|
TALERE:
Presidenten: Etter ønske frå familie-, kultur- og administrasjonskomiteen vil presidenten foreslå at taletida blir avgrensa til 5 minutt til kvar gruppe og 5 minutt til statsråden.
Vidare vil presidenten foreslå at det blir gjeve høve til tre replikkar med svar etter innlegg frå medlemer av Regjeringa innafor den fordelte taletida.
Vidare vil presidenten foreslå at dei som måtte teikne seg på talarlista utover den fordelte taletida, får ei taletid på inntil 3 minutt.
- Dette vert sett som vedteke.
Eli Sollied Øveraas (Sp) [18:11:55] (ordførar for saka):
Først må eg få lov til å rette opp ein inkurie som er kommen inn i innstillinga. På side 3, første spalte, i avsnittet som startar med « Komiteens flertall », står det i tredje linje « begge målføre ». Det skal rettast til « begge målformer ».
Då Stortinget handsama St.meld.nr.9 (2001-2002) , Målbruk i offentleg teneste, vart det uttrykt støtte til at Norsk språkråd i si noverande form vart nedlagt. Stortinget stilte seg òg positivt til at ein ny språkorganisasjon trong funksjonelle og organisatoriske endringar.
Stortinget har jamleg vorte orientert om prosessen. Dette vart seinast drøfta under handsaminga av kulturmeldinga og i budsjettproposisjonen for 2005, som også omtalar saka.
Bakgrunnen for denne proposisjonen er at det trengst eit vedtak i Odelstinget for å oppheve lova om Norsk språkråd, og ein samrøystes komite støttar dette. Proposisjonen gir ein grundig omtale av omdanningsprosessen og drøftar òg spørsmålet om om den nye språkinstitusjonen treng å heimlast i lov.
Når det gjeld omdanningsprosessen, har departementet oppnemnt eit interimsstyre på sju medlemmer som har fått fastsett eit mandat av departementet.
Det skal byggjast gode kontaktar til alle delar av det norske språksamfunnet. Dette krev ein open prosess, med brei deltaking frå mange aktørar. Interimsstyret skal utarbeide eit strategidokument for den nye institusjonen. Dokumentet skal i første rekkje ha som funksjon å leggje opp til handlingsretta prioriteringar. Målet er at den nye institusjonen skal bli eit mest mogleg fleksibelt instrument, som raskt kan tilpasse seg nye utfordringar og prioriteringar.
Føresetnadene for å få ein funksjonell språkinstitusjon er at interimsstyret får høve til å arbeide i om lag eit år. Komiteen støttar departementet sitt syn på at det ikkje bør takast endeleg standpunkt til korleis den nye institusjonen skal fungere, før interimsstyret har komme eit godt stykke med det arbeidet dei er sette til å gjere. Sjølv om interimsstyret si funksjonstid er tenkt å vare om lag eit år, vert likevel den nye institusjonen føreslått etablert frå 1. januar 2005. Komiteen støttar dette, men deler seg i synet på både behovet for lovheimling av den nye språkinstitusjonen og behovet for at Stortinget skal drøfte korleis den nye modellen endeleg vert utforma og skal verke.
Mindretalet, Arbeidarpartiet, SV og Senterpartiet, viser til at Norsk språkråd i si tid vart oppretta ved eiga lov, og meiner at den nye institusjonen også bør forankrast i lov. Departementet avviser ikkje dette i proposisjonen, men hevdar at det ikkje er formålstenleg å gjere ei endeleg vurdering av dette no. I proposisjonen vert det vist til at spørsmålet om alternativ lovgiving i ei eller anna form kan vurderast som eit ledd i den vidare omdanningsprosessen eller seinare.
For Senterpartiet er det viktig å peike på at lova om Norsk språkråd seier at det skal vernast om « den kulturarv som norsk skriftspråk og talespråk representerer ». I lova vert ei rekkje tiltak omtala. I stikkordsform vil eg nemne tiltak som kan auke kunnskapen om norsk språk, råd til styresmaktene som gjeld språkbruk i skulen og i NRK, og råd og rettleiing til allmenta.
Det norske språket er under sterkt press. Det engelske språket et seg meir og meir inn i det norske språket. Senterpartiet meiner det er viktig at også den nye institusjonen gjennom lovheimling står sterkare i det å ta vare på viktige språkpolitiske omsyn. Sjølv om departementet i denne omgangen seier nei til dette, håpar eg at det i dei vidare vurderingane vil verte konkludert i tråd med mindretalet sitt forslag.
Eg oppmodar Odelstinget til å støtte innstillinga. Samtidig set eg fram forslaga nr. 1 og nr. 2.
Presidenten: Representanten Eli Sollied Øveraas har teke opp dei forslaga ho
refererte til. Magnar Lund Bergo (SV) [18:17:02] : Vi slutter
oss til saksordførerens innlegg. Vi har ingen merknader utover det, men vil
fremme det forslaget vi selv har i innstillingen.