Lenke til Stortingets hovedside  

Odelstinget
Møte torsdag den 18. november kl. 13.07 2004


Sak nr. 5
Innstilling fra kommunalkomiteen om lov om lønnsnemndbehandling av arbeidstvisten mellom Oljearbeidernes Fellessammenslutning og Norges Rederiforbund i forbindelse med tariffrevisjonen 2004 (
Innst.O.nr.11 (2004-2005), jf. Ot.prp.nr.10 (2004-2005) )

TALERE:


       Magnhild Meltveit Kleppa (Sp) [19:22:53] (leiar for komiteen og ordførar for saka): Innst.O.nr.11 (2004-2005) gjeld bruk av tvungen lønsnemnd i arbeidstvisten mellom OFS og Norges Rederiforbund.

       Eit fleirtal i komiteen, alle parti unnateke SV, støttar forslaget i proposisjonen.

       Fleirtalet understrekar at Stortinget ikkje tek stilling til grunnlaget for konflikten. Eg finn grunn til å komma med ei spesiell poengtering av akkurat det, fordi kommunalkomiteen dette året og òg i føregåande sak i dag har drøfta tiltak og fremma sterke meiningar når det gjeld sosial dumping.

       I proposisjonen er det greitt gjort greie for partsforhandlingar, mekling og verknader av konflikten.

       Fleirtalet viser til grunngjevinga frå Regjeringa: Ein stans i produksjonen på norsk sokkel vil ha alvorlege økonomiske og samfunnsmessige konsekvensar. Fleirtalet støttar altså Regjeringa sitt forslag. SV si grunngjeving for å gå imot forslaget går fram av SV sine merknader i innstillinga.


Presidenten: Flere har ikke bedt om ordet i sak nr. 5.

       (Votering, se side 87)