Etter at det var ringt til votering i
5 minutter, uttalte
Presidenten: Odelstinget er klar til å
gå til votering.
Votering i sak nr. 1
Komiteen hadde innstillet til
Odelstinget å gjøre slike vedtak:
A. Lov
om supplerande stønad til personar med
kort butid i Noreg
Kapittel 1. Formål - definisjonar
§ 1 Formålet med lova
Formålet med lova er å garantere ei
minste samla inntekt for personar med liten eller ingen pensjon frå
folketrygda på grunn av kort butid i Noreg.
§ 2 Definisjonar
Med grunnbeløpet meiner ein i lova her
grunnbeløpet etter folketrygdlova § 1-4.
Med ektemake meiner ein i lova her
personar som er gifte etter ekteskapslova og som bur saman i eitt hushald,
personar som bur saman som ektefolk utan å vere gifte med kvarandre, og
registrerte partnarar som bur saman i eitt hushald.
Kapittel 2. Personkrins - opphald i utlandet
§ 3 Kven som kan få stønad
Supplerande stønad vert gitt til
personar som har fylt 67 år og som er busette i Noreg. Ein person vert
rekna som busett dersom han eller ho er registrert i folkeregisteret og har
opphaldsløyve som gir grunnlag for busetjing i riket.
Familiemedlemer i oppstigande linje
som har fått opphaldsløyve av di dei er forsørgde av personar som oppheld
seg her, kan berre få supplerande stønad for tidsrom etter at dei har fått
løyve til fast busetjing i Noreg.
§ 4 Opphald i utlandet
Retten til supplerande stønad fell
bort når ein person oppheld seg eller har tenkt å opphalde seg i utlandet i
meir enn tre månader i samanheng eller i meir enn tre månader i alt i eit
kalenderår.
Dersom opphaldet i utlandet er meint å
vare i meir enn tre månader i samanheng, fell ytingane bort frå og med
månaden etter den månaden då opphaldet i utlandet tok til. I andre tilfelle
fell ytingane bort frå og med månaden etter den månaden då vedkomande hadde
vore i utlandet i tre månader eller summen av utanlandsopphalda i eit
kalenderår utgjer tre månader.
I tilfelle som går inn under andre
leddet andre punktumet kan ytingar bli gitt for lengre tid enn nemnd dersom
stønadstakaren legg fram dokumentasjon på at han eller ho ikkje kunne vende
attende til Noreg på grunn av eigen sjukdom.
Kapittel 3. Fastsetjing av ytingar
§ 5 Full supplerande stønad
Full supplerande stønad skal vere
| a) | 1,7933
gonger grunnbeløpet for einslege stønadstakarar |
| b) | 2,2933
gonger grunnbeløpet for personar med ektemake under 67 år |
| c) | 1,6433
gonger grunnbeløpet for kvar av ektemakane når begge har fylt 67 år. |
Ytingane etter første leddet
bokstavane a til c skal aukast med 40 prosent av grunnbeløpet per barn under
18 år som personen forsørgjer og bur saman med i eitt hushald. Dersom begge
ektemakane har fylt 67 år, skal auken gå til den av dei som har lågast
inntekt (sjå § 6 første leddet).
Eit barn vert rekna å forsørgje seg
sjølv dersom det har inntekt som nemnd i § 6 første leddet, og inntekta er
høgare enn grunnbeløpet.
Dersom ein ektemake under 67 år
oppheld seg i utlandet i lengre tid enn fastsett i § 4, skal ytinga til
stønadstakaren fastsetjast etter første leddet bokstav a. Tilsvarande fell
retten til tillegg for forsørgt barn bort når barnet har utanlandsopphald
som nemnd. Reglane i § 4 gjeld tilsvarande med omsyn til tidspunktet for
omrekning av ytingane etter første og andre punktumet.
§ 6 Inntekt som går til frådrag i supplerande stønad
Full supplerande stønad skal setjast
ned med
| b) | pensjon
frå folketrygda |
| c) | andre
norske offentlege eller private pensjonar |
| d) | utanlandske
offentlege eller private pensjonar |
Det skal reknast med slik inntekt hos
stønadstakaren sjølv så vel som hos ektemaken. Dersom begge ektemakane har
fylt 67 år, skal inntekt hos den eine ektemaken berre inngå ved prøvinga av
ytingane til den andre ektemaken med den delen som overstig full supplerande
stønad etter § 5 første leddet bokstav c.
§ 7 Utmåling av supplerande stønad
Supplerande stønad vert gitt dersom
full supplerande stønad etter § 5 er høgare enn inntektsgrunnlaget etter §
6. Stønaden skal utgjere differansen mellom desse beløpa.
§ 8 Formue
Dersom ein søkjar eller ektemaken har
så stor formue at det ville vere urimeleg å gi supplerande stønad, kan ein
gi avslag på søknaden. Som formue vert ikkje rekna vanleg bustad eller
vanlege ting til dagleg bruk.
