er ingen tvil om hva som er gjeldende regelverk i EØS på dette feltet. EØS-reglene er klart til hinder for at vi kan kreve at utenlandske foretak i Norge offentliggjør filialregnskaper for den norske virksomheten. Det må vi tilpasse oss. På den andre siden blir det nå satt krav til at foretak med filial i Norge må sende inn og offentliggjøre sine foretaksregnskaper til Regnskapsregisteret, og det må gjøres på relevant språk, nærmere bestemt norsk, dansk, svensk eller engelsk. Dermed står vi fast på prinsippet om at regnskapsdokumenter skal være offentlig tilgjengelige.

       Jeg vil herved anbefale komiteens innstilling.


Presidenten: Flere har ikke bedt om ordet til sak nr. 4.

       (Votering, se side 283)