Lenke til Stortingets hovedside  

Odelstinget
Møte fredag den 18. mars kl. 11.20 2005





Sak nr. 2
Innstilling frå familie-, kultur- og administrasjonskomiteen om lov om endringar i lov 18. mai 1990 nr. 11 om stadnamn m.m. (Innst.O.nr.59 (2004-2005), jf. Ot.prp.nr.42 (2004-2005))



TALERE:


       Eli Sollied Øveraas (Sp) [11:23:53]
(ordførar for saka):

       Stadnamnlova skal ta vare på stadnamn som kulturminne, gi dei ei praktisk og tenleg skriftform og medverke til kjennskap til og aktiv bruk av namna.

       I den framlagde proposisjonen frå Regjeringa er det lagt vekt på å endre lova slik at saksbehandlinga vert enklare, og at det vert gitt klarare og meir høvelege og funksjonelle føresegner.

       Komiteen støttar intensjonane i proposisjonen om ei forenkling og forbetring av stadnamnlova. Det er viktig å ta vare på den delen av kulturarven som stadnamna utgjer. Dette gjeld som grunnlagsmateriale for kultur- og busetjingshistorisk gransking, og det er også viktig at stadnamn på kart, skilt, i register og i andre offentlege samanhengar får ein formålstenleg skrivemåte. Skrivemåten av stadnamn i offentleg bruk har ofte skapt engasjement og debatt.

       Det er gjennom mange år samla inn mange stadnamn. Komiteen støttar departementet i at før ein vurderer behovet for innsamling av stadnamn, må ein få ei oversikt over dei stadnamna som alt er innsamla. Det er ein god idé å vurdere om det nye kompetansesenteret for norsk språk kan koordinere oppgåvene med å utgreie behovet for innsamling og organisering av stadnamnarbeidet.

       Frå vi fekk stadnamnlova har 25 % av klagesakene dreia seg om bruk av bunden eller ubunden form. Denne regelen har vore praktisert strengt, og fleirtalet støttar forslaget om ei oppmjuking av regelverket på dette punktet.

       Fleirtalet støttar òg presiseringa i proposisjonen om at bunden form skal gjennomførast i alle naturnamn dersom den bundne forma er i levande bruk i talemålet. Bunden eller ubunden form kan nyttast i gards- og bruksnamn, tettstadnamn, administrasjonsnamn og kommunikasjonsnamn. Bunden form skal nyttast dersom ho er i levande bruk i talemålet i dag. Den ubundne forma skal nyttast dersom ho er i levande bruk i talemålet i dag og dessutan godt innarbeidd i skrift. Er det usemje, skal ein leggje stor vekt på fråsegn frå eigaren av privat eigedom eller kommunen.

       Komiteen gir vidare tilslutning til at det skal takast inn ein formålsparagraf i lova, og at det geografiske verkeområdet ikkje skal endrast.

       Vidare støttar komiteen forslaget til nye reglar for namnevern og namnsetjing.

       Komiteen støttar ikkje forslaget om å endre § 4 slik at « den nedervde lokale uttalen » vert endra til « den lokale talemålsforma » av namnet. Ein samrøystes komite meiner dette kan opne for ei rad tolkingar, og at påstand vil kunne stå mot påstand, noko som igjen kan føre til fleire konfliktar.

       Komiteen meiner at formuleringa i dagens lov på ein betre måte tek omsyn til stadnamn som verneverdige kulturminne. Dessutan er « nedervd lokal uttale » godt innarbeidd og er ein eintydig term i stadnamngransking og normering.

       Ein samla komite står bak innstillinga om å behalde dagens § 4.

       Alle i komiteen, utanom SV, støttar departementets framlegg om å endre § 6. Endringa vil føre til at talet på vedtaksorgan vert redusert til kommune, fylkeskommune, Statens kartverk og dei som etter lov eller forskrift skal fastsetje skriftnormer. Fleirtalet meiner dette vil kunne føre til ei forenkling og ei betre samordning. Ein skal leggje særleg vekt på synet til eigar eller festar ved normeringa av stadnamn. I gjeldande regelverk er det ikkje føresegner om å ta opp att saker. Komiteen gir tilslutning til forslaget frå departementet om å ta inn ein slik regel for å gi enklare tilgang til ny behandling av ei sak dersom det ligg føre nye opplysningar.