Departementet kan gi forskrift til
utfylling av reglane i paragrafen her.
§ 9 Låge stønadsbeløp
Supplerande stønad vert ikkje gitt
dersom ytinga ville utgjere eit mindre beløp enn to prosent av full
supplerande stønad etter § 5 første leddet bokstav a utan tillegg for
forsørgde barn.
§ 10 Endringar
Fastsett stønad skal setjast opp eller
ned dersom det skjer endringar i inntektene eller dei andre tilhøva som er
lagt til grunn ved fastsetjinga av stønaden, og dette fører med seg ei
endring av stønaden med minst 10 prosent.
§ 11 Stønadsperiode og utbetaling
Supplerande stønad vert gitt for ein
periode på 12 månader. Stønadstakaren kan søkje om forlenging av ytingane
med 12 månader om gongen.
Stønad vert gitt frå og med månaden
etter den månaden då vilkåra for ytinga var oppfylte, men ved forlenging av
stønadsperioden som nemnd i første leddet tidlegast frå og med månaden etter
utløpet av den siste stønadsperioden. Dersom retten til ytingar fell bort
av andre grunnar enn at stønadsperioden løper ut, vert ytingar gitt til og
med den månaden då retten fall bort.
Dersom ei endring som nemnd i § 10
fører til at stønaden vert sett opp, gjeld dette frå og med den månaden då
endringa skjedde. Dersom ytinga vert sett ned, får dette verknad frå og med
månaden etter den månaden då endringa skjedde.
Supplerande stønad vert ikkje gitt for
lengre tid attende enn tre månader før den månaden då søknaden om ytingar
vart sett fram. Renter vert ikkje gitt. Rentetap eller ytingar for
tidlegare månader enn tre månader før søknadsmånaden kan heller ikkje
krevjast erstatta med heimel i skadeserstatningslova eller i alminnelege
erstatningsrettslege reglar.
Dersom det er utbetalt økonomisk
stønad etter sosialtenestelova kapittel 5 i periodar som det vert
etterbetalt supplerande stønad for, skal det gjerast frådrag i
etterbetalinga tilsvarande den økonomiske stønaden.
Stønaden vert utbetalt i månadsbeløp
før utgangen av den einskilde månaden. Månadsbeløpa vert avrunda til den
næraste heile krona.
§ 12 Opphald i institusjon mv.
Personar som er innlagde i institusjon
der opphaldet vert dekt av det offentlege, har ikkje rett til supplerande
stønad for tidsrom etter at opphaldet har vara i ein kalendermånad utover
den månaden då han eller ho vart innlagt.
Reglane i første leddet gjeld
tilsvarande ved opphald i fengsel mv.
§ 13 Tilbakekrevjing
Supplerande stønad som er utbetalt
utan at vilkåra for det var oppfylte, skal krevjast attende dersom den som
fekk utbetalinga forsto eller burde ha forstått at utbetalinga grunna seg på
ein feil. Vedtak om å krevje tilbake slike beløp er tvangsgrunnlag for
utlegg.
Beløp som skal krevjast tilbake etter
første leddet, kan avreknast i framtidige terminar av supplerande stønad
eller andre ytingar til livsopphald som vert administrerte av trygdeetaten.
Avrekninga kan ikkje utgjere meir enn 10 prosent av dei aktuelle
terminbeløpa.
Beløp som ikkje vert innkravde etter
andre leddet, kan innkrevjast etter reglane i bidragsinnkrevjingslova.
§ 14 Finansiering
Utgiftene som trygdeetaten har til supplerande stønad og til administrasjon
av ordninga vert dekte av statskassa. Pengane som trengst til dekning av
utgiftene skal overførast til Rikstrygdeverket på forskot, og seinast på det
tidspunktet utbetaling skal skje. Trygdeetaten skal føre særskilt rekneskap
over pengane som vert overførte til dekning av supplerande stønad.
Kapittel 4. Saksbehandling mv.
§ 15 Tilhøvet til forvaltningslova
Reglane i forvaltningslova gjeld for
handsaminga av saker om supplerande stønad, med dei unntaka som går fram av
lova her.
§ 16 Avgjerd etter lova
Saker om ytingar etter lova vert
avgjorte av Rikstrygdeverket, som kan delegere avgjerda til anna organ i
trygdeetaten.
§ 17 Søknad
Søknad om supplerande stønad skal
setjast fram for trygdekontoret på bustaden til søkjaren på skjema fastsett
av Rikstrygdeverket. Søkjaren skal møte personleg på trygdekontoret.
Trygdekontoret skal hjelpe søkjar med utfyllinga så langt dette er naudsynt.