       Komiteen støttar også forslaget til ny § 9, som vil medføre at alle organ for stat, fylkeskommune, kommune og selskap som det offentlege eig fullt ut, skal ta i bruk fastsette skriftnormer.

       Vidare støttar komiteen også forslaget om at samiske og kvenske namn skal nyttast av det offentlege dersom dei er nytta av folk som bur fast på staden eller har næringsmessig tilknyting til han.

       Departementet foreslår i proposisjonen at det vert teke inn ein heimel i § 12, slik at departementet i forskrift kan gi reglar om betaling for informasjon frå det sentrale stadnamnregistret ved Statens kartverk. Komiteen avviser dette og innstiller på at siste ledd i forslaget til § 12 vert stroke.

       Elles anbefaler eg innstillinga.





       Karin S Woldseth (FrP) [11:29:51] : Dette blir nok en stemmeforklaring.

       Med bakgrunn i det jeg sa i mitt innlegg i forrige sak, at man ikke trenger noen særordninger i forhold til lovgivning for norske samer, kan ikke Fremskrittspartiet støtte § 1 andre ledd og heller ikke § 9 andre ledd. Dette er bare for å forklare hvorfor vi stemmer imot disse.





       Ola T Lånke (KrF) [11:30:34] : Det har lenge vært behov for forenklinger og et mer funksjonelt regelverk på det området som omfattes av stadnamnlova.

       Regjeringen har i stor grad fått flertall for sine forslag. Saksordføreren har gjort et grundig arbeid som hun har redegjort godt for, og det er ikke så veldig mye å tilføye. Derfor er det fra min side bare to korte bemerkninger til de punktene vi fra Kristelig Folkepartis side kom til at det var riktig å slutte oss til i saksordførerens endringsframlegg.

       Det ene gjelder hva som skal være utgangspunktet for skrivemåten av stedsnavn. Her var det opprinnelige forslaget å gå ut fra « den lokale talemålsforma ». Saksordføreren gikk inn for å beholde eksisterende lovformulering, som sier at det skal tas utgangspunkt i « den nedervde lokale uttalen ».

       Fra Kristelig Folkepartis side er det viktig å understreke at språket er et bindeledd også til dem som levde før oss. Språket er forbindelsen til våre historiske røtter og er således også å forstå som et viktig kulturminne, og stedsnavn hører hjemme i denne sammenhengen. Det er med og former vår identitet og skaper tilhørighet.

       I en globalisert tid hvor folk flytter mer enn før, folk reiser fra stedet og nye kommer til, blir tradisjonene lett bytte for moderniteten. Derfor er det viktig at det i det minste finnes noe som knytter an til stedet. Av og til føler vi også behov for å forklare opprinnelsen til de ulike stedsnavnene. Fra vår side tror vi at den eksisterende formuleringen, den som brukes i nåværende lov, nemlig den « nedervde uttalen », derfor er bedre egnet til å sikre denne forbindelsen bakover til selve opprinnelsen, altså sikre at stedsnavnene uttrykker det de en gang skulle uttrykke eller betegne.

       Det andre punktet hvor vi også gir saksordføreren vår støtte, er der vi ønsker å markere at innhenting av informasjon fra Sentralt stadnamnregister fortsatt skal være gratis. Vi kan forstå behovet for å kunne ta seg betalt i tilfeller der det dreier seg om større arbeid som krever uthenting av omfattende materiale. Så langt vi imidlertid erfarer, er det i stor grad studenter som er brukere av disse tjenestene, og i de fleste tilfeller dreier det seg ikke om store mengder materiale. Derfor er vi kommet til at vi ønsker å beholde gratisprinsippet også i denne sammenhengen.

       Jeg vil bare til slutt si at denne loven er et viktig kulturpolitisk instrument, og det området loven regulerer, er en viktig del av vår kulturarv, som vi skal stelle omhyggelig med.


Presidenten: Flere har ikke bedt om ordet til sak nr. 2.

       (Votering, se side 425)