§ 18 Plikt til å gi opplysningar
Ein person som søkjer om supplerande
stønad, har plikt til å gi dei opplysningane og levere dei dokumenta som
trygdeetaten treng for å vurdere om han eller ho har rett til ytinga. Den
som får supplerande stønad, skal gi melding til trygdeetaten om endringar i
alle tilhøva som verkar inn på retten til eller storleiken på ytinga.
Trygdeetaten kan krevje at ein person
som får supplerande stønad gir dei opplysningane og leverer dei dokumenta
som trygdeetaten treng for å kontrollere storleiken på stønaden eller om han
eller ho framleis har rett til ytinga.
Dersom ein søkjar eller stønadstakar
ikkje legg fram dokumentasjon som trygdeetaten har bedt om, kan ein søknad
om ytingar bli avslått, og ytingar som er gitt kan haldast attende. Det
same gjeld dersom søkjaren gir uriktige opplysningar som er viktige for
retten til eller storleiken på ytinga eller let vere å gi slike
opplysningar.
§ 19 Henting av opplysningar mv.
Trygdeetaten kan krevje at
likningsetaten eller skattefogdane gir opplysningar om inntekts- og
formuestilhøva for ein person som søkjer om eller har fått supplerande
stønad. Dette gjeld òg i høve til tidlegare likningar.
Ved behandlinga av krav om ytingar
etter lova, og ved kontroll av ytingar som er gitt, har trygdeetaten rett
til å få nødvendige opplysningar frå sosialtenesta, politiet, andre
offentlege organ, arbeidsgivar, bankar, forsikringsselskap og private
pensjonsordningar.
Trygdeetaten kan påleggje
helseinstitusjonar, fengsel og andre institusjonar å gi rutinemessige
meldingar når klientar vert innlagde eller utskrivne.
Dei som vert pålagt å gi opplysningar,
har plikt til gjere dette utan ugrunna opphald og utan hinder av teieplikt.
Dei kan ikkje krevje vederlag for å gi opplysningane.
§ 20 Opplysningar om ektemaken
Ektemaken til ein person som søkjer om
eller får supplerande stønad etter lova, har plikt til å gi opplysningar om
inntekts- eller formuestilhøva sine etter reglane i § 18. Reglane i § 19
gjeld tilsvarande i høve til henting av slike opplysningar.
§ 21 Kontroll
Rikstrygdeverket kan bestemme at saker
om supplerande stønad skal få ei ny vurdering med fastsette mellomrom, og
kan gi reglar om korleis slik etterprøving skal gjennomførast.
Departementet kan gi forskrift om
tiltak med sikte på å kontrollere at vilkåra i § 4 er oppfylte eller om ein
stønadstakar har hatt opphald i utlandet i strid med reglane. Forskrifta
kan bestemme at ein stønadstakar skal møte personleg på trygdekontoret
inntil to gonger i året og vise pass eller anna reisedokument.
§ 22 Anke til Trygderetten
Vedtak om supplerande stønad etter
lova her kan ankast inn for Trygderetten. Reglane i folketrygdlova § 21-12
gjeld tilsvarande så langt dei høver.
§ 23 Andre reglar om saksbehandling
Reglane i folketrygdlova §§ 20-8,
21-9, 21-10, 21-11, 22-1, 22-6 og 22-18 gjeld tilsvarande så langt dei
høver.
Kapittel 5. Ikraftsetjing
§ 24 Når lova tek til å gjelde
Lova tek til å gjelde frå det
tidspunktet Kongen bestemmer.
Presidenten: Fremskrittspartiet har i
debatten varslet at de går imot.
Votering:
Komiteens innstilling bifaltes med 57 mot 11 stemmer.
(Voteringsutskrift kl.
21.14.57)
Presidenten: Det voteres over lovens
overskrift og loven i sin helhet.
Presidenten regner med at
Fremskrittspartiet også her vil gå imot.
Votering:
Lovens overskrift og loven i sin helhet bifaltes med 58 mot 11
stemmer.
(Voteringsutskrift kl.
21.15.25)
Presidenten: Lovvedtaket vil bli sendt
Lagtinget.
Videre var innstillet:
B.
Stortinget ber Regjeringa leggje fram
ei vurdering av følgjene av lov om supplerande stønad to år etter
iverksetjing.
C.
Stortinget ber Regjeringa vurdere om
lov om supplerande stønad skal utvidast til å gjelde andre grupper enn
personar over 67 år.
D.
Stortinget ber Regjeringa iverksetja
lov om supplerande stønad til personar med kort butid i Noreg utan uttrekk i
rammeoverføringane til kommunane.
Presidenten: B, C og D blir i samsvar
med forretningsordenens § 30 fjerde ledd å sende Stortinget